Skoltesamiske båtar inkluderer skoltebask — eit namn som viser til relativt lette og korte elvebåtar for bruk i breie og rolige elvar, så vel som litt større båtar til bruk i inste fjordstrøk; og veenâs — noko større fjord- og havfiskebåtar. Skoltebåtane har til felles at bordgangane gjerne er sydd heller enn klinka, at det enkle, symmetriske råseglet, når det blir brukt, gjerne er breiare oppe enn nede, og at båtromma er relativt småe. Dei største båtane blant skoltesamar og andre austsamar så vel som russarar på Kolahalvøya var sjnjaka — store og grovbygde, opne båtar med lengd på kring 7–12 meter og éi til to mastrer, der stormastra var råsegl- eller spriseglrigga og mesanmastra, når ho fanst, var gaffelrigga. Les mer …
Skoltesamisk (skoltesam. sääˊmǩiõll, nuõrttsää’m, nuõrttsää'mǩiõll) er det nordvestligaste av dei austsamiske språka. Det historiske utbreiingsområdet inkluderer først og fremst Sør-Varanger kommune i Noreg, nordlige delar av Enare kommun i Finland, og Petsjengskaja rajon og Kolskij rajon i Russland. Skoltesamisk språk er prega av eit rikt vokalsystem, mykje apokope og suprasegmental palatalisering i ord med apokopert fremre endingsvokal. Språket har 9 kasus, og verba blir bøygd i 4 personar. Skoltesamisk er utdøydd som morsmål i Noreg i dag, og i Russland finst det berre kring 25–30 personar som snakkar språket; men i Enare har språket vorte revitalisert og det finst kring 400 personar som snakkar skoltesamisk der. Det no utdøydde nabospråket akkalasamisk vart stundom rekna som ein skoltesamisk dialekt. Les mer …
Olav T. Kvaale (fødd i Lom 30. september 1895, død same stad 25. januar 1985) var lærar, og gjennom mange tiår ein sentral kulturpersonlegdom i heimbygda si. Han var verksam på mange område, fyrst og fremst som oppsedar av mange kull skuleborn, men også som eldsjel i organisasjonslivet og innan lokalhistorisk arbeid og kulturvern. Han var ein eksponent for norskdomsdyrkinga og den folkelege høgkulturen som hadde sett sitt særpreg på Lom alt frå 1870-åra av. Les mer …
|