Anders Skipnes (1883-1979) var ein fiskarbonde, lokalpolitikar og lyrikar frå Skipneset i Aure kommune på Nordmøre. I 1908 vart han gift med Nella Feren frå Leksvika, og i 1909 tok han over heimgarden Skipnes. Han flytta etter kvart til Trondheim, der han døydde. Anders fekk den fyrste motorbåten sin i 1910; han vart døypt «Fiskaren». Elles dreiv Anders med blant anna sal av klippfisk. Anders Skipnes var ein aktiv lyrikar, og skreiv mange dikt og songar. Han er mellom anna forfattar av «Heimbygda Stemshaug». Les mer …
«Heimbygda Stemshaug» er ein bygdesong skriven av Anders Skipnes. Songen kan syngjast på to melodiar: «Det ligger et land» eller «De nære ting». Songteksten tek oss med på ei vandring gjennom det området som frå 1914 til 1965 var Stemshaug kommune. Det blir gjeve skildringar av historie, natur, folke- og næringsliv. Les mer …