Forside:Skjåk kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: Jevnaker • Lunner

Om Skjåk kommune
0513 Skjak komm.png

Skjåk kommune ligg i Innlandet fylke, lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Kommunen er geografisk samanfallande med Skjåk prestegjeld med dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna.

Kommunen ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord. Sommarstid er det også veg til Geiranger på Sunnmøre.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Hans B. Osnes med familie kring 1910.
Foto: Gustav Osnes
Hans Berntsen Osnes (fødd i Ulstein 19. juni 1872, død same stad 14. oktober 1958) var lærar, gardbrukar, forretningsdrivande og pressemann. Han var aktiv i norskdoms- og fråhaldsrørsla og i lokalpolitikken. I ei jubileumsomtale da han runda 85 år, vart han karakterisert som «ein av sentrumsfigurane i bondereisinga i Møre og Romsdal». Han var engasjert i Landmannsforbundet frå 1906 og i Bondepartiet da det vart stifta, og var ei tid redaktør for bondebladet Sunnmøre Tidend. Han var også ein tiltaksmann som sette i gang ei rekkje moderniseringstiltak i heimbygda. I ei omtale frå 1919 blir han av ein sambygding karakterisert slik: «Hans B. Osnes er ein evnerik og energisk mann - full av idear og handlekraft, og det stend javnt eit friskt ver av han.»   Les mer …

Ole Lund 1904. Fotograf L. Forbech, Kristiania.
Ole Sylfestsen Lund (fødd i Skjåk 2. mai 1831, død same stad i 1912) var lærar, kyrkjesongar, lekpredikant og politikar i Skjåk. I to periodar, 1876-1877 og 1886-1889, var han ordførar. Han var oppvaksen i eit haugiansk miljø, og var nær knytta til Gisle Johnsons vekkjingsrørsle frå 1850-åra av. Lund var leiarfiguren i den kristeleg-konservative motstanden mot venstrerørsla i bygda frå 1870-åra til inn på 1900-talet. Han vart både i samtida og i ettertid ofte omtala som Kirkesanger Lund.   Les mer …

Dagsgard er ein matrikkelgard i Skjåk kommune (gardsnummer 19). Matrikkelgarden består av to bruk, bruksnummer 1 Nigard Dagsgard og bruksnummer 2 Uppigard Dagsgard. Dagsgard ligg på Skjåkstrond, rett i nærleiken av Skjåk kyrkje.
I skriftlege kjelder er garden nemnd så tidleg som i 1343, da Håkon i Dagsgard er med i ein delegasjon frå bygda til biskopen på Hamar (sjå Skjåks historie i mellomalderen (1000-1500)). Garden er nok monaleg eldre enn 1300-talet, men historia går neppe lenger attende enn år 1000. Gardsnamn med endinga -gard var mykje brukt i tidleg- og høgmellomalderen (1000-1350).
Stabbur frå Uppigard Dagsgard i Skjåk. Det er ein bygning frå 1700-talet, nå på Maihaugen
Det er uvisst når Dagsgard vart delt i to bruk. I lensrekneskapa frå 1560 figurerer to mann med etternamnet Dagsgard (Tor og Halvor) som betaler holding, og som vi derfor må rekne med er husbondar på kvar sine bruk. Ein generasjon tidlegare er berre ein mann frå Dagsgard oppført i skattelista for gjengjerden 1528, nemleg Tosten. Iallfall frå midten av 1600-talet er det openbert at Dagsgard utgjer to gardsbruk. I landkommisjonens jordebok 1661 og i matrikkelen 1668 er Arne og Guttorm brukarar på Dagsgard. Men garden er oppførd som ei matrikkeleining med felles landskyld, skattar og avgifter. Iallfall frå og med matrikkelutkastet 1723 kan vi derimot følgje historia til dei to særskilt skyldsette gardsbruka kvar for seg.   Les mer …

Ole Skattum
Foto: Fra Totens bygdebok II (1953)

Ole (O. A.) Skattum (født 30. august 1832 på Skattum i Østre Toten, død på Lysgård ved Lillo 14. april 1916) var lærer og klokker. Han vokste opp på garden Skattum i Nordlia, som sønn av gardbruker Anders Skattum. Ole Skattum, som ikke må forveksles med onkelen, treskjemakeren Ole Skattum (1799–1884) på nabogarden, ble ansatt ved Fagernes skole i Totenvika i 1862. Mens han var der, fikk han lov til å holde vikar i to år mens han gjennomgikk lærerskolen i Asker. Da han bodde i Totenvika, var Skattum også med på å ta initativ til Hjeld Brænderi, et av de små samvirkebrenneria på Toten.

Fra 1867 til 1874 var Skattum lærer og klokker i Skjåk. Han var den første læreren der med seminarutdanning. I 1868 fikk han i gang en kveldsskole som ga videreutdanning i allmennfag for konfirmert ungdom, tilsvarende det som seinere ble kalt fortsettelses- eller framhaldsskole. Skattum satt i det første forstanderskapet for Lom og Skjåk sparebank, grunnlagt i 1873.   Les mer …

Johan K. Thuland
Foto: Ukjent.

Johan Knutsen Thuland (fødd 1862 i Fjaler i Sunnfjord, død?) var lærar, klokkar og norskdomsforkjempar. I ein tjueårsperiode budde og arbeidde han i Skjåk, og er der saman med Hans B. Osnes kjend som den fyrste typiske vestlandslæraren i bygda. Dei stod for venstrepolitikk, målsak, frilynt ungdomsarbeid og fråhald.

Thuland var fødd på garden Tuland i Guddal i det som den gongen var Ytre Holmedal prestegjeld og herad, i dag Fjaler kommune. Foreldra var Knut Hansson frå Tuland og Marta Eriksdotter frå Langeland (fødd 1818). Dei hadde gifta seg i 1841, og var brukarar på Nordre Tuland. Produksjonsoppgåvene i folketelinga 1865 viser at det var eit heller lite gardsbruk, med to kyr.   Les mer …

Kommunesenteret Bismo med elven Otta.
Foto: Morten Kielland
Skjåk er ei fjellbygd og kommune lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen i Innlandet fylke (tidlegare Oppland). Kommunen vart skild ut frå Lom frå 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Ein person frå Skjåk blir kalla ein skjåkvær (utt. skjåkvér). Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bygda ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna.Den særs nedbørsfattige bygda er kjend for dei mange anlegga for kunstig vatning som har vore i bruk gjennom mange hundre år. Dette avspeglar seg i ordtaket «gjev Vårherre oss sol, ska' oss sjølve skaffe væte». Motivet i kommunevåpenet, akantusblomen, peikar mot treskurden og andre rike handverks- og folkekunsttradisjonar i bygda.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Skjåk kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar