Forside:Rogaland fylke

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Rogaland»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland (Distrikt: Jæren • Ryfylke • Haugalandet) • Vestland
KOMMUNE: Bjerkreim • Bokn • Eigersund • Gjesdal • Haugesund • Hjelmeland • Hå • Karmøy • Klepp • Kvitsøy • Lund • Randaberg • Sandnes • Sauda • Sokndal • Sola • Stavanger • Strand • Suldal • Time • Tysvær • Vindafjord • Utsira

Om Rogaland fylke
11 Rogaland vapen.png
Rogaland er et fylke på Vestlandet. Det grenser mot fylkene Vestland, Agder og Vestfold og Telemark.. Administrasjonssenteret er Stavanger.

Fylket ble opprettet i 1919 da Stavanger amt ble omdefinert. Ved regionreformen 2014–2018 var Rogaland et av fylkene som fortsatte som før uten sammenslåing.

Kommuner

  Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Kraftstasjonen Sauda III stod ferdig i 1930. Arkitektane Bjercke og Eliassen stod for utforminga av stasjonen, og det var det lokale kraftselskapet A/S Saudefaldene som var utbyggjar.
(2016)

Kraftstasjonen Sauda III ligg som eit landemerke, sentralt i Sauda, og godt synleg når ein kjem inn fjorden. Vasskrafta var grunnlaget for industrireisinga i Sauda, og det var A/S Saudefaldene som stod for utbygginga. Kraftutbygginga med Sauda I-IV skjedde i ein femtiårsperiode frå 1919 (Sauda I) til 1967 (Sauda IV). Kraftstasjonen Sauda III starta å produsera kraft 15. februar 1931, og heldt det gåande fram til aggregata blei slått av for godt i 2008. Sauda III vart då erstatta av det nybygde Sønnå kraftverk.

Utbygginga Sauda III, med kraftstasjonen, røyrgata og dammen ved Storlivatnet, har nokre særeigne og særskilde løysingar som er verdt å ta vare på. Mellom anna er dammen ved Storlivatnet rekna som eit pionerarbeid innan norsk dambygging. Dammen vart planlagt av den kjende dameksperten og ingeniøren Christian Fredrik Grøner. Arbeidet og planlegginga av sjølve kraftstasjonen stod dei like kjende arkitektane Andreas Bjercke og Georg Eliassen for.   Les mer …

Det rekonstruerte bronsealderhuset i fortidslandsbyen på Forsandmoen. Huset har leirklinte, doble flettverksvegger og stråtak. Leirkliningen er ei blanding av blåleire, sand, finhakka malm og kumøk. Huset er bygd av rundtømmer som er hogd i Forsand og nabokommunane, og utan bruk av spiker.
Foto: Knut Rage (2013)
Forsandlandsbyen var ei busetjing på Forsandmoen i Forsand kommune i bronsealder og eldre jernalder. Dette er den første førhistoriske landsbyen som er undersøkt i Noreg. Studiar av stadnamna i området indikerer at namnet Landa blei nytta om busetjinga her. Fleire hus er rekonstruerte, og publikum kan besøka fortidslandsbyen Landa for å få inntrykk av korleis folk budde og skaffa seg det dei trong. Arkeologisk museum i Stavanger undersøkte i 1980 ei gravrøys på Forsandmoen. Det kom då for dagen busetjingsspor, noko som blei innleiinga til eit prosjekt som pågjekk fram til 1990 under leiing av arkeologen Trond Løken. For første gong blei flateavdekking nytta i stor skala ved arkeologiske granskingar her til lands. Metoden går ut på å fjerna dyrkingslaget med maskin for å kunna finna spor etter busetjing i undergrunnen.   Les mer …

Utstein kloster, 2006.
Foto: Frode Inge Helland
Utstein kloster ligg på Klosterøy, den vestlege delen av Mosterøy i Stavanger kommune. Klosteret var for augustinarkannikar og vigd til St. Laurentius. Utstein er det best bevarte klosteret frå mellomalderen i Norge, men det har også mange trekk frå tida som herregard og frå restaureringsarbeid på 1900-talet. Staten kjøpte klosterkyrkja i 1899, og i 1935 overtok Nevnden for Utstein Klosters bevarelse (seinare Stiftelsen Utstein Kloster) heile klosteranlegget. Utstein kloster er eit mykje besøkt turistmål, og her vert ofte arrangert seminar, konferansar og konsertar.   Les mer …

Allmannajuvet i Sauda kommune, frå anlegget teikna av den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor. Her ser ein galleriet.
Foto: Knut Rage
(2017)

Allmannajuvet i Sauda kommune var i åra frå 1882 til 1898 eit gruveområde der det vart henta ut malm. I dag er dei nedlagde malmgruvene omgjort til ein turistattraksjon som årleg tiltrekkjer seg tusenvis av besøkande. Det første registrerte funnet av malm i Sauda vart notert 2. oktober 1881. Fram til drifta vart nedlagd i 1898, vart det produsert 12 000 tonn malm i gruvene. Dei første åra vart malmen frakta med kløvhestar ned til fjorden. Hestane bar 100 kilo malm, mens mennene tok 25 kilo kvar. Malmen vart transportert vidare med dampbåt langs Saudafjorden og eksportert til utlandet.

Det var husmannen og ferjemannen Gregoirus Hansson Tengesdal som i 1881 gjorde eit funn som skulle bli starten for industristaden Sauda, og dermed føra arbeidarklassen, industri og utanlandsk kapital dit. Han fann nemleg hovudåra i eit belte av sinkblende. I det solfattige juvet 6-7 kilometer aust for Sauda fekk bygda si første industriverksemd, Sauda Grubekompani.   Les mer …

Byste av Ole Nielsen, reist i 1920 ved Storahuset på Ålgård. Kunstnar: Jo Visdal.
Foto: Rune Sattler/Wikimedia Commons.
Ole Nielsen (fødd i Hjelmeland 12. januar 1827, død i Sandnes 23. april 1915) var utlærd handverkar (fargar), og er mest kjend som industrigründar og fabrikkeigar. Han grunnla mellom anna Aalgaards Uldvarefabrik. Nielsen var ein viktig pioner i det som har vore kalla «industrieventyret på Jæren», og representerer i eigen person ei illustrerande utviklingslinje frå handverksbasert protoindustriell verksemd til moderne storindustri innan tekstilbransjen. Han kan også sjåast som ein eksponent for den arbeidsetikken og entreprenørånda som prega det haugianske miljøet som han tilhøyrde, enda om det er litt omdiskutert kor vidt han personleg skal oppfattast som haugianar. Nielsen vart tildelt Oscar IIs fortenestemedalje i 1887, og utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1903. Da hadde han gått ein lang og suksessrik veg frå dei smålåtne kår han var fødd inn i.   Les mer …

Sjølportrett av Kitty Kielland fra 1887.
Kitty Lange Kielland (født 8. oktober 1843 i Stavanger, død 1. oktober 1914 i Kristiania) var kunstmaler. Hun var en av de fremste norske landskapsmalerne i 1880-åra, og bidro mye til utviklinga av nyromantikken i malerkunsten i 1890-åra. Hun var også kvinnesakskvinne, og var blant annet med på å stifte Norsk Kvinnesaksforening.   Les mer …

Olavskyrkja på Avaldsnes.
Foto: Christian Bickel
Avaldsnes ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av kongane som skal ha budd på neset i førhistorisk tid. Karmsundet er trongt ved Avaldsnes, og kontroll over ferdselen langs hovudleia gav dei som sat her ei sterk maktstilling. Velstanden til Avaldsnes-herskarane i bronsealder og jernalder kom til uttrykk i ei rekkje høgstatusgraver. Innanfor eit lite område som omfattar prestegarden Avaldsnes og nokre av nabogardane, er det dokumentert ein konsentrasjon av elitegravleggingar som knapt nokon annan stad i Skandinavia kan oppvisa maken til. Avaldsnes var Rogaland fylke sin tusenårsstad.   Les mer …

C. Mølbach. Ukjent kunstnar.
Christen Mølbach (fødd 8. november 1766 i Kristiansand, død i Egersund 7. juli 1834) var kjøpmann og skipsreiar i ladestaden Egersund, dansk og nederlandsk visekonsul, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. Han var blant dei leiande og mest velståande i det egersundske borgarskapet dei fyrste tiåra av 1800-talet, med base i det staselege herskapshuset Nesgård, ein eigedom som hadde følgt med ekteskapet. Mølbach kom til Egersund som sorenskrivarfullmektig. Kva slag utdanning han hadde, framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder. Det blir påpeikt i Egersund byhistoriske leksikon at Mølbach hadde eit utgangspunkt i danningsborgarskapet. Han hadde reist mykje, og hadde kanskje juridisk utdanning. Danningsbakgrunnen og hans praktiske verksemd som kjøpmann på den internasjonale marknaden gav han god innsikt i europeisk politikk og maktforhold i tida.   Les mer …
 
Sjå óg
 
Kategoriar for Rogaland fylke
 
Andre artiklar