Sakarias Olsen (født 1863, død 26. februar 1954 i Nord-Aurdal) var en landkremer ( skreppekremer) som blant annet vandret rundt i bygdene i Valdres på første halvdel av 1900-tallet. Det er aldri blitt fullt ut klarlagt hvor han kom fra, men det er hevdet at han var av slekten Wedel Jarlsberg. Han er også omtalt som en bygdeoriginal. På vintrene og i helger og høytider bodde han på gården Klosbøle på grensa mellom Nord- og Sør-Aurdal. Les mer …
Trygve Bjørgo. Foto: Henta frå Studentene fra 1940 (1965)
Foto: Ola Helge Fløene (ca. 2008)
Trygve Bjørgo (fødd 5. januar 1916 i Nord-Aurdal, død 2. mars 1997) var lyrikar, skulemann og aktiv i målrørsla.
Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Bjørgo på Sørskogen i Nord-Aurdal. Foreldra dreiv garden. Trygve var yngstemann i ein stor søskenflokk.
I ungdomen arbeidde han ei tid heime på garden, men søkte så vidare skulegang. Han gjekk eit år på Valdres folkehøgskule. Seinare gjekk han på privatskulen Grimeland skole i Oslo, som førde han fram til eksamen artium i 1940. Han tok språkleg-historisk embetseksamen med norsk som hovudfag ved Universitetet i Oslo 1947. I studietida var Bjørgo aktiv i Filologisk Forening, der dei mellom anna ei tid arrangerte årlege «olympiadar» for song, dikt, musikkstykke og liknande. I 1946 fekk Bjørgo sølvmedalje ved å lese eigne dikt. I 1947 var han med blant eit tjuetals studentar som gav ut Studentlyrikk. Les mer …
Tre generasjoner Lundstein, alle med lærerutdanning. Fra venstre Håkon, Morten og Martin Lundstein. Foto: Ukjent (ca. 1950)
Martin Lundstein (født 24. februar 1872 i Etnedal, død 22. juni 1973 samme sted) var lærer i Etnedal i Valdres fra 1892 til 1937. Han hadde ei rekke tillitsverv og var blant annet bygdas ordfører 1926-28, innvalgt for Venstre. Lundstein var en flittig skribent, ikke minst som korrespondent for Decorah-Posten.
Han vokste opp i Etnedal, som sønn av skogsbestyrer Hans Lundstein. Martin Lundstein gikk amtsskolen i Valdres to vintre og tok deretter eksamen ved Asker seminar (1892). Lærerposten ved Lundstein skole, i hjemgrenda, var da ledig, og Lundstein reiste tilbake til Etnedal for å arbeide som lærer.
Lundstein ble en respektert mann i Etnedal, der han blant annet var overformynder, lagrettemann og skolestyreformann. Han satt i herredsstyret i periodene 1914-16, 1923-28, 1932-34 og 1938-40. I den siste perioden sin representerte han Bondepartiet. Også broren Johannes Lundstein var kommunepolitiker. Les mer …
Reinli stavkyrkje. Foto: John Erling Blad (2005)
Reinli stavkyrkje står på ein terrasse i den bratte dalsida i Reinli i Sør-Aurdal. Kyrkje vart truleg reist på 1300-talet som ei hallkyrkje med eitt stort rom. Seinare vart koret utvida med apsis, og kyrkja fekk ein svalgang. Det er funne spor etter tidlegare kyrkjer på same staden. Rett nedafor stavkyrkja står Reinli kyrkje, som er soknekyrkje i dag. Stavkyrkja nyttast ved spesielle høve, som bryllaup og dåp, og ho er ope for turistar om sumaren.
Fyrste gongen Reinli kyrkje nemnast i skriftlege kjelder er i 1327, då eit rekneskap frå den pavelege nuntien nemner ecclesia de Reglir cum capella, Reinlikyrkja med kapell. Ein trur at kapellet kan vere Ule kyrkje i Bagn. Reinli sokn vert så nemnd ein rekkje gonger i brev, som i 1338 («j Reínliid»), 1366 («i renlida kirkiu sokn») og 1395 («Reinlidar kirkie sokn»).
Arkeologiske undersøkingar har synt at det har vore to eldre kyrkjer på staden. Ein av dei brann ned. Tømmeret i kyrkja som står er datert med dendrokronologi, og vart hogd i åra 1323–1326. Det finst også noko eldre tømmer, som truleg kjem frå ei eldre kyrkje. Ein kan difor rekne med at den fyrste kyrkja brann, og at den andre vart reven. Ein av bjelkane er datert til 1172. Les mer …
|