Ole Vilberg Wigdahl (fødd 1772, død 1827) var borgar av Kristiansund og handelsmann i Aure.
Han var fødd på garden Vigdal i Buvika i Byneset prestegjeld utanfor Trondheim. Foreldra var Ingebrigt Vigdal og Dorthe Paulsdtr. Ei tid var Ole Wigdahl kontorist for sorenskrivar Lindemann på Nordmøre, og i folketeljinga i 1801 er han såleis registrert i hushaldet til sorenskrivaren på garden Ytre Øye i Surnadal. I 1804 kjøpte han husa på det gamle borgarleiet Havna, ein husmannsplassen under prestegarden i Aure. Same år vart han borgar av Kristiansund med rett til å drive handel som uteliggjarborgar i Aure. I 1810 kjøpte han kyrkja i Aure, og han var elles ein aktiv deltakar innanfor ei rekkje område i lokalsamfunnet. Som handelsborgar var han medlem av bygdekommisjonen fram til slutten av 1808. I 1807-08 var han også første forlikskommisær i Aure. I 1814 var han ein av initiativtakarane for å etablere bygdemagasin i Aure, og ei stund var han forvaltar for bygdemagasinet. Frå 1818 var han hjelpevaksinatør i prestegjeldet. Les mer …
Halfdan Cock-Jensen Foto: Ukjent. Halfdan Cock-Jensen (fødd i Larvik 10. desember 1865, død i Lørenskog 23. november 1923) var lærar, bladmann, organisasjonsmann og landbrukskunnig. Han er best kjend som stiftar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag (1913) saman med Henrik Egeberg. Cock-Jensen hadde ikkje sjølv bakgrunn frå noko småbrukar- eller bygdemiljø, men var fødd inn i ein skipparfamilie i Larvik. Det låg openbert ein sterk idealisme bak engasjementet hans for småbrukarsaka. Det heiter i nekrologen over han i Tidsskrift for Smaabruk i 1923: «Hans virksomme ånd, hans varme hjertelag for de undertrykte og det som burde rettes på i samfundet, gav ham aldri ro eller anledning til å tenke på sig selv eller spare sine egne krefter.» Les mer …
|