Løypestrengen var mykje brukt i område med bratte skogsider der det ikkje var eigna for hest og slede. Dei yngre årsklasser kjenner truleg ikkje så mykje til dette. Løypestrengen nyttar tyngdekrafta og lasten kan då berre gå ein veg, nedover. Løypestrengar var brukt på mange sætrar der forholda låg til rette for det. Det var for å sende mjølk i hylke eller andre kjerald på løypestrengen så nærme heimetunet som råd. Dei var hekta på strengen med krokar av stål. Det var brukt eit signalsystem mellom dei oppe og dei nede ved å banke på strengen eller blåse eit signal i bukkehorn. Signala var avtala og på det viset kommuniserte dei med kvarandre. Nede vart det hengt bjørkegreiner eller einekagar på strengen som skulle fungere som støytdemparar for ikkje å knuse lasten som kom ned. Les mer …
Henrik Johannes Nikolai Martinussen Holsvik (født 13. april 1884, død 2. oktober 1986 var fødd i Holsvika i Austefjorden i Volda kommune av Martinus Harald Olai Iverssen (1843 – 1893) og Hilde Larine Henriksdotter (1856 – 1947) som nummer seks i ein barneflokk på ni frå to ekteskap.
Oktober 1909 gifte Henrik seg med Johanne (Hanna) Oline Jakobsdotter Eide 1883 – 1970). Dei fekk to born: Hilda 1912 og Lars 1915.
Martinus døde i 1893. Ein eldre bror Ivar f. 1875 tok over garden, men døde i 1894. Henrik sit som 10-åring med eigarskap til gard (heilebruk) og heil part (to mann oppmøte) i Holsvik Notlag. Henrik blir brått vaksen. Les mer …
Her på veg til hamn i svert fint veir. Hadde vore ca 37 mil av Runde med seigarna, og hadde ein god fangst om bord.
MB «Hai», M-94-HØ, var bygd i Romsdalen i 1916. Lengde var 40 fot, og motor Rekord 26 hk. Ombygd i 1928 til 51 fot. I 1937 fekk den ny motor « Wichmann» 40hk, og forlengd til 53,8 fot. Lengste lengde oppgitt til 60 engelske fot. Ein «Kromhout»motor på 150 hk. vart innsett i 1965. Båten vart kondemnert i 1985, og enda sine dagar på botnen av Voldsfjorden. Hans Goksøyr selde båten i 1920 til Matias Sævik, og Anton og Paul Flusund. Sønene deira Petter Sævik, Harald A. Flusund og Ragnvald P. Flusund overtok båten i 1937. I 1952 vart det endring i eigarskapet. Rangvald vart åleine då dei andre ville selja sine partar, Peder og Olav Leine kom då inn som medeigarar. I 1978 overtok partreiarlaget Ragnvald Flusund båten, og selde den vidare til Inge Remøy og sonen Oddmar Remøy i 1981. Dei brukte båten til garn og linefiskje. Siste to tre åra vart båten rigga til brugdefangst. Oddmar hadde då samarbeid med ein kar frå Trøndelag, han hadde utstyr til brugdefangst. Les mer …
Årset notlag, og kalla Årsetnotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Årset, Årsetøya, Aurstad og Skjeret då det vart avvikla i 1963. Notlaget vart delt 1932. Dei som gjekk ut og danna Håvik notlag var fire bruk i Håvika, to bruk i Hamre. Vikestranda gjekk over frå Årset til Håvik notlag 6. juli 1946. Skjæret kjøpte seg inn i Årset notlag på dette tidspunktet.
Notlaget hadde hus til båt og bruk på Årset. Då det vart investert i endesnurpe i 1951, måtte ein også investere i nytt nothengje. Nytt nothengje på Laberget på Aurstad vart teke i bruk i 1952. Naust til båtane med halvetak på vestsida av nothengjet var ferdig i 1953. Medan Årset notlag byggde hengje turka dei not på nothengjet til Holsvik notlag.
Laget dreiv med sekkjenot og landnot i Austefjorden. Då Austefjordingane sette motor i fiskebåtane sine leigde Årset notlag motorbåt til sleping og då vart området å drive i utvida. "Litleveiren" vart kjøpt i 1937, nota vart heitande Landnota og brukt frå den nye båten. Ved kjøp av brukt øyresnurpe/snurpenot på Bergenskanten i 1951 vart denne brukt på sunnmørsfjordane med notbåt, øyrebåt, slepebåt og loddebåt / lettbåt.
Årset notlag brukte not for siste gong sommaren 1963. Deretter vart brukbart utstyr selt, området på Aurstad rydda og laget avvikla som dei fleste andre store notlag langs fjordane her.
Årset notlag er godt dokumentert gjennom notat og rekneskap tilbake til 1870-talet. Andreas Årsetøy f. 1902 har dokumentert drifta med:
- Modellar om båtar, hus og nøter utstilt i Austefjord Museum.
- Film, 8 mm, frå 1950-talet.
- Stykke i Kjeldearkiv:Om Aarset notlag Årbok 1976 Sunnmøre Museum: Notlaget frå Austefjorden.
Båtsamlinga til Sunnmøre Museum har to båtar frå dette laget: "Storenotabåten" (brukt til «Lissjeveren» overtok nota 1937) og den gamle spelbåten, brukt til 1951. Desse syner korleis notbåt og spelbåt såg ut så lenge det var robåtar. Les mer …
Røde Kors-huset i Volda Foto: Arnfinn Kjelland
Volda Røde Kors Hjelpekorps vart stifta i desember 1944 under namnet Volda Raude Kors Hjelpekorps. Stiftingsmøtet skulle vore 5. desember, men vart utsett på grunn av bombeangrepet i Ørstafjorden der reisesekretæren frå Norges Røde Kors, Kåre Bertelsen, deltok i hjelpearbeidet. Hendinga var nok medverkande til at 55 personar teikna livvarig medlemskap og om lag like mange meldte seg til teneste i hjelpekorpset.
Alt 23. mars 1945 fekk korpset bokstaveleg talt sin «elddåp», i samband med flyangrepet i Dalsfjorden. Da vart mange såra tyskarar frakta til Volda, der hjelpekorpsfolk hjelpte til.
Etter fredsslutninga kom det evakuerte frå Finnmark til Volda. Hjelpekorpset samla inn pengar og deltok i mottaksarbeidet elles. Les mer …
Volda orkester i 1934 Foto: Johan J. Nerbøvik
Volda orkester vart skipa i Volda 12. oktober 1934 etter eit par års førebuingsarbeid av ei sjølvoppnemnd skipingsnemnd. Orkesteret fekk vedtekter i 11 punkt, der det mellom anna er eit punkt der styret «hev høve til å gjere vedtak om missnøgje med eit eller fleire av orkesteret sine medlemer. I så fall går vedkomande ut av orkesteret 7 dagar etter hn får melding om vedtaket».
Det vart opna for passivt medlemskap (støttemedlemskap) i orkesteret.
Det første styret bestod av Johan Nerbøvik, formann, Per Enge, John Steinsvik og Oddvin Øvrelid som styremedlemer og Olav Hjelle som notemeister. På første styremøte vart Sivert H. Geitvik vald til dirigent, Oddvin Øvrelid til 1. kapellmeister og Per Enge til 2. kapellmeister. Les mer …
|