Forside:Ørsta kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. nov. 2010 kl. 22:41 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Haram • Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog

Om Ørsta kommune
1520 Orsta komm.png
Ørsta kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Hareid, Ulstein, Volda, Sula, Stranda og Sykkylven, alle i Møre og Romsdal.

Administrasjonssenteret ligg på Ørsta, som er den fjerde største tettstaden i Møre og Romsdal. Dei større bygdene er Barstadvik, Bondalen, Hovdebygda, Standal, Sæbø, Vartdal og Sætre .   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Sivert Aarflot (1759–1817) reknast som stamfar til slekta Aarflot.
Foto: Arnfinn Kjelland
(2009)

Aarflot er ei slekt med opphav på garden Årflot i Ørsta kommune. Som stamfar reknast lensmann og boktrykkar Sivert Aarflot (1759–1817).

Kjende medlemmar av slekta


Sivert Aarflot.
Sivert Knudsen Aarflot (fødd 23. oktober 1759 i Ørsta, død 14. juli 1817 i Volda) var omgangsskolelærar, bonde, lensmann, postopnar, trykkerieigar og folkeopplysningsmann på Sunnmøre. Han var frå 1789 gift med Gunhild Aarflot. Han opna i 1809 det første prenteverket utafor byane i Noreg.Da Sivert Knudsen vart fødd, var faren leiglending på Fyldal i Ørsta, og noko seinare flytte dei til Årflot der han har slektsnamnet frå. Det vart ikkje mykje skulegang på Sivert Aarflot. Han gjekk 22 dagar i omgangsskulen, og så var det slutt. Men presten Hans Strøm merka seg at han hadde evner, og i 1778 vart den sjølvlærte unge mannen sett inn som skulehaldar i Follestaddalen i Ørsta. Den stillinga hadde han til 1793. I denne tide skreiv han ned segner, regler og viser som han fekk høyre av bygdefolket. Han fortsette også med sjølvstudier, og frå Hans Strøm fekk han interesse for naturkunnskap, topografi og etikk. Å få tak i bøker var ikkje enkelt, dei kosta pengar og var lite tilgjengelege på bygda. I 1782 fekk han tak i Lære-Bog i adskillige philosofiske og mathematiske Videnskaber av tyskaren Gotthild Reccard, og dette var ei gullgruve. Det var ikkje heilt enkelt for Sivert Aarflot å ta avskil med Bibelen sitt verdsbilete, men han jobba seg gjennom det og klarte å sameine kristentrua med naturvitskapen. Han var ein tilhengar av religionsfridom.   Les mer …

Volda lærarskule kring 1950.
Foto: Johan J. Nerbøvik

Henrik Straumsheim (fødd 8. februar 1893 i Sykkylven, død 26. juli 1975) var ein skulemann, ungdomsleiar og lyrikar frå Sykkylven kommune.

Han voks opp på bruket Teigen på Straumsheim inst i Sykkylvsfjorden, som son av Severin Martinus Johansson Straumsheim og Anne Helgesdotter Straumsheim. Etter grunnskulen reiste han i 1909 til Volda der han tok mellomskulen. Det var medan han gjekk her at han fekk det første diktet sitt på prent. Heimen min stod i bladet Aarvak si utgåve 22.januar 1910. Hausten 1910 var Straumsheim vikarlærar i småskulen i Sykkylven.

1911 byrja han på Volda lærarskule, og han var ferdig utdanna lærar i 1913. I åra framover hadde han lærarpostar fleire stader i landet, i heimbygda Sykkylven (1914-15), i Drangedal (1915-16) og Skodje (1916-17). Han vart styremedlem i Sunnmøre frilynde ungdomssamlag i 1920. Året etter vart han valt som styremedlem i Sunnmøre Songarlag.

Etter å ha arbeidd to år som lærar ved Tandstad skule, byrja han i 1928 som lærar ved Møre folkehøgskule i Ørsta. Her fann han seg godt til rette, og her vart han verande resten av yrkeslivet. Dei siste åra var han rektor ved skulen.   Les mer …

Ragnar Standal, 2008
Foto: Knut Hustad

Ragnar Standal (fødd 24. september 1928 på Ytre Bakkane på Ytre-Standal, død 14. august 2013HjørundfjordheimenSæbø i Ørsta kommune) var ein framståande fagmann og lokalhistorikar med store kunnskapar om Sunnmøre og framifrå formidlingsevne.

Standal fullførte 4-årig lærarutdanning ved Volda lærarskule i 1951, tok så historie grunnfag ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim i 1963 og fullførte hovudfag same stad i 1977. Han var først lærar i Fausadalen, Stranda kommune frå 1951–56, deretter lærar i Lyftingmo krinsLesja frå 1956–62, så adjunkt ved Stryn ungdomsskule frå 1963–75, styrar på Ørsta bygdetun, Brudevollsamlinga (deltid) frå 1978–84 kombinert med lektorstilling ved Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda 1978–70 og 1981, konservator på Nordfjord folkemuseum, Sandane frå 1984–86 og til slutt bygdebokforfattar og -redaktør i Ørsta frå 1986–1992.   Les mer …

Olav Tordsson Åsmundstad (fødd i Kvikne i Nord-Fron 29. november 1850, død 3. april 1925) var friskule- og folkehøgskulelærar, snikkar og nynorskforkjempar. Han var fødd og oppvaksen på garden Søre Åsmundstad i Kvikne. Foreldra var Tor Pedersen Åsmundstad (1808-1888) og Mari Olsdotter Nistugun Skåbu (1805-1885). Faren var oppvaksen på husmannsplassen Hågåstugun i Skåbu. Men familien åtte også garden Klevstadbakken i Kvam. I 1836 kjøpte Tor Pedersen Klevstadbakken av far sin, men bytte denne mot Søre Åsmundstad i 1839.   Les mer …

Utsyn over Austefjorden. Ulykka skjedde der fjorden svingar mot venstre og knip seg saman omtrent midt i bildet.
12. juni 1878 drukna 11 ungdomar frå Volda og Ørsta på veg heim frå bryllaup i Follabygda i Austefjorden. Ungdomane, ti frå Åmdalen i Ørsta, ein frå Halse og ei frå Ervika i Hjartåbygda hadde vore i bryllupet til Jon Ivarsson frå Dalskaret som gifta 10. juni seg med Anne Marte Jonsd. frå Rasmusgarden på Løfolla. I stykket i Voldaminne 1987 er namna og tilknytinga til heimar i Ørsta og Volda gjeve opp. Der er og den spesielle sokningsteknikken Hans H. Geitvik (1856-1934) nytta for å finne att dei omkomne skildra i detalj av han sjølv.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Ørsta kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar