Forside:Kviteseid kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Vestfold • Telemark (Distrikt: Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark
KOMMUNE: Bamble • Drangedal • Fyresdal • Hjartdal • Kragerø • Kviteseid • Midt-Telemark • Nissedal • Nome • Notodden • Porsgrunn • Seljord • Siljan • Skien • Tinn • Tokke • Vinje

Om Kviteseid kommune
0829 Kviteseid komm.png
Kviteseid («Hvitesjø», eldre navn Hvidesø og Hvidesøe, også skrevet Hviteseid) er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke (før 1. januar 2020 i Telemark). Han grensar i nordvest til Seljord, i aust mot Nome, i sør mot Drangedal, Nissedal og Fyresdal, og i vest mot Tokke. Høgaste punktet er Sveinsheia (1141 moh.). Viktige næringsvegar er handel og service, skogsdrift, jordbruk, turisme og vasskraft. Kviteseid omkransar Kviteseidvatnet. Kviteseidvatnet er tilknytta Telemarkskanalen (Bandak-Norsjøkanalen) med slusesamband heilt ned til Skien.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Thor H. Wraa (1949).

Thor Hansson Wraa vart fødd på Gotuholt i Lundevallgrendi i Kviteseid den 2. august 1912. Han var son av Hans Torsson Wraa (1884-1938) og Tårånn Kristiansdotter Fjone (1884-1973). Thor hadde tre syskjen; Thor Hansson Wraa d.e. (1910-1911), Signe Marie Hansdotter Wraa (1916-1999) og Kristian Johan Hansson Wraa (1918-2003). Thor var gardbrukar på Gotuholt i alle sine dagar. Etter at faren døydde budde han her i lag med mora og sine to syskjen, Signe og Kristian. Mora døydde i 1973, og då tok syskjenflokken over garden. Alle tre var ugifte og ingen hadde ungar.

På garden hadde dei hest, kyr, sau og høner. Thor var født med ein hoftefeil, og sleit difor med det fysiske arbeidet. Kring 1960 reiste han til Oslo for å operere, men operasjonen vart mislukka. Han verka meir som ein administrator på garden, der det var broren som gjennomførte det tyngste arbeidet.På garden dreiv dei med tømmerhogst og tømmerkøyring i gamal stil, i tillegg til det vanlege jordbruket. På garden var det også eit gamalt bygdemeieri i kjellaren, men dette vart truleg avvikla omlag då faren døydde i 1938.   Les mer …

Inntrykk og tanker på julereisen hjem i 1927.Overfylt tog ut fra Oslo vestbanestasjon, masse julegjester på veg hjem til sine. Jeg plasserte kofferten min borte i en krok, og tok plass på den. Så satte toget seg i bevegelse. Langt borte over åsene i vest, kastet dagen sitt første lysskjær, mens vi kjørte forbi alle de kjente, små stasjonene utover til Sandvika. Her kommer dagen, brytende den mørke natten. En blank vinterdag med kulde ser det ut til å bli. I kupeen ved siden av har noen tatt frem en reisegrammofon, mens skjess og valser skiftes annen hver gang. Lenger borte står noen og tar juledrammen, mens i et annen hjørne står et forelsket par og småprater. Det er kanskje første juleturen de har sammen?

Jeg skulle treffe en Skiensgutt på toget, men har ennå ikke sett noe til ham. Får se på Drammen stasjon, så han får de magasinene jeg har tatt med til ham. Stakkar, det er ikke godt å være arbeidsløs, især en julaften. Jeg liker meg dog best alene. Sitte her å se på folkelivet. Det er ikke alltid man liker å prate, aller minst på veg hjem en julekvell.

"Drammen stasjon. Åtte minutter!" Konduktørens rop lyder så selvsikkert, i motsetning til alle de nervøse, påtrengende passasjerer som skal av. Jeg lister meg ut, og i fullt firsprang til restauranten. ½ øl smaker godt, mens jeg ser meg rundt etter kjente. Det er ingen å se. Begriper ikke hvor Nilsen er, kan ikke finne ham, selv om jeg går langs hele vognrekken, speidende, hutrer og fryser.
Aa i Høydalsmo.
Foto: Jørgen Høydalsmoen (1927) / Vest-Telemark Museum / VTM/A-1026
  Les mer …

Gunnar Utsond i 1913
Foto: Fotograf: L. Szacinski (firmaet) / Oslo Museum

Gunnar Utsond (fødd på Nordgarden i Lundevallgrendi, Kviteseid 31. august 1864, død på Neset i Sundkilen i Kviteseid 27. januar 1950) var ein bilethoggar frå Kviteseid i Telemark.

Foreldra til Gunnar Utsond var byggmeister og gardbrukar Olaus Svenkesen (1829–1899) og Hæge Nordbø (1836–1874). Han vart gift med Gunhild Øyan (født 17.3.1885, død 23.3.1972) 8. september 1903 i Kviteseid. Ho var dotter av Kjetil Øyan (1848–1905) og Kari Blikom (1845–1930).

Utsond vokste opp i Kviteseid og byrja tidleg med treskjering. Då han var 17 år reiste han til Kristiania, der han kom inn på Den kgl. Tegneskole under Julius Middelthun. Samstundes utdanna han seg til tannlege og praktiserte ei kort tid i Larvik og Kviteseid. 1889 bestemte han seg for å satse på kunsten og reiste til København, der han vart elev av Stephan Sinding.   Les mer …

Telemark Folkehøgskule låg der Kvitsund Gymnas ligg i dag.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Telemark Folkehøgskole vart skipa i 1880 av Viggo Ullmann, seinare stortingspresident og amtmann i Bratsberg. Skulen starta opp på garden Bjørge i Seljord. Drifta vart flytt til Utsond i Kviteseid i 1914.

Viggo Ullmann sin skule i Seljord hadde eit førespel, da folkehøgskulepioneren Olaus Arvesen heldt skule for 80 elevar på Bjørge i året 1878-1879. Som medlærarar hadde Arvesen Oddmund Vik, seinare statsråd og fylkesmann, og nordlendingen P. Pedersen.[1]

I 1880 starta så Viggo Ullmann sin skule i Telemark. Skulen hadde som formål å gje bygdeungdom ei meir yrkesretta utdanning. Det fyrste året heldt han til på same staden som Arvesen hadde halde til, Bjørge i Seljord. Det var 70 elevar, 48 gutar og 28 jenter. Lærarar ved sida av Ullmann sjølv var førnemnde Oddmund Vik og Kr. Førland. Andre året var skulen i Drangedal, og vinteren 1882-83 i Vinje. Skulen fekk fast tilhaldsstad da Telemarkens Folkehøiskoles Aktieselskab kjøpte Utgarden (gnr. 45.6) i Seljord i 1885. Frå 1890 vart undervisninga halden i den nye bygningen Borgen på Utgarden.   Les mer …

Avduking av minnestøtte (1946) over dikterpresten Jens Zetlitz ved Kviteseid gamle kyrkje.

Jens Zetlitz (født 26. januar 1761, død 14. januar 1821) var opplysningsmann, dikter og prest i Kviteseid. Dikterpresten er i dag mest kjent for sine sine selskaps- og drikkeviser. Han blir husket for diktet «Mine Længsler» (Hvor saare lidet vil der til for lykkelig at være), som priser livets enkle gleder.

Zetlitz ble født i Stavanger. Foreldrene var regimentsfeltskjær Sigismundus Zetlitz (1725–62) og Mette Christine Magnus (1735–72). Han ble gift 1) med Maren Elisabeth («Elisa») Bull (11.9.1761–20.1.1801), datter av prost Jens Bull (1718–1804) og Axeliane Christine Smith (1737–62); 2) med Christiane Sophie Fasting von Krogh (9.2.1780–11.2.1867), datter av oberst, seinere generalmajor Søren de Fine von Krogh (1724–95) og Catharina Nicolava Frørup (1741–1803).   Les mer …

thumb
Foto: 250px
(Kommunevåpnene til kommunene som inngår i Vest-Telemarkbiblioteka.)
Vest-Telemarkbiblioteka er folkebibliotekene i Fyresdal, Kviteseid, Nissedal,Seljord, Tokke og Vinje samt Hjartdal. Bibliotekene bruker Mikromarc3 biblioteksystemer, og har felles søkbar bokbase. Samarbeidsformen utnytter kompetanse og ressurser til brukerenes beste i en region med store avstander og spredt bosetning. Samarbeidet kom igang uten prosjektmidler fra ABM-utvikling. Vest-Telemarkbiblioteka har på mange måter gjennomført de beste ved intensjonene i Bibliotekreform 2014.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Kviteseid kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar


  1. Stauri, R. 1930:40.