Forside:Hallingdal

Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 23:03 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Akershus • Buskerud • Østfold
DISTRIKT: Eiker • Hallingdal • Numedal • Ringerike
KOMMUNE: Flå • Gol • Hemsedal • Hol • Nesbyen • Ål

Om Hallingdal
"Dragt fra Naes i Hallingdal og fra Flaae ditto".

Hallingdal er eit dalføre i Viken fylke (før 1. januar 2020 i Buskerud). V-dalen følgjer for det meste Hallingdalsvassdraget. Som distrikt omfattar Hallingdal kommunane Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Historisk var dette området Hallingdalens futedøme, og det er no rettsområde for Hallingdal tingrett.

Den nordvestlege delen av Hallingdal har hatt sterk tilknyting til Vestlandet, medan dei sentrale og sørlege delene har vore knytte til Austlandet og spesielt til Ringerike. Da Bergensbanen opna, vart heile dalen i sterkare grad knytt til Austlandet.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Innsjøen Krøderen og jernbanestrekningene ved innsjøens innløp/utløp.
Krøderen, eller Krøderfjorden som mange kaller den, starter ved Hallingdalselvas munning ved Gulsvik i Flå kommune, sør i Hallingdal. Innsjøen ligger 133 meter over havet, er om lag 41 km lang, har et areal på 42,88 km² og utløpet av sjøen skjer i Snarumselva i sørenden av innsjøen, ved tettstedet Krøderen.I tida før dampmotoren ble folk og varer rodd langs fjorden sommerstid og fraktet med hest og slede på isen vintertid. Sommerveiene var dårlige, det var vognene og kjerrene også, så det meste av transporten skjedde vinterstid. Det var vei over Ringnesåsen på vestsida fjorden, men den tålte ikke store lass. Langs østsida av fjorden var det ikke kjørevei i det hele tatt.   Les mer …

Aagot Noss førebur utstillinga Folk og klede på Norsk Folkemuseum i 1994.
Foto: Bjørg Disington/Norsk Folkemuseum
(1994)
Aagot Noss (fødd 9. oktober 1924 på Ål i Hallingdal, død 5. april 2015 i Oslo) var ein nestor innan folkedraktforskinga her til lands og utmerka seg også internasjonalt. I nesten førti år var ho konservator ved Norsk Folkemuseum, og i desse åra dreiv ho eit omfattande redningsarbeid for folkedraktene og tradisjonane rundt dei. Ho samla, teikna, fotograferte, filma og katalogiserte, men ho presenterte også materialet i talrike artiklar og bøker, foredrag og utstillingar. Få, om nokon, hadde breiare og djupare kunnskap om norske folkedrakter enn ho.   Les mer …

Stølen Nordre Tuva i 1916. Birgit Flatåker med borna Margit, Anne, Svein, Georg og Olav.
Foto: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv.
Tuva turisthytte ligg på 1186 moh. sør for Tuvenuten, Hol kommune, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 20 senger og 20 sovesalsplassar (2015). Både sumar og vinter er ho også serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta på sumarstid og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo. Turisthytta ligg om lag ti km frå Ustaoset stasjon.

Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva, som ligg litt opp i bakken for turisthytta. På eigedomen står i dag (2015) stølsbua frå 1800-talet med stall og ein grunnmur etter fjøset. Ruinar etter ei steinbu, antakeleg brukt som feleger, ligg lenger vest. I området finst også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Desse har truleg vore brukte i samband med fedrift. Stølshusa og bygga som høyrer til turisthytta ligg i midtre teigen.

I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige.   Les mer …

Stølen Steintjønnbotten (også kalla Botten, gnr 54, bnr 7) låg nord for Steinvika, vestafor Uggen på Ustaoset i Hol kommune. Lars Torsteinson Heggeset, Kvisla, kjøpte den i 1892 av Margit Knutsdotter øvre Sand, også Kvisla, som i mange år sat som enkje på garden. Han har nok selt stølen vidare til Per Mikkelson Vindegg Bakkegard, Kvisla, for Per selde han i 1905 til Gunvald Larson Luten, Lio, som igjen bytte han bort til Knut Knutson Øyo, også Lio. Stølen hadde då lege øyde i mange år, men Knut fekk bygd både buer, lu og fjøs ved sida av den gamle steinbua. Sander Olson Fossgård og kona Gro, som rydda garden Fossli, Lio, kring 1916, leigde Steintjønnbotten av Thomas Knutson Øyo og støla der i 12 år. Stølsbua og fjøset er i dag (2012) ombygde til hytter.   Les mer …

Harald B. Knutsen (fødd i Hallingdal i 1970) er ein norsk folkemusikar og spelemann som er busett i Setesdal. Han har leia Agder Folkemusikkarkiv sidan det blei oppretta i 1999. Det kan seiast å vera eit framhald av arbeidet han tok til med då han som 19-årig lærarvikar byrja leite etter gamle opptak, tradisjonar og historier. Harald B. studerte ved Høgskulen i Telemark si folkemusikkavdeling på Rauland, og enda det studiet i 1992 med ei oppgåve om å spela på kappleik, før han gjekk vidare og studerte kulturfag i . I 1993 fekk han Sagaprisen, og med den Magne Myhren som lærar. I åra 1997-98 arbeidde han som folkemusikkonsulent i Buskerud. Harald B. har og vore i styret for Norsk Folkemusikk og -Danselag i to periodar.   Les mer …

Motiv frå Hemsedal, Hydnefossen.
Foto: Stig Rune Pedersen (1999).
Hemsedal er ei fjellbygd i Hallingdal i Buskerud fylke. Ho samsvarar geografisk med Hemsedal kommune, eigen kommune sidan 1897, og er den nørdste bygdi og kommunen i fylket. Senteret i bygdi er Trøim (eller Trøym), som er både kommunesenter og kyrkjestad, og som har mykje av det lokale forretningslivet. Tettstaden hadde 774 innbyggjarar i 2012. Dessutan bur det ein del folk i grendene Tuv og Ulsåk. Kyrkjeleg svarar bygdi til Hemsedal sokn, som frå gamalt av har høyrt til Nes prestegjeld, seinare Gol prestegjeld. Geografisk fell bygdi saman med mesteparten av Hemsedalen, som er ein sidedal til Hallingdalen. Hemsedalen har også ein del sidedalar, og ved Tuv deler dalen seg i Grøndalen og Mørkedalen. Her renn Grøndøla og Mørkedøla saman og dannar Hemsil. Ifylgje Store norske leksikon er det Hemsa, eit eldre namn på Hemsil, som har gjeve dalen namnet sitt - medan Sophus Bugge utleda namnet frå hemsa, hefnsa, hofn, som tyder «hamnegang». Lokalt kallast Hemsil også Åné. Ved grensa åt Gol kommune ligg Hemsil på om lag 550 meter over havet, og dette er det lågaste punktet i kommunen. Hemsedal er elles ei utprega fjellbygd, åtti prosent av arealet ligg over 900 meter over havet. Høgste punktet i kommunen er Høgeloft, på 1920 meter over havet, andre høge fjell er Raudebergnuten og Skogshorn (Skogshødn) på høvesvis 1818 og 1728 meter over havet. Hovudnæringi er jordbruket, framfor alt husdyrhald. Hovudvegen gjennom dalen er riksveg 52, som bind saman riksveg 7 (ved Gol) og europaveg 16 (ved Borlaug i Lærdal kommune).   Les mer …
 


 
Kategoriar for Hallingdal
 
Andre artiklar