Forside:Sykkylven kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sykkylven kommune (forside)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Haram • Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog

Om Sykkylven kommune
1528 Sykkylven komm.png
Sykkylven kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen ligg på sørsida av Storfjorden og grensar mot Fjord i aust, Stranda i søraust og Ørsta i sørvest. Nordom Storfjorden grensar Sykkylven til Ålesund og Sula kommunar.

Allment

Administrasjonssenteret ligg på Sykkylven, som også inkluderer bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grepstad og Vik. Til saman er det vel 4000 innbyggjarar i tettstaden Sykkylven. Dei to andre tettstadene er Ikornnes med 825 innbyggjarar og Straumgjerde (Straumgjerdet) med 482 innbyggjarar. Dei større bygdene er Velledalen, Hundeidvika og Ramstaddalen .   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
John Jarnes
John Jarnes (fødd 27. desember 1915, død 19. desember 2016) er ein tidlegare møbelfabrikant i Sykkylven. Han er fødd på garden Rongen, som son til Karl J. Jarnes. Karl dreiv gard og trevareproduksjon. Spesialiteten var produksjon av trapper. John vanka tidleg i verkstaden til faren, allereie frå 10-11-årsalderen var han med i produksjonen. Etter at han var konfirmert, arbeidde han for faren på heiltid. I 1936 vart han tilsett ved J.E. Ekornes Fjærfabrikk som den første i madrassproduksjonen. Jens E. Ekornes hadde to år tidlegare byrja å produsere metallfjører til møbelindustrien. Med slike fjører kunne ein også lage sengemadrasser. Dette vart starten på produksjonen av dei såkalla Svanemadrassene.   Les mer …

Sykkylven vidaregåande skule etter fasadeskiftet i 2013.
Foto: Dagfinn Fredly

Sykkylven vidaregåande skule vart oppretta i 1974 gjennom eit sterkt lokalt engasjement og kløktig bruk av gode alliansar, også på nasjonalt nivå. Skulebyggaren framfor nokon var inspektør ved ungdomsskulen, seinare rektor og skulesjef, Ola Longva.

I 1960- og 70-åra vart det meir og meir vanleg å ta vidaregåande utdanning. Det skjedde nærast ein utdanningseksplosjon i desse åra, noko ein kan vise med følgjande tal: Elevtalet i gymnaset vart femdobla på landsbasis frå 1950 til 1970. Elevtalet på fag- og yrkesskular auka frå kring 50.000 til 70.000 frå 1960 til 1970. Utviklinga var ikkje annleis i Møre og Romsdal: Talet på gymnasiastar i fylket var 450 i skuleåret 1950/51, 1000 i 1960/61 og 2500 i 1970/71. Dei sykkylvsungdomane som ønskte å ta vidaregåande utdanning måtte anten reise til Volda eller til Ålesund. Utover i 1960-åra var det fleire som byrja å snakke om at det no var på tide å arbeide for ein vidaregåande skule i kommunen.   Les mer …

Ecco-stolen til Møre Designteam (1970).
SapDesign er ei møbeldesignbedrift som vart etablert i 1989 av designaren Svein Asbjørnsen i Sykkylven. Svein Asbjørnsen er son til Asbjørn Asbjørnsen, som i åra 1943 til 1960 dreiv møbeltapetserarverkstad i Knutgarden på Aure. Svein fekk tidleg interesse for møbelproduksjon og formgjeving, og etter fagutdanning i møbel på Borgund Yrkesskule gjennomførte han møbeldesignutdanning ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo. I sommarferiane arbeidde han ved designkontoret til Ingmar Relling i Sykkylven. I 1969 var han blant dei første som fekk bransjeforeininga sitt stipend for unge, lovande designarar. Med på samme ordninga var Svein Leirdal.   Les mer …

Petter Kursetgjerde (fødd 12. januar 1913 i Sykkylven, død same stad 29. mars 2010) var ein av pionerane i fagrørsla i Sykkylven, og han var med på å ta initiativet til etableringa av Sykkylven treindustriarbeiderforening i 1945.

Petter Kursetgjerde var yngst av åtte søsken i ein småbrukarfamilie i Hundeidvik. Han hadde i unge år ein draum om å bli lege, men slikt var ikkje til å tenke på for ein med hans bakgrunn.

Han kom tidleg i arbeid og hadde erfaringar både frå Tusvik Møbelfabrikk og Tynes Møbelfabrikk då han byrja ved Vestlandske Stol- og Møbelfabrikk i 1935. Det var medan han arbeidde ved Vestlandske at han tok initiativet til å starte Sykkylven Treindustriarbeiderforening.   Les mer …

Formfin i 1950-åra.
Formfin er ein møbelfabrikk som ligg i Hundeidvik i Sykkylven kommune. Verksemda vart etablert i 1946 av brørne Lars O. og Jakob O. Utgård, Johnny Myrseth og Magne Bueide. Sidan 1970-talet har fabrikken vore ein av dei største salongprodusentane i Noreg, og modellane «Flexi» og «Verona» er mellom dei mest kjende. I 2009 gjekk møbelprodusentane i Sykkylven saman for å lage verdas lengste sofa, og Formfin sin salongmodell «Basic» vart då vald som grunnlag. Formfin Møbler AS rår i 2013 over eit bygg med ei grunnflate på 11.000 kvadratmeter.   Les mer …

Ikornnes sett frå lufta i 1953, til venstre er møbelfabrikken og hjørnesteinsbedrifta Ekornes.
Foto: Ekornes fabrikker

Ekornes ASA er ein møbelprodusent med hovudkontor på Ikornnes i Sykkylven. Selskapet er mest kjent for varemerka Stressless og Svane, og er i 2013 Skandinavias største møbelprodusent. Jens E. Ekornes starta bedrifta i 1934 under namnet J.E. Ekornes Fjærfabrikk.Det fyrste produktet som Ekornnes satsa på, var spiralfjører av metall til stoppmøbelbedrifter. Tidlegare var det Oslobaserte bedrifter som hadde vore einerådande på denne marknaden. For møbelprodusentane på Sunnmøre var det praktisk å få ein fjørleverandør i nærmiljøet.

Når bedrifta hadde tilgang på spiralfjører, var det nærliggande å byrje med produksjon av madrassar. Allereie året etter oppstarten var Jens Ekornes i gang med å lage madrassar under varemerket Svane. Den første madrassen vart vist under ei varemesse i Ålesund i 1935.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sykkylven kommune
 
Andre artiklar