Olav Naadland 1927 Foto: Ukjent.
Olav Naadland (fødd i Seljord 16. juli 1899, død 14. oktober 1965 i Vinje) var lærar og folkehøgskulestyrar.Olav Naadland tok eksamen artium ved Stavanger høiere offentlige almenskole i 1921, og tok også førebuande prøve i filosofi ved universitetet. Han avla lærarprøva ved Notodden private lærarskule i 1926, og fekk det meste av si yrkesgjerning i folkehøgskulen. Allereie før han tok lærareksamen vikarierte han ved Telemark folkehøgskule i Kviteseid (1922-1925) og ved Sunnhordland folkehøgskule (1923-1924). I 1926 vart han tilsett ved Gudbrandsdalens folkehøgskule, der han vart verande i 14-15 år. I 1940 tok han over etter far sin som styrar ved Telemark folkehøgskule, og var der til skulen vart nedlagd i 1950. Deretter var han lærar i folkeskulen i Vinje til sin død.
Han var også gardbrukar i feriane og på heiltid under okkupasjonstida 1941-1945. Les mer …
Seljord Meieri på 1940-talet. Foto: Sætherskar, 1949, s. 882.
Seljord Meieri vart skipa som eit andelslag 19. september 1937. Frå byrjinga var ordførar O. L. Bjørge formann i meieriet.Allereie i 1890 vart det skipa eit smørmeieri i Seljord kommune, men dette var berre i drift i nokre få år. Seinare ordna Seljord Handelslag til eit smørlag som vart ei kjærkomen hjelp i mange år. Fyrst i 1937 vart det skipa eit ordentleg meieri i Seljord.
Meierilaget overtok Borgen frå Seljord Sparebank sitt konkursbo i 1937. Staten hjalp til med både bidrag og lån. Disponent Benterud var konsulent ved innreiing og montering av kjelleretasjen til meieri. Ein sette også inn utstyr til å lage geitmysost. Meieriet vart meldt inn i mjølkesentralen og fekk ta i mot mjølk og fløte frå 1. februar 1939. Les mer …
Seljord Billag, L/L, blei skipa på møte i Klokkarstogo i Seljord 3. mai 1919. Frå byrjinga heitte laget Seljords Automobillag. Føremålet med laget var «å driva biltrafikk i rute millom Ulvenes og Årnes for på den visi med ein samstelt person og varebil millom ana å frakte varone til medlemane millom nevnde stellur». Torgrim Haugerud blei valt til formann. Den fyrste bilen laget kjøpte, var ein Federal lastebil. Den vart påbygd i Seljord, «med eit karosjeri på ein måte, men det var nokso primitivt». Før bilen blei satt i rute, kosta den laget 19 865 kr. Bilen køyrde ruta to gonger i veka, men berre om sumaren. Les mer …
thumb Foto: 250px (Kommunevåpnene til kommunene som inngår i Vest-Telemarkbiblioteka.)
Vest-Telemarkbiblioteka er folkebibliotekene i Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje samt Hjartdal. Bibliotekene bruker Mikromarc3 biblioteksystemer, og har felles søkbar bokbase. Samarbeidsformen utnytter kompetanse og ressurser til brukerenes beste i en region med store avstander og spredt bosetning. Samarbeidet kom igang uten prosjektmidler fra ABM-utvikling. Vest-Telemarkbiblioteka har på mange måter gjennomført de beste ved intensjonene i Bibliotekreform 2014. Les mer …
|