Forside:Sykkylven kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. mai 2010 kl. 23:57 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Haram • Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog

Om Sykkylven kommune
1528 Sykkylven komm.png
Sykkylven kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen ligg på sørsida av Storfjorden og grensar mot Fjord i aust, Stranda i søraust og Ørsta i sørvest. Nordom Storfjorden grensar Sykkylven til Ålesund og Sula kommunar.

Allment

Administrasjonssenteret ligg på Sykkylven, som også inkluderer bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grepstad og Vik. Til saman er det vel 4000 innbyggjarar i tettstaden Sykkylven. Dei to andre tettstadene er Ikornnes med 825 innbyggjarar og Straumgjerde (Straumgjerdet) med 482 innbyggjarar. Dei større bygdene er Velledalen, Hundeidvika og Ramstaddalen .   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
John Jarnes
John Jarnes (fødd 27. desember 1915, død 19. desember 2016) er ein tidlegare møbelfabrikant i Sykkylven. Han er fødd på garden Rongen, som son til Karl J. Jarnes. Karl dreiv gard og trevareproduksjon. Spesialiteten var produksjon av trapper. John vanka tidleg i verkstaden til faren, allereie frå 10-11-årsalderen var han med i produksjonen. Etter at han var konfirmert, arbeidde han for faren på heiltid. I 1936 vart han tilsett ved J.E. Ekornes Fjærfabrikk som den første i madrassproduksjonen. Jens E. Ekornes hadde to år tidlegare byrja å produsere metallfjører til møbelindustrien. Med slike fjører kunne ein også lage sengemadrasser. Dette vart starten på produksjonen av dei såkalla Svanemadrassene.   Les mer …

Bedehuskafeen i Sykkylven var ein serveringsstad som vart driven i lokala til bedehuset i Sykkylven sentrum nokre år. Kafeen kom i gang i 1960 i første høgda i bedehuset som då var nybygt. Første styrarinna var Karen Fauske, og med eit kort avbrot stod ho føre drifta i mange år. Alt frå byrjinga hadde Bedehuskafeen god søknad både av faste og tilfeldige gjestar, dessutan vart det halde mange bryllaups-, gravferds- og konfirmasjonslag der. Målfrid Rødal, som hadde arbeidd på Bedehuskafeen i mange år, tok over drifta i 1982, og leigde lokala av bedehuset. Samstundes vart namnet forandra til Cafeen. Attåt seg i arbeidet hadde ho fem personar som arbeidde på deltid.   Les mer …

Arnold Weiberg-Aurdal, kalt Alla på folkemunne i Sykkylven.
Foto: Sykkylven Rotaryforening
Arnold Weiberg-Aurdal (fødd 18. juni 1925 i Ålesund, død 3. februar 2016 i Sykkylven) var Sp-politikar. Weiberg-Aurdal, som var utdanna agronom, var ordførar i sunnmørsbygda Sykkylven i to periodar (1963-69 og 1990-91). Mellom desse to bolkane i lokalpolitikken sat han 16 år på Stortinget for Møre og Romsdal (1969-85), og markerte seg særleg som samferdslepolitikar. Weiberg-Aurdal var også aktiv som skribent og gav ut bøker om Tysklandsbrigaden, om Stranda og Sykkylven Billag og om si eiga slekt. I 2003 mottok han Kongens fortenestemedalje i gull.   Les mer …

Ikornnes sett frå lufta i 1953, til venstre er møbelfabrikken og hjørnesteinsbedrifta Ekornes.
Foto: Ekornes fabrikker.
Ikornnes er ei grend på sørsida av Sykkylvsfjorden i Sykkylven kommune. Denne sida vert gjerne kalla Sørestranda. Fram til 1930-åra var kulturlandskapet heilt dominert av gardsbruk der det vart drive landbruk. Spreidde næringstiltak utanom landbruket var her heilt frå starten av det førre hundreåret. I 1904 kom Johan O. Erstad i gang med møbelfabrikk ved Ekornes-elva. Når Johan flytte frå Erstad til Ikornnes, var det fordi det var isfri hamn her og fordi han fekk tilførsel av stabil vasskraft frå elva.Kaia på Ikornnes vart tidleg eit lokalt sentrum. Her var det landhandel og skipsekspedisjon. Buda var elles tilhaldsstad for ulike verksemder, mellom anna Strømpefabrikken AS som dreiv tilverking av strømper frå 1919 til 1925.Heilt avgjerande for utviklinga av Ikornnes vart etableringa av J.E. Ekornes Fjærfabrikk i 1934. Jens E. Ekornes hadde vore både på Stranda og i Ørsta og arbeidd i møbelverksemder. I 1934 såg han at det var ein marknad for møbelfjører som han byrja å produsere i eit toetasjes trehus ved strandkanten på Ikornnes.   Les mer …

Vestlandske Møbler i 1953.
Vestlandske Møbler vart skipa i 1929 under namnet AS Sykkylven kurvvarefabrikk. Initiativtakarar var Fridtjof Fredriksen og bror hans, Asbjørn Fredriksen snr. Skipingsmøtet, som vart halde på romet til Fridtjof Fredriksen i Lied-huset på Aure i oktober 1929, samla ti personar, som alle teikna seg for aksjar. Fridtjof var på denne tida kontormann hos Ole T. Lied, som dreiv konfeksjonsfabrikken Fønix. Det var også i fabrikklokala til Lied at korgvareproduksjonen kom i gang seinhausten 1929. Møbelfabrikken i Sykkylven vart på 1960-talet særleg kjend for stolen Siesta, som òg førte til internasjonalt gjennombrot. I 1997 vart bedrifta seld til Ekornnes.   Les mer …

Ikornnes sett frå lufta i 1953, til venstre er møbelfabrikken og hjørnesteinsbedrifta Ekornes.
Foto: Ekornes fabrikker

Ekornes ASA er ein møbelprodusent med hovudkontor på Ikornnes i Sykkylven. Selskapet er mest kjent for varemerka Stressless og Svane, og er i 2013 Skandinavias største møbelprodusent. Jens E. Ekornes starta bedrifta i 1934 under namnet J.E. Ekornes Fjærfabrikk.Det fyrste produktet som Ekornnes satsa på, var spiralfjører av metall til stoppmøbelbedrifter. Tidlegare var det Oslobaserte bedrifter som hadde vore einerådande på denne marknaden. For møbelprodusentane på Sunnmøre var det praktisk å få ein fjørleverandør i nærmiljøet.

Når bedrifta hadde tilgang på spiralfjører, var det nærliggande å byrje med produksjon av madrassar. Allereie året etter oppstarten var Jens Ekornes i gang med å lage madrassar under varemerket Svane. Den første madrassen vart vist under ei varemesse i Ålesund i 1935.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sykkylven kommune
 
Andre artiklar