Forside:Tustna

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: Hustadvika • Sunndal • Tingvoll • Gjemnes • Averøy • Kristiansund • Surnadal • Smøla • Aure • Heim • Rindal
TIDLIGERE KOMMUNE: Tustna • Stemshaug

Om Tustna
Satellittfoto av den tidlegare Tustna kommune. Tustna er den store øya kring midten og til venstre i bildet.

Tustna var den største og mest folkerike øya i den tidlegare Tustna kommune. Sidan kommunesamanslåinga den 1. januar 2006 har øya vore ein del av Aure kommune. Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på» + akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:

  • «E ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
  • «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)

Namnet vart oftast skrive Tusteren på dansk på 1800-talet. På nederlandske kart og bøker frå 1600-talet finst namnet i forma Toster Poster, Ooster Poster og Toester. Det er vel rimeleg å tenkje seg at Toster Poster er ei feiltolking av ei (ukjent) eldre kjelde med namn Toster Þoster. Ein antek at namnet kjem av norrønt Þústr (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.   Les mer ...

 
Smakebitar
Jonas Knudsen Moe (født 16. desember 1759, død 19. mai 1831) var gårdbruker på Linvågen i Tustna. Han var representant på Det første ordentlige Storting 1815-16. Jonas Moe var født på gården Mo i Ålvundeidet i det nåværende Sunndal kommune, som barn av Knut Larsen og Marit Pedersdatter. I 1788 reiste han til København der han gjorde tjeneste i kongens livgarde. Han ble i København til 1795 og kom hjem som underoffiser. I 1798 giftet han seg med Anne Christensdatter. Hun var datter av Christen Olsen som var bruker i Linvågen. Samme år overtok Jonas bygselen på gården. I 1814 var Jonas Moe valgmann fra sitt prestegjeld, og han ble valgt som første varamann fra Romsdals amt. Han møtte imidlertid ikke på Eidsvoll. Til det overordentlige storting høsten 1814 var han andre varamann. I 1815 ble han valgt som representant nummer to, av fire, til det første ordentlige storting.   Les mer …

Hammarsunda på Tustna i april 2014.
Foto: Olve Utne
Trefningane den 8. og 9. april 1537 var dei siste trefningane mellom den flyktande erkebiskopen av Nidaros. Olav Engelbrektsson, og den danske militærmakta ved Norskekysten. Det er uklart om denne trefninga fann stad i Hammarsunda på Tustna eller i Sveggesundet på Averøya. Den aller siste trefninga fann stad ute i Nordsjøen dagen etter, den 10. april. Olav Engelbrektsson la ut frå Steinvikholmen med dei tre nederlandske skipa med leigesoldatar den 1. april, og dei segla ut Trondheimsfjorden og plyndra Austrått. Dei segla så utover Trondheimsleia. Ved trefninga omkom Herman buskut den 8. april, og Hubert skipmand omkom den 9. april. Skipa segla så utover Nordsjøen, der det kom til trefningar att den 12. og 17. april.   Les mer …

Finvêr på Edøyfjorden. Vi ser sjølve Edøy-garden og Edøykyrkja i bakgrunnen.
Foto: Olve Utne
Edøyfjorden er den yttaste delen av Trondheimsleia og ligg mellom Solværet, Kuli og Edøya utom leia og Tustna, Solskjel, Ertvågsøya og Grisvågøya innom leia. Edøyfjorden utgjer den «sørlege» (eigentleg vestlege) inngangen til den hovudsakleg innaskjers Trondheimsleia frå Griphølen og Talgsjøen. Vidare «nordover» (eigentleg austover) dannar den inste delen av Ramsøyfjorden mellom Smøla og Hitra overgangen til den delen av leia som berre blir kalla Trondheimsleia. Edøyfjorden har vore strategisk viktig i alle fall frå vikingtida av. Vi kan som eksempel nemne slaga ved Solskjel kring 900; slaget ved Solskjel i 1206; Edøya som lenssete på 1300-talet; trefninga i Hammarsunda 9. april 1537; dei tyske forsvarsstillingane frå andre verdskrigen ved Edøy gamle kyrkje; og Shetland-Larsen si minelegging av Edøyfjorden med MK «Nordsjøen» i 1941.   Les mer …

Skulehuset frå 1952.
Foto: Olve Utne
Leira skole er ein skule for 1.-4. årskull, lokalisert på Leira på yttersida av Tustna i Aure kommune. Skulen tilbyr SFO og leksehjelp, og dessutan er førskuleavdelinga av Steinhaugen barnehage lokalisert der. Den første skulebygninga på Leira vart bygd i 1875. I 1952 vart det bygd nytt skulehus på staden. Fram til 1960 vart skulen også bruka som lokale for framhaldsskulen på Tustna.   Les mer …

Tunet i Blomtuå.
Foto: Olve Utne
Blomtua eller Blomtuå (IPA ["bɽɷm:ˌtʰʉ:ɔ:] (nominativ/akkusativ), ["bɽɷm:ˌtʰʉ:ɔɲ:] (dativ)) er ein matrikkelgard på Stabblandet i Aure kommune på Nordmøre. Garden ligg på vestsida av Imarsundet og grensar til Karlsvika i sør og Fuglsnes i nord. Det meste av tida har Blomtuå vore driven som éin gard.   Les mer …

Lagsnaustet og lagsbåten Havhesten, ein geitbåt-honnfemring.
Foto: Olve Utne
(juni 2017)
Kystlaget Geitbåtens Venner er eit kystlag med base på Tustna i Aure kommune på Nordmøre. Laget vart stifta den 10. april 1991 — da med 14 tustningar som medlemmar. I ettertid har laget vakse til kring 50–60 medlemmar frå Sør- og Midt-Noreg. Laget fekk tomt på området til Kråksundet notnaust og sjøbruksmuseum, og dei har bygd eit nordmørsk stavlinenaust på 8×12 m som vart ferdigstilt i mai 1998.   Les mer …
 
Kategoriar for Tustna


 
Andre artiklar