Aure sett frå fjorden. (ca. 1948-49)
Aure er namnet på den gamle sentrumsgarden i Sykkylven. I dag ligg den karakteristiske sentrumskvadraturen på grunn som tilhøyrde Auregarden. Det gamle klyngetunet er framleis intakt, med både våningshus og driftsbygningar, men det vert ikkje drive aktivt landbruk her lenger.
Namnet har vore skrive på ulike måtar: Ewre i 1520, Ouffre i 1603, Offraa i 1606 og 1616, Ouffre i 1617, Oure i 1666, og Oure med Ullevig Engeslette i 1724. Garden grensar i sør mot Klokkerhaug, Nakkegjerde og mot Viks sætremark, i aust mot Haugset, i nord mot Grebstad, Hjellegjerde og Indre Fauske, og i vest mot Sykkylvsfjorden. Ei bukt av fjorden, Ullavika, går inn mot nordre delen av Aure, og Haubukta eller berre kalla Bukta går mot søre delen på grensa mot Klokkerhaug.
Aureelva renn gjennom garden. Ho kjem frå Andestadvatnet. Nedafor Haugset er ho eit kort stykke grenseskil mellom Grebstad og Aure, men renn sidan over Aure si mark til ho munnar ut i fjorden på sørsida av Ullavika. Les mer …
Ungdomshuset Vårvon feira i 2012 100-årsjubileum. Ungdomshuset Vårvon ligg i Straumgjerde i Sykkylven kommune. Huset vart bygd av Ungdomslaget Samhald, med Ole Ingebrigtsen Strømme og Hans Tandstad blant drivkreftene. Vårvon vart innvigd i 1912, og gjennom fleire tiår var bygningen det einaste samlingshuset i Straumgjerde. Fram til første byggjesteg på nyeskulen stod ferdig i 1955, var det ikkje noko anna lokale som kunne samle bygdefolket under større arrangement. Først tretten år seinare vart gymnastikksalen på skulen bygt. Om lag på same tida kom bedehuset.
Etter kvart som det nye fjernsynsmediet tok meir og meir av merksemda til folk, vart det vanskelegare å få friviljuge til å aktivisere seg i lagsarbeidet, ja, også å få dei til å stille som publikummarar når det vart skipa til grendafestar eller kinoforestillingar. Kring 1980 var det likevel nokre ungdomar som bles nytt liv i laget. Jarle Strømmegjerde var ein av drivkreftene. Då han gjennom lokalavisa i september 1983 inviterte straumgjerdingane til grendafest, var det nettopp fjernsynet han såg på som den hardaste konkurrenten. I følgje Strømmegjerde hadde likevel ein grendafest meir å fare med enn aktørane i den amerikanske såpeserien Dynastiet. Les mer …
Fabrikkeigar Jens E. Ekornes, grunnleggaren av Ekornes-konsernet.
Jens Ellingsen Ekornes (fødd 20. januar 1908, død 25. november 1976) var ein industrileiar frå Sykkylven, grunnleggar av Ekornes-konsernet.
Jens Ekornes var nr. to av fem brør: Sigurd f. 1906, Jens f. 1908, Martin f. 1912, Leiv Peder f. 1917 (men døydde halvt år gamal) og Leif som yngstemann f. 1919. Allereie i barneåra hadde Jens ein trong til å sysle med alt som rørte seg, og mange finurlege konstruksjonar vart til, til dømes skovlhjul i elva. I 15-årsalderen vart Jens med som stuert på båt i to månader på etterjulsvinteren, og ferda gjekk til Kvalvåg på Bremangerlandet, der faren dreiv oppkjøp av fisk. Denne etterjulsvinteren gav Jens reiselyst og eventyrlyst. Han ville oppdage meir av den store verda og melde seg på ein tur med den 35 fots lille ”Brand I”, eit sjøgutskip med 12 gutar i alderen 16-17 år. Dei drog sørover langs kysten frå Ålesund til landsspeidarleiren i Horten. Jens vart seinare aktivt med i speidarrørsla og i losjearbeid for avhaldssaka. Les mer …
Tandstad skule i Sykkylven 1910. Lærar Ole I. Strømme bak til venstre. Foto: Ukjent (frå heimesida til Sykkylven sogenemnd).
Ole Ingebrigtsen Strømme (fødd 23. februar 1876 i Sykkylven, død 17. februar 1936 i Oslo) var lærar, gardbrukar, lensmann og politikar. Strømme var ein typisk representant for den utdanna lærarstanden kring det førre hundreårsskiftet, og som så mange av dei, kom han frå enkle kår. Han vaks opp på Strømmebruket i Straumgjerde (Sykkylven kommune), som son av gardbrukar og fiskar Ingebrigt Hanssen Strømme (1853-1928) og Severine Karlsdotter f. Drotninghaug (1851-1928). Etter utdanning reiste han tilbake til bygda han kom frå. Han la ned eit stort og idealistisk strev i ungdomslag og skule, og i perioden 1919-36 var han lensmann i Ørskog og Sykkylven. Innsatsen vart lagt merke til, og han fekk ein karriere heilt til topps i det norske samfunnet. På 1930-talet var Venstre-mannen Strømme både stortingsrepresentant og statsråd. Les mer …
Stopping av puter hjå Hjelle i 1960-åra (ukjend fotograf). L.K. Hjelle er ein møbelfabrikk i Sykkylven. Bedrifta vart skipa i 1940 av Lars K. Hjelle og svograne hans, Arne Welle og Petter Furseth. Første tida var bedrifta spreidd over seks forskjellige kjellarlokale i Sykkylven, men i 1942 bygde dei fabrikk på Vikøyra. Då var talet på tilsette kome opp i 16. Første byggesteget var på ei høgd, men fram til 1947 var bygget utvida til å omfatte tre høgder. Bedrifta hadde då kapasitet til å ta seg av treverkproduksjonen sjølv. Les mer …
Carl Eliassen Tandstad (fødd 3. februar 1875 i Sykkylven, død 1938) var lærar, musikar og komponist frå Sykkylven. Han vart fødd i Johannesgarden på Tandstad, som son av Elias og Guri Tandstad. Carl E. Tandstad ville nytte dei rike evnene sine, og som ung reiste han til Volda der han gjennomførte mellomskulen. Volda-tida vart ei rik tid for han. Der fann han også kona si, Ida. Etter som åra gjekk, fekk dei ein stor barneflokk. I Volda kom han i lag med den vidgjetne spelemannen og komponisten Per Bolstad. Begge var, trass i unge år, framifrå felespelarar. Dei inspirerte kvarandre som musikarar og utvikla ein varm, livslang venskap. Les mer …
|