Hisdalgardane i Bykle kommune ligg innpå heia vestanfor Otra, i dalen mellom Hisdalsfjøddet i nord og Dipleåsen i sør. For å koma hit lyt ein taka ein veg som går søretter langs austsida av elva frå Moen i Trydal. Etter ein snau km kryssar ein Otra, kliv opp den bratte Hislii og held fram vestetter. Omlag ein km frå brua finn ein Lisle-Hisdal, og eit par km lenger inn ligg dei to bruka Store-Hisdal og Der uppe.
Av desse tre bruka var det berre Lisle-Hisdal som etter gamalt låg i Bykle. Denne eigedomen høyrde til Der inne i Trydal, og var plass under det bruket inntil han vart matrikulert til eige bruk i 1888. Store-Hisdal høyrde derimot til Løyland og Dale i Valle, og var sameige mellom desse gardane. I samband med fyrearbeidet til 1838-matrikkelen vart plassane i Store-Hisdal skilde ut frå dei to gardane som eigne einingar, og fekk sidan bnr 5 og 6 under Dale. I 1854 vart oppsitjarane sjølveigarar. I 1925 vart grensa mellom Valle og Bykle revidert. I denne samanhengen vart Lisle-Hisdal tildela gnr 20 bnr 1, medan dei to bruka i Store-Hisdal vart overførte frå Valle til Bykle, og gjevne bnr 2 og 3 under gnr 20. Les mer …
Utistog 9.4.2003. Foto: Aanund Olsnes
Utistog på Byklum i Bykle kommune ligg i dag på vestsida av Innistog og i breidd med dette.
Den gamle gards- og ættesoga (111) har ikkje kjennskap til nokon oppsitjar på dette bruket fyrr innpå 1700-talet, men det er likevel all grunn til å tru at dette bruket er like gamalt som Innistog og Austistog, og vart etablert som eiga eining samstundes med desse. Dette var på den tid då åsmundssønene dela garden, meiner me, og vidare meiner me at den fyrste som sat på bruket her var Folke Åsmundsson.
Nå les me i den nemnde boka ( 117) at Folke budde i Austistog Byklum, åtte det bruket og hadde sønene Tarjei og Jon, som sidan sat der. Vel har me funne ein Tarjei og ein Jon med farsnamnet Folkesson i Austistog, men etter dei kjeldestadene der me har sett dei omtala, var desse søner åt Folke Tarjeisson Dale, og altså ikkje åt Folke Åsmundsson Byklum. Korleis dei hamna i Austistog kjem me attende til under det bruket, men namna på sønene gjev då ingen grunn til å plassere Folke Åsmundsson i Austistog, og fordelinga av familiane på dei ulike bruka i ettertida tyder på at han ikkje var der. I Innistog eller Uppistog var han heller ikkje, og då lyt han mest ha hatt Utistog.
Vallesoga ymtar forsiktig om at Folke Åsmundsson Byklum kunne vera identisk med Folke Åsmundsson i Nordstog Berg ( Valle III, 372), men dette vert berre presentert som eit «framlegg», og altså ikkje rekna for nåme nære sikkert. Men framlegget tykkjest å ha meir fyre seg enn Alfred Ryningen torer tilleggje det. For det fyrste hadde Folke Åsmundsson Berg heilt sikkert ein son som heitte Kjetil, og for det andre er det like sikkert at denne Kjetil-en budde i Byklum. Når nå også skattelistene viser klårt at Kjetil Folkesson overtok eigedomen i Byklum etter Folke Åsmundsson noko fyre 1660, manntala frå 1660-åra heimfester han sikkert her for oss då, og ei rettssak frå 1673 viser at han framleis var her det året, skulle det vera temmeleg støtt grunngjeve at det må dreie seg om dei same folka ( jfr Valle III, 371, 512). Les mer …
Lyngtveit 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Lyngtveit var eit bureisingsbruk på sørsida av Bossvatn i Bykle kommune. Fyre det vart ei sjølvstendig drifts- og bustadeining, var delar av det heimestøyl under Heimtveiti med namnet Umba. I tillegg til Umba kom ein utmarksteig, som var sameige mellom Tveitegardane, men som formelt gjekk ut ifrå Ryningen og Nordtveiti. Dette forklarar at Lyngtveit fekk bnr 6, 7 og 8.
I 1847 hadde eit stykke av Tveiteskogen, som i lange tider hadde høyrt til ymse trelasthandlarfamiliar i Kristiansand (sjå bolken om Heimtveiti), vorte overdrege til Børre og Georg Rosenkilde. Sidan vart dette skogstykket, som nyleg har vorte oppmælt til å vera på 76 mål, kalla Rosenkildeskogen. Rosenkilde-brørne overdrog i 1887 eigedomane sine i Bykle til ein slektning som heitte Robert Høyer Millar, og budde i Skottland. I samband med denne heimelsovergangen vart teigen i Tveiteskogen skyldsett til 4 øre og matrikulert som bnr 3. I 1913 kom han atter på innanbygds hender, då Gunnar O. Holen (e.) kaupte han av Millar. Gunnar var morbror av oppsitjaren i Lyngtveit, og selde Rosenkilde-skogen til han i 1933. Dermed fekk Lyngtveit også bnr 3.
Namnet Lyngtveit er ikkje eldre enn bruket, og vart sett på av bureisarane. Men Umba er som nemnt eit gamalt namn på støylen som gjekk inn i Lyngtveit. Alfred Ryningen har i hovudoppgåva si om stadnamn i Nordbygdi (80) peika på at det ligg ei øy som heiter Ombo i Boknfjorden i Ryfylke, og meiner at dette truleg er same ordet. Vidare viser han til at Sophus Bugge har tolka dette øynamnet som ei substantivering av ei eldre form for «um, umkring», som peikar mot ei rundvore form.
Når det gjeld Umba i Bykle, skriv Ryningen, «var særleg Øvre Umba nokso avrunda, men ikkje mange metrane høg. På tre sider var det vatn, og i flaumane var det ikkje uvanleg at Bossvatn steig så mykje at vatnet gjekk heilt rundt, slik at det faktisk vart ei øy. Dermed var det ikkje så unaturleg at staden fekk eit øynamn». Les mer …
Nesland Der heime 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Der heime var hovudbølet på Nesland i Bykle kommune.
Ved jordebytet i 1682 (sjå bolken om den udela garden) tykkjest Gunnar Knutsson, som vart sitjande med det største bruket, ha vore ein mann i 70-årsalderen. Han hadde likevel nokså unge søner, går det fram av manntalet frå 1666, men sannsynlegvis var han to vender gift. Kva konene hans heitte, veit me ikkje.
- Gunnar Knutsson Nesland, f ca 1609-1613, d fyre 1683
- g 1. m ukj. Born, iallfall:
- Bjørgulv, f ca 1635, n 1664-1668, 1712, g m ukj., sjå Valle III, 628
- Olav, n 1683, g m Tore Jonsdotter, sjå nedanfor
- Vetle, f ca 1644, d ca 1720, ug, sjå Sygard, jfr nedanfor
- Tone, g m Torleiv Olavsson Stavenes (e.), sjå Utistog Stavenes, gnr 16, bnr 4-5
- g 2. m ukj. Born:
- Åsmund, f ca 1651, sjå Mosdøl
- Nottov, f ca 1653, n 1664, lagnad ukj.
- Knut, f ca 1654, ug., «død udi armod» fyre 1700, sjå Mosdøl
- Gunnulv, f ca 1659, sjå Mosdøl
Gunnar åtte i 1670 attåt Nesland Der heime også 1/2 hud i Mosdøl. Me reknar med at dette er forklaringa på at tre av sønene hans sidan budde der. Les mer …
Tunet på Berdalen Der uppe sett nedanfrå 5.8.2005. Foto: Aanund Olsnes
Der uppe er det gamle hovudbøle på Berdalen i Bykle kommune. Som me var inne på i artikkelen om den udela garden, meiner me at garden vart dela kort etter at Arne Knutsson døydde kring 1712. I bolken om den udela garden fortalde me også at Esaias Bugge åtte tre skinn då han døydde, og at ervingane hans er oppskrivne som eigarar av denne halvparten av garden i ei skatteliste frå 1712. Me har ikkje funne noko om innløysing av dette godset, men reknar med at det må ha vorte innløyst fyre matrikkelframlegget frå 1723 vart skrive. For i den kjelda står det at oppsitjarane i Der nede og Der uppe bruka 3 kalveskinn (= 1 geiteskinn) kvar, og at alt saman var «bondegods».
Skogen er halden utanfor landskyldrekninga, men den same kjelda opplyser at garden hadde «god Tømmerskog tilhørende Peder Claussen i Kristiansand». Når heile garden var bondegods, hadde det kanskje vore rimeleg å rekne med at båe oppsitjarane var sjølveigarar. Men av grunnar me kjem til sidan, vil me tru at det var mannen i Der uppe som åtte båe bruka, og at han hadde løyst ut Buggeervingane åleine.
Husbonden her på denne tid var frå Espetveit i Valle, bnr 1, og son åt Tarjei Åsmundsson på det bruket og kona, Jorunn Gunsteinsdotter, fødd Skomedal (jfr. Valle V, 273). Les mer …
Bjåen fjellstove og Bjåen-gardane. Biletet er truleg teke sumaren 1939. Gamalt prospektkort frå samlinga ved Setesdalsmuseet. Bjåen fjellstove - flyfoto frå ca 1970 ved Norrønafly. Her frå Jorunn Rosenberg Rysstad via Setesdalsmuseet.
Bjåen fjellstove ligg på austsida av Breivatn i Bykle kommune, på flaten under Buskarlii, og i det nordvestre hyrna av Breivassflotti. Tomta og teigen ikring som høyrde til, ligg på grunnen til den eigedomen, gnr 2, bnr 9, og har aldri vorte formelt utskilt eller matrikulert for seg sjølv. Sjølv om eigedomen vart utskild frå Hovden, er han nært knytt til Bjåen som er ein av Breivegardane.
Bakgrunnen for byggjinga av fjellstoga var at det i andre helvta av 1930-åra vart arbeidd med veganlegg frå Hovden til Haukeli. Når denne vegen vart ferdig, ville det vera køyrande med bil frå Vinje over Valle og alt til Kristiansand. Dette måtte ein vente ville føre turisttrafikk med seg, og det burde det gå an å gjera seg ei næring av. Omlag såleis har han nok tenkt, Aslak Såvesson Bjåen frå Nor i stoga, då han bestemte seg for å setje i gang med fjellstove innmed nyvegen. Det fyrste tiltaket hans på staden var å setje opp ei hytte, som han fekk under tak i 1937. Dei større bygga, sjølve fjellstoga og uthuset, laut vente til vegen vart ferdig året etter, for slike materialmengder var ikkje godt å draga fram med hest. Les mer …
|