Helland ca. 1950 Foto: Norske gardsbruk
Margit Gjermundotter Haugan (fødd 17. november 1830 i Skafså, daud 17. oktober 1918) var hagebrukar. På nedre Haugane fekk ho planta ein større frukthage med i alt 99 epletre, dei fleste hadde ho sådd i potter som frø. For frukthagen på Haugane fekk ho sylvmedalje av Telemark Landbruksselskap. Ho fekk og fleire påskjøningar for mellom anna veving. I 1861 var Lindeman i Fyresdal og skreiv ned 5 melodiar etter Marjit Jermundsdatter Haugene. Les mer …
Hanna Castberg von der Lippe ca. 1920. Foto: Ukjent/Digitalt museum Hanna Castberg von der Lippe (fødd i Skien 31. august 1872, død i Oslo 26. juni 1926) var lærar, forfattar, journalist og samfunnsdebattant. Ho var særleg engasjert i nasjonale og sosialpolitiske spørsmål, ut frå ein politisk radikal og kvinnefrigjerande ståstad. Ho stod norskdomssaka og den frilynte ungdomsrørsla nær, og gjekk inn for den radikale linja i unionsspørsmålet i 1905. Ho tilhøyrde ein sterkt samfunnsengasjert familie, og hadde ein far og ein bror som båe var framståande politikarar på den radikale fløya i Venstre. Sjølv vart ho etterkvart sosialist. Sonen Just Lippe vart ein framgrunnsfigur i NKP.
Etter avlagt examen artium fekk ho fyrst eit vikariat som styrar av ein privat mellomskule i Elverum. Frå 1892 til 1894 var ho guvernante hjå sokneprest Erichsen i Trysil. Sven Moren fortel i sine memoarar kor sterkt inntrykk denne «emansiperte» unge kvinna gjorde på han og bygdefolket elles der. Ho var aktiv i ungdomslaget og danna songkor som ho sjølv dirigerte. Ho gjekk fremst i 17. maitoget, og heldt sjølv tale for dagen. Med reaksjonar som spente frå sjokk til beundring kunne folk fortelje at ho både drakk øl og røykte sigar i selskap med berre karar.
Les mer …
Rikard Berge, frå boka Ljos over Telemark. Foto: Ukjend
Rikard Berge (fødd 7. november 1881 i Rauland, død 26. september 1969 i Skien) var konservator, folkeminnesamlar og bygdebokforfattar. Han gjorde eit stort arbeid med å samle folkeminne, særleg frå Telemark, og la mykje av grunnlaget for seinare kulturhistorisk arbeid.Rikard Berge voks opp hos morfaren Rikard A. Berge (1815–1902), som han hadde namnet sitt etter. Etter å ha teke lærarprøva var han skulemeister ei tid. Sjølv om han ikkje tok examen artium følgde han førelesingar hos Moltke Moe på Det Kgl. Frederiks Universitet i Kristiania. Han var òg i København og fekk råd frå Axel Olrik.
I 1908 gifta han seg med Johanna Bugge. Faren hennar, professor Sophus Bugge, døydde året før. Berge fekk då tilgang til oppskriftene etter Bugge, mellom anna kring 1200 balladeoppskrifter. Berge og kona kom i konflikt med universitetet om retten til desse manuskripta. Universitetet meinte å ha rett på dei, medan ervingane meinte at det var deira eigedom. Berge tapte i retten. I åre som følgde var det strid mellom Berge på den eine sida, og først Moltke Moe og så Knut Liestøl på den andre. Liestøl skipa i 1914 Norsk folkeminnesamling, og var tilhengar av eit sentralinstitutt for folkeminne for heile landet. Berge var ueinig, og ville ha samlingar på musea rundt i landet, og eit samarbeid mellom lokale einingar og eit sentralt organ. Særleg i artikkelen «Decentralisation» frå 1920 var Berge kvass i ordbruken i denne strida. Les mer …
Adelsvåpen tildelt Eiler Gyldenpalms far stiftamtmann Hans Hagerup posthumt ved adelspatent 23. februar 1781.
Eiler Hagerup Gyldenpalm (født 16. august 1740 i Trondheim, død 13. oktober 1817 i Porsgrunn var lagmann i Skien fra 1777 til 1797, og samtidig borgermester i samme by.
Hagerup ble utnevnt til lagmann 18. juni 1777 og satt i embetet til det ble opphevet i 1797. Han var borgermester i Skien i samme tidsrom.
Hagerup ble student i Trondheim i 1757. Den 6. desember 1760 ble han cand. theol. og 13. mai 1762 ex. jur. (bekvem).
Den 7. desember 1770 ble han president og borgermester i Kristiansand. Etter at lagmannsembetet ble opphevet i 1797 fortsatte Hagerup i embetet som borgermester i Skien. Han ble innvilget avskjed den 10. februar 1810. Hagerup flyttet til Porsgrunn der han døde 13. oktober 1817. Les mer …
J.L. Qvisling (ukjent fotograf)
Jon Laurits Qvisling (fødd 16. september 1844 i Fyresdal, død same stad 5. februar 1930) var prest og forfattar. Han var den eldste av ti sysken derav ni vaks opp. Foreldra, Gro og Lars Abraham Qvisling, kjøpte garden Lunden i Hegglandsgrend i 1844.
Jon Laurits budde på Lunden til han reiste som ung til Skien for å gå på Skiens lærde Skole. Her tok han eksamen artium i 1862 med karakteren prae ceteris. I 1869 tok han teologisk embetseksamen, men var lærar i Drammen og Grimstad til han blei tilsett som sokneprest i Fyresdal i 1879. Her virka han til 1893.
Under opphaldet i Fyresdal gifta han seg med den omtrent seksten år yngre Anna Karoline Bang (1860-1941) i Grimstad i 1886. Ho var dotter av skipsreiar Jørgen Bang og Antonette Dorothea Huseland. Dei hadde fire born saman: Vidkun, Jørgen, Esther og Arne. På Digitalt museum, Norsk folkemuseum, Fyresdal, er der ein album med ei lang rekke bilete frå livet i prestegarden og frå Lunden teke av Jon Laurits Q. sjølv meiner ein. Les mer …
|