Den eldste protokollen i Stavanger lagdømme ble påbegynt i 1637, samme år som Anders Madsen ble lagmann. Foto: Anne Karin Jåsund
Anders Madsen (født 1608, død 26. mai 1661) var lagmann i Stavanger fra 1637 til 1646.Anders Madsen ble i 1633 lovet en bedre stilling når det ble noe ledig. Han fikk i 1636 løfte på det første lagmannsembete som ble ledig i Norge. Bestallingen er datert 16. mai 1637. Anders Madsen ble avsatt ved kongebrev 11. juli 1646. Madsen var beskyldt for å ha satt seg ut over kongelige brev og ordre, at han «Rigens Raads Domme ikke anseet haver, som han billigen burde».
Madsen søkte trass i at han ble avsatt om å bli stiftsskriver i Bergen. Stattholderen, Hannibal Sehested, støttet søknaden fordi han mente Madsen hadde handlet mer av tankeløshet enn av ond vilje. Han var stiftsskriver og byskriver i Bergen senest fra 1648. Etter 1653 var han bare stiftsskriver. Les mer …
Lars Andreas Oftedahl (fødd i København 13. el. 19. mai 1781, død i Eiker 17. mars 1843), var teolog (sokneprest og prost), lærar og eidsvollsmann. På Eidsvoll vart han rekna til Unionspartiet. Han var ein utprega opplysningsprest, rasjonalistisk i teologien og orientert mot praktiske reformer i samfunns- og produksjonsliv. Førenamnet blir også ofte skrive Laurentius.
I Rennesøy gjorde Oftedahl seg til talsmann for å starte opp igjen og vidareutvikle hummarfiske i sjøen der, som hadde vore drive i eit visst omfang tidlegare, men som hadde lege nede i mange år. Frå ca. 1814 tok det seg opp att, og soknepresten arbeidde ivrig for at dette skulle bli ei næring til beste for bygda, ikkje minst for dei mindre velståande strandsitjarane, husmenn og andre fattigfolk.
Han arbeidde elles hardt for å betre skulestellet i bygda, mellom anna ved å gje systematisk undervisning av ungdomar som skulle bli lærarar der. I 1813 fekk han i gang ein fastskule i Rennesøy i eit hus som han fekk bygd for føremålet. Det var ein framhaldsskule, dvs eit påbygg på allmugeskulen. Den var berre for gutar, som fekk undervisning i naturkunnskap, historie, morsmål og rekning. Skulesesongen vara frå mai til september. Elevar som ikkje hadde heime i nærleiken, budde i andre etasjen i skulehuset eller leigde seg inn hjå familiar i grannelaget. Skulen var i verksemd til 1821, da læraren der døydde. Les mer …
Utstein kloster, 2006. Foto: Frode Inge Helland Utstein kloster ligg på Klosterøy, den vestlege delen av Mosterøy i Stavanger kommune. Klosteret var for augustinarkannikar og vigd til St. Laurentius. Utstein er det best bevarte klosteret frå mellomalderen i Norge, men det har også mange trekk frå tida som herregard og frå restaureringsarbeid på 1900-talet. Staten kjøpte klosterkyrkja i 1899, og i 1935 overtok Nevnden for Utstein Klosters bevarelse (seinare Stiftelsen Utstein Kloster) heile klosteranlegget. Utstein kloster er eit mykje besøkt turistmål, og her vert ofte arrangert seminar, konferansar og konsertar. Les mer …
Søren Georg og Anne Marie Abel. Silhuetten blei laga av venen deira Peder Mandrud Tuxen.
Anne Marie Abel f. Simonsen (døypt 5. januar 1781 i Risør, død 23. desember 1846 i Gjerstad) var prestefrue i Finnøy og Gjerstad. Ho var kjøpmannsdotter, ho var gift med den populære og forstandige presten Søren Georg Abel, og ho var mor til mellom anna matematikaren Niels Henrik Abel. Ein skulle tru det var oppskrifta på eit godt og lukkeleg liv, men kjøpmannen gjekk konkurs, presten hamna i vanære og matematikarsonen døydde ung. Når Anne Marie allereie før desse problema hadde byrja søkje lukka i botnen av ei flaske, blir dette for ein stor del ei trist livshistorie. Les mer …
Halvard Bjørkvik (fødd 9. oktober 1924, død 17. juni 2021 i Lillesand) var historikar og museumsmann. Han var særleg kjend for si forsking innan eldre norsk agrarhistorie, for sin faglege og organisatoriske innsats for norsk lokalhistorie og som direktør ved Norsk Folkemuseum. Bjørkvik var fødd og oppvaksen i Finnøy i Rogaland. Foreldra var arbeidar Johannes Bjørkvik og lærar Elisabeth Varland. Halvard Bjørkvik var gift med lokalhistorikaren Randi Bjørkvik, fødd Kleiven frå Vågå (1918-2007). Halvard Bjørkvik tok eksamen artium ved Voss landsgymnas i 1945. Han fullførte sitt filologiske embetsstudium ved Universitetet i Oslo i 1951, med fagkrinsen tysk og norsk bifag og historie hovudfag. Allereie hovudoppgåva Jord-eige og jordleige i Ryfylke i eldre tid var eit viktig bidrag til forståinga av det gamle skyldeigesystemet i Noreg. Les mer …
|