Garden sett frå sør mot nord. I bakgrunnen, på andre sida av Ottaelva, Bispberget. Foto: H.P. Hosar (2009)
Nord i Lund er ein gard i Skjåk kommune. Den ligg sentralt i Lundagrenda, og er etter lokale forhold ein nokså stor gard. Nåverande gardsbruk er danna av to nabobruk (Nord og Øvre), som vart samanslegne i 1888. Dei tilhøyrde kvar sin matrikkelgard, høvesvis gnr. 27 «Tøfte nordre» og gnr. 28 «Lund nordre». Det er bakgrunnen for at Nord har to gardsnummer i dag.
Grannegardane er i dag Horten i vest, Nedre Lund i nord, Nigard Lund, Tøfte og Asplund i aust.
Fyrste gongen vi har registrert «Nord» som bruksnamn, er i 1838 (matrikkelen). Men kjeldematerialet gjev grunnlag for å fastslå at sjølve bruket har eksistert som eiga eining iallfall attende til 1660-åra, kanskje enda tidlegare. Vi omtalar denne brukseininga som «Nord» i det følgjande, utan at vi altså veit kva namn som faktisk vart brukt før det tidlege 1800-talet.
Frå ca. 1740 fram til dags dato kan vi sjå at garden har gått i arv i slektsledd etter slektsledd fram til i dag, frå far til son, med unntak av to brukarskifte der garden har gått over til eit syskenbarn (1888) og ein grandnevø (2001) av førre brukar. Les mer …
Marit Sevaldsdt. Sperstad var ein av innskytarane i handelsforeininga frå 1896. Ho åtte fem aksjar. Aksjebrevet er oppbevart i Norddalsarkivet avd. Skjåk. Nordbergs Handelsforening var eit samvirkelag i Nordberg sokn i Skjåk kommune. Det var i verksemd i tidsrommet ca. 1893-1905. Laget skal ha vore starta på garden Vetløygarden (Lilleødegård) i 1893, men er fyrst oppført i handelsregisteret i 1895. Lovene for laget vart vedtekne av generalforsamlinga i februar 1895. Føremålet var «ved Handel med Kolonial-, Husholdnings- og Klædevarer at skaffe sine Medlemmer gode Varer til billigste Dagspriser og gjøre dem delagtige i det ved Handelen indvundne udbytte». Det var i forma eit aksjeselskap. Aksjane lydde på kr. 10,-. Men ingen kunne eige meir enn 20 aksjar, og kvar aksjeeigar hadde berre ei stemme, uavhengig av talet på aksjar. Retten til medlemskap var geografisk avgrensa til folk som budde i Nordberg sokn eller i hovudsoknet sørover til og med Forbergsgardane på solsida og til tverrelva Skjøla på baksida. Les mer …
Andreas Austlid. Foto: Ukjent Friskulen i Lom var grunnlagt og driven av Andreas Austlid i åra 1871-1879. Det var ein privatskule for born under konfirmasjonsalderen, med eit alternativt pedagogisk tilbod i høve til den ordinære allmugeskulen. Skulen heldt til på garden Ofigsbø i Bøverdalen i Lom. Verksemda vekte strid i bygda.
Austlid hadde vorte oppmoda om å setja i gang med tiltaket av lomværar han hadde vore saman med på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard vintrane 1869-1870 og 1870-1871. Det var fyrst og fremst Hallvard Ofigsbø (1846-1928) som stod bak initiativet. Han hadde gått på folkehøgskulen hjå Bruun både på Sel (1869) og i Gausdal (1871). Han var med som lærar saman med Austlid den fyrste vinteren, da det gjekk 14 elevar der. Les mer …
Ordførarar i Skjåk kommune. Denne lista er ei oversikt over ordførarane som har leia Skjåk kommune i Innlandet fylke. Den fyrste tok til 1. januar 1866, då Skjåk vart skilt ut frå Lom kommune.
Partilister vart nytta for fyrste gong i bygda ved kommunevalet i 1916. Når det likevel er påført opplysningar om partitilknyting før dette tidspunktet, er det fordi vi ut frå andre samanhengar kan påvise klar partipolitisk farge for vedkomande ordførarar. Når det gjeld Ole Lund, er han ikkje knytta til noko spesifikt parti. Men han var ein markant leiar for den kristeleg-konservative opposisjonen mot Venstre i Skjåk, jamvel om det ikkje vart organisert noko eigentleg Høgre i bygda. Les mer …
|