Brottveitloftet frå Brottveit i Valle er eit av få trihøgde loft i landet. Foto: Olve Utne (2008)
Setesdalstunet på Norsk Folkemuseum har tretten bygningar arrangert som eit rekkjetun på to rekkjer. I Setesdal var dette ein vanleg tuntype, som oppstår når ein gard delast i to bruk, og bygningane samlast på eit felles tun. Av di det er to brukarar med familier som har kvart sitt bruk er det to av dei fleste typer bygningar på eit slikt tun.
Bygningane er henta frå Setesdalskommunane Bygland, Valle og Bykle. Sagastua skiljer seg frå dei andre ved at det er ein moderne kopi. Museet bygde ein kopi av gamlestog på Kjelleberg i Valle, og her kan ein sjå korleis ei årestua kan ha sett ut når ho var ny. Bygningen er reist med metoder, material og reiskap som var i bruk for 300 år sia. Les mer …
Grøslistua på Norsk Folkemuseum. Grøslistua på Norsk Folkemuseum er ei stue frå søre Grøsli i Flesberg. Ho er ei treroms peisestue, med forstue, stue og kove. Ho var ei av dei fyrste peisestuene i Numedal. Stua vart antakelig bygd av Hallvard eller Halvord Grøsli, som eigde garden frå 1604 til 1653. Hallvard var ein rik bonde: Under Kalmarkrigen var han ein av tre menn i Flesberg som ikkje berre betalte vanlege skattar, men også utstyrte ein soldat Les mer …
|