Murboligen. Foto: Dag Endre Opedal (2009)
Historia om Murboligen i Odda startar i 1913. Arkitekt Egill Reimers står bak bygget som hadde 44 leilegheiter då det var nytt. Forfattaren Frode Grytten brukar huset som ramme i romanen Bikubesong.
Då planane for Murboligen blei utarbeidd i 1913, var Odda inne i ein vekstperiode som kravde nye og raske løysingar på mange felt. Utvidingane på karbid- og cyanamidfabrikken frå 1912 skapte stadig nye arbeidsplassar og eit stort behov for permanente bustadar og gode familiehus. Opplysningar frå bedriftsarkivet til karbidfabrikken (Alby United Carbide Factory. Ltd), forløparen til Odda Smelteverk, viser at talet på tilsette auka frå 350 personar i 1910 til 795 personar i toppåret 1915. Ikkje rart Odda opplevde «byggeboom». Reimers har i alt teikna to kjende og karakteristiske bygg i Odda. Omkring 1920 fekk han oppdraget med å teikna Formennenes hus, no kjent som Formannshuset. Men dette blei først bygd i 1928 på grunn av dei vanskelege kriseåra tidleg på 20-talet. Les mer …
Smelteverksporten markerte kontaktpunktet mellom byen og verket, mellom arbeidet og fritida. Foto: Dag Endre Opedal (2009)
Porten inn til smelteverket i Odda var lukka for folk flest så lenge det var produksjon på verket. Her måtte alle arbeidarane passera og «stempla inn» før dei gjekk inn på fabrikken. Og her strøymde dei ut att når arbeidstida var over. Det var folk på arbeid både natt og dag og folk og bilar passerte ut og inn.
Pulsen i Odda sentrum blei ikkje den same etter at Odda Smelteverk AS stoppa for godt tidleg i mars 2003. Les mer …
Portrett av Knudsen Foto: Ukjent fotograf
Knud Knudsen (født 3. januar 1832 i Odda, død 21. mai 1915 i Bergen) regnes som en av de første store landskapsfotografene i Norge. Fotoatelieret han åpnet i Bergen i 1864, drev med portrettfotografi, men var også rettet mot turistene, og Knudsen fulgte med på mange turistruter. Han har dokumentert en mengde hoteller og severdigheter - fra helt sør i landet til Finnmark.
Knudsen ble født på Bustetun i Odda, og var sønn av gårdbruker Knut Knutsen Bustetun og Anna Nilsdatter Rabba. Han ble selv aldri gift. Det så først ut til at det var fruktdyrker han skulle bli, men etter hvert begynte han å interessere seg for fotografi. Han hadde sannsynligvis lært fotografering hos Marcus Selmer i Bergen i slutten av 1850-årene. Les mer …
Faksimile fra Aftenposten 19. mars 1975: omtale av Torstein Dales bortgang.
Torstein Dale (født 8. mai 1907 i Dale i Bruvik, død 18. mars 1975) var lege og sanitetsoffiser. Han hadde en lang militær karriere, som ble avsluttet som generalmajor og sjef for Forsvarets sanitet. Han var fra 1966 til sin død president for Norges Røde Kors. Ved folketellingen for 1910 er Torstein Dale oppført sammen med foreldrene i Nydalen i Odda, som da lå i Ullensvang herred (utskilt som egen kommune i 1913). Faren er oppført som arbeider ved karbidfabrikken i Odda. Les mer …
Hovlandshuset i Odda har adressa Eitrheimsvegen 20. Dette er eit typisk hus for sveitserstilen i Odda sentrum. Det har listverk og pynt i kontrastfargar, og det merker seg ekstra godt ut med knekt hjørne og møne, - nesten som eit tårn, på det mest framtredande hjørnet. I dag (2022) finn vi Bjørg Frisørsalong bak hoveddøra her.
Eitrheimsvegen 20 er bygd i 1909 av ein privatperson og forretningsdrivande i Odda, Martin Hovland. Hovland og kona Barbro dreiv garveri. Eigedomen har gardsnr. 62, bruksnr. 3 i Ullensvang kommune. Alle hus som har gardsnr. 62, ligg på mark som har tilhøyrt garden Bakke. Les mer …
|