Forside:Fosen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 22:58 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
TIDLIGERE FYLKE: Nord-TrøndelagSør-Trøndelag
DISTRIKT: (Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: FrøyaHeimHitraIndre FosenOsenØrlandÅfjord
TIDLIGERE KOMMUNE: BjugnHalsaHemneRoanSnillfjord

Om Fosen
Kart over Midt-Noreg med Fosen innteikna i blått.

Fosen er eit landskap og tidlegare futedømme i Midt-Noreg. Landskapet omfattar dei ytste kommunane på begge sidene av Trondheimsfjorden i Trøndelag fylke. Landskapet utgjorde fram til høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av — først som Fosen len, seinare som futedømme under namnet Fosens fogderi.

Kommunane som reknast med er Frøya, Heim (der tidlegare Halsa tilhøyrer Nordmøre), Hitra, Indre Fosen, Osen, Ørland og Åfjord. Tidlegare Agdenes kommune vart dels rekna til Fosen og dels til Orkdalen; då denne kommunen i 2020 gjekk inn i nye Orkland kommune er det grunn til å vente at blikket vendast meir mot Orkdalen i framtida.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
1622 Agdenes komm.png
Agdenes er ein tidlegare kommune på grensa mellom dei gamle landskapa Fosen og Orkdalen i Trøndelag fylke. Kommunen, som ligg heilt ytst i Trondheimsfjorden, grensar mot Ørland og Rissa over Trondheimsfjorden i nordaust, mot Orkdal i søraust, mot Snillfjord i sør og mot øykommunen Hitra over Trondheimsleia i nordvest. Hovuddelene av kommunen slik han har vore frå midten av 1960-åra er Ytre Agdenes, Lensvik og Ingdalen. Kommunen vart i januar 2020 ihopslegen med nye Orkland kommune.   Les mer …

Vinje kyrkje.
Foto: Olve Utne
(2009)

Vinje kyrkje i Hemne i Heim kommune er ei åttekanta kyrkje i tømmer frå 1820.

Kyrkja har eit romansk krusifiks som kan vere frå slutten av 1100-talet. Det skal opphavleg ha stått utandørs med eit tak over, og vart attfunne under ei oppussing i 1950-åra. Altartavla frå 1712 er i nederlandsk barokkstil. Preikestol og altartavle vart flytta over frå gamlekyrkja.   Les mer …

Portrett av Amalie Sofie Bekkevold, utført av Carl Peter Lehmann.
Amalie Sofie Bekkevold (født 9. juli 1819 i Moss, død 27. oktober 1889 i Kristiania) var først dikterhustru og deretter prestehustru. Hennes første ekteskap var med Henrik Wergeland (1808–1845), og det andre med presten Niels Andreas Biørn – som året før de ble gift hadde forretta i hennes første manns begravelse. Hun er kjent som inspirasjonskilden til mange av Wergelands dikt. Hun var datter av traktør Peter Svendsen Bekkevold (1780–1851) og Gunhild Marie Ihlen. Lærer og sanger Frederik August Bekkevold var Amalie Sofies bror.   Les mer …

Satellittbilde av storparten av Nordmøre og Sør-Fosen med «finn»-namn markert.
Det finst fleire stadnamn på «finn-» i Romsdal, på Nordmøre og i Sør-Fosen. Finn-namna har i alle fall fire etablerte hovudetymologiar: (1) Dei kan vise til ei landskapsform; (2) dei kan vise til ymse spesifikke typar vegetasjon; (3) dei kan vise til dei norrøne mannsnamna Finnr og Finni; og (4) dei kan vise til folkenamnet finn. Olav Rygh sett generelt slike namn i samband med dei lite bruka norrøne mannsnamna Finnr og Finni, men i seinare tid har det vorte vanligare å sjå ein del av desse namna i samband med samisk nærvere. Det siste er særlig tydelig i namn som «Finnhøtthaugen», der «finnhøtt-» viser til kåter eller gammar.   Les mer …

Jens Bjelkes minnesmerke på Austrått
Foto: Morten Olsen Haugen
(januar 2008)
Jens Bjelke (fødd 2. februar 1580, død 7. november 1659) var ein norsk adelsmann, godseigar, lensherre og Noregs rikes kanslar. Han tilhøyrde ei av dei viktigaste adelsslektene i Noreg.

Jens Bjelke var fødd på Austrått i nåverande Ørland kommune i Sør-Trøndelag. Foreldra var Åge Jensen Bjelke (1552-1603) og Margrethe Clausdotter Thott (død ein gong i 1640-åra). Han hadde ei syster, Vibeke, som var gift med Gerlof Nettelhorst til Os (Ous, Osegård) i nåverande Halden kommune.

Etter å ha gått på katedralskolen i Trondheim, studerte Jens Bjelke i tidsrommet 1600-1605 i Tyskland ved universiteta i Rostock og Leipzig og i Leiden (Holland). Deretter var han i nokre år tilsett som sekretær ved Danske kanselli i København. I 1609 vende han attende til Noreg med offentlege oppdrag og for å ordne med skiftet av familiens jordegods etter farens død.   Les mer …

1620 Froya komm.png
Frøya (uttale: fosenm. ['fɾøyɑ] (nom./akk./dat.); ndm. ['fɾʌya] nominativ/akkusativ, [fɾʌ’n] (dat.)) er ein øykommune i Trøndelag fylke. Han ligg ytst ute på kysten, rett nordom Hitra og vestom innløpet til Trondheimsfjorden. Kommunen er samansett av hovudøya Frøya og øygruppa Froan i nordaust — eit øyrike av til saman kring 5 400 holmar og skjær, som grensar til Frohavet i aust, Frøyfjorden i sør og Norskehavet i nordvest. I seinmellomalderen hørte Frøya til Hitra prestegjeld saman med dei noverande kommunane Hitra, Hemne og Snillfjord. Seinare vart Hemne og Snillfjord frådelt som Hemne prestegjeld. I dag er Frøya skilt ut som eige prestegjeld.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Fosen
 
Andre artiklar