Kvalheim krins 1861 Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Kvalheim krins låg opphavleg i Selje kommune. I 1910 vart krinsen ein del av nye Nord-Vågsøy kommune. Ved kommunereguleringa i 1964 vart kommunane Nord-Vågsøy, Sør-Vågsøy og delar av Davik kommune slegne saman til Vågsøy kommune.
Under krinsreguleringa i 1861 vart Indre- og Ytre Kvaleheim i tillegg til Myra lagt til Kvalheim krins. Krinsen hadde då 30 elevar. Skulestove og kost skulle haldast hjå Ole Myre. Tilsynsmann var Peder Nilsen Ytre-Kvalheim.
Kvalheim krins fekk skulehus i 1911 og var for det meste ein todelt skule, utanom tidsrommet 1938-1945, då var den tredelt.
I 2003 vart Kvalheim krins lagt ned og elevane sendt til Raudeberg skule Les mer …
Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter. Les mer …
Hovudmål for åtaket i Florø skulle vere kjøle- og eller fryseanlegg, Shell sine oljetankar og hermetikkindustri. Operasjon Kitbag var eit militært åtak retta mot Florø i Sogn og Fjordane. Første forsøket på å gjennomføre åtaket fann stad i desember 1941, men dette mislukkast. Ein redusert versjon av Operasjon Kitbag vart likevel gjennomført i januar 1942. I tre timar heldt fartøya seg i indre farlei, og delvis inne ved Florø. Dei opna kanoneld mot fartøy ved kai på Florø hamn og mot bygningar på land. I følgje sluttrapporten til Chiefs of Staff frå Lord Mountbatten, signert den 8. januar skal det ha blitt senka to trålarar som låg ved hermetikkfabrikken. Vidare skal denne bedrifta ha vorte tilført skade, og utanfor Florø vart eit skip senka. Les mer …
Livius Smitt Foto: Sogn og Fjordane fylkesleksikon
Livius Smitt (fødd 8. oktober 1840 i Vinje i Telemark, død 4. mars 1890 i Brevik) var sakførar, redaktør og politikar. Frå våren 1866 var Smitt fullmektig hjå sorenskrivaren i Hardanger og Voss, og hausten 1867 fekk han autorisasjon som overrettssakførar og busette seg i Florø. Her kom han raskt inn i lokalpolitikken. I 1868-69 var han formann i matrikuleringskommisjonen for Sunnfjord og Nordfjord futedøme, og i 1872 valde amtsformannskapet han inn i direksjonen for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, der han sat til 1881. Som styremedlem i dampskipsselskapet hadde han møterett i amtstinget, og her markerte han seg som den sterkaste motstandaren mot å selje selskapet til private.
Som 34-åring vart Smitt i 1874 ordførar i Florø, eit verv han hadde så lenge han budde i byen (til 1881). I 1874 sette han òg i gang Nordre Bergenhus Amtstidende, den fyrste avisa i fylket, og med nokre opphald redigerte han avisa til 1879. Han sat òg i amtsskattekommisjonen 1875-81. Les mer …
|