Forside:Tysfjord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Nordland • Troms og Finnmark
DISTRIKT: Helgeland • Salten • Lofoten • Vesterålen • Ofoten
KOMMUNE: NarvikLødingenEvenesTjeldsund
TIDLIGERE KOMMUNE: BallangenSkånlandTysfjord

Om Tysfjord
1850 Tysfjord komm.png

Tysfjord kommune (bokmål/nynorsk) eller Divtasvuona suohkan (lulesamisk) er ein tidligare kommune i Nordland fylke. Kommunen vart utskilt frå Lødingens herred i 1869. I 2020 vart kommunen delt mellom Hamarøy kommune og Narvik kommune. Regionsmessig sett låg kommunen i brytningspunktet mellom Salten og Ofoten. Tysfjord grensa til Lødingen i Vesterålen over Vestfjorden i nordvest, til Hamarøy i Salten i sørvest og til Ballangen i Ofoten i nordaust. I aust grensar Tysfjord også til Jokkmokk og Gällivare i Norrbottens län i Sverige. Tysfjord utgjer kjerneområdet for lulesamisk språk i Noreg og låg under Forvaltningsområdet for samisk språk. Det lulesamiske språksenteret Árran ligg på Drag i Tysfjord Vest.   Les mer ...

 
Smakebiter fra artikler
Eldre samisk salmebok som har blitt brukt blant lulesamane.
Foto: Olve Utne
Lulesamisk (julevsámegiella) er eit samisk språk som ligg geografisk og språklig mellom tornesamisk (oftast klassifisert som nordsamisk) i nordaust og pitesamisk i sørvest. Språket blir tradisjonelt snakka blant lulesamar i Nord-Salten (særlig Sørfold, Hamarøy og delar av Narvik kommunar) i Nordland fylke så vel som i sørlige Gällivare og i Jokkmokk kommunar i Norrbottens län. Tysfjord kommune (Divtasvuona suohkan), som utgjer kjerneområdet for lulesamisk språk i Noreg, vart innlemma i Sametingets språkforvaltningsområde den 1. januar 2006, og lulesamisk og norsk er likestilte språk i kommunen. Ved delinga av Tysfjord kommune 01.01.2020 vart denne statusen overført til nye Hamarøy kommune.   Les mer …

Foto: Olve Utne
Lulesamar er fellesnamnet for dei samane som tradisjonelt held til i Lule lappmark i Sverige og i Nord-Salten i Nordland fylke. Det meir nøyaktige utbreiingsområdet i Nordland er frå Mistfjorden i Bodø kommune og Fauskeeidet i Fauske kommune og nordetter områda kring Folda og Tysfjorden. Overgangen til det markasamiske, som blir rekna til det nordsamiske området er flytande; likeleis overgangen mot det pitesamiske kring Saltfjorden. Opphavet til lulesamane i Nord-Salten inkluderer ei stor gruppe samar med tilknyting til Lule lappmark som flytta ned mot kysten da beitet svikta austom kjølen på 1700-talet. Det lulesamiske språket, som blir snakka av kring to tusen lulesamar, hører til den sentralsamiske dialektgruppa saman med nordsamisk og pitesamisk.   Les mer …

Sáme girjjebussa (lulesam.) eller Lulesamisk bokbuss er ein bokbuss som blir driven av Tysfjord folkebibliotekDrag. Eigar av bussen og ansvarlig for personalet er Tysfjord kommune. Bøkene inkluderer generelle bøker på samisk, med hovudvekt på lulesamisk, så vel som bøker om samiske emne på både samisk og skandinavisk. Dei har ein del generell fag- og skjønlitteratur på norsk og svensk òg. I tillegg har dei informasjonsmateriell om Sametinget i Norge. Sáme girjjebussa kom i gang hausten 2001. I tillegg til at bussen dekkjer Tysfjord kommune, har han turar til Evenes, Narvik og Ballangen kommunar i Ofoten og til Hamarøy, Sørfold og Fauske kommunar i Salten. I 2004 gikk Gällivare og Jokkmokk kommunar i Norrbottens län inn i samarbeid med Tysfjord, og sidan den tid har bussen gått fire turar i året til Gällivare og Jokkmokk òg.   Les mer …

Bårjås er eit lulesamisk populærvitskapleg tidsskrift som blir utgjeve av det lulesamiske muséet og kultursenteret Árran (Tysfjord)Drag i Hamarøy kommune. Tidsskriftet har komme ut sidan 1999 og kjem ut med eitt nummer i året.   Les mer …

Árran i juli 2009.
Foto: Olve Utne

Árranjulevsáme guovdásj / lulesamisk senter er eit senter for lulesamisk kultur på Drag i Tysfjord kommune i Salten/Ofoten. Senteret inneheld blant anna museum, språksenter og ein lulesamisk-språklig barnehage. (Barnehagen vart utskild som eiga verksamheit i 2018.) I tillegg har både sametingsadministrasjonen, NRK Sápmi, Nord Universitet og Statped kontor der.

Árran gjev ut eit populærvitskaplig tidsskrift om lulesamisk språk og kultur, Bårjås, som kjem ut med eit nummer i året. Språksenteret har vore involvert i produksjonen av det lulesamiske språkkurset Sámásta, og i tillegg er dei involvert i den planlagte utgjevinga av ei norsk–lulesamisk ordbok.   Les mer …

Magdalene Norman, selvportrett 1915.

Magdalene Norman (1877-1979) fra Korsnes i Tysfjord var fotograf i Harstad, Kjøpsvik, Lødingen, Tromsø, Trondheim, Boston, New York og Larvik. Norman har etterlatt seg et omfattende fotoarkiv fra tida som fotograf i Harstad.

Etter broren Sverres død i 1940, vendte hun og samboeren Aagot Olaussen tilbake til Korsnes for å ta over jobben som poståpner der. Hun ble i jobben til hun var 84, i 1960. Magdalene Norman ble 102 år gammel.

  Les mer …
 
Se også


 
Kategorier for Tysfjord
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artikler