Forside:Hordaland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Hordaland
12 Hordaland vapen.png
Hordaland var eit fylke på Vestlandet, med administrasjonssenter i Bergen. Det grensa mot Sogn og Fjordane i nord, Buskerud og Telemark i aust, og Rogaland i sør. Den 1. januar 2020 vart det som del av regionreforma 2014–2018 slått saman med Sogn og Fjordane til nye Vestland fylke.

Fylket hadde fem distrikt: Sunnhordland, Midthordland og Nordhordland ved kysten, og innlandsdistrikta Hardanger og Voss.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Lars Kinsarvik: Armstol med treskurd og rosemaling.
(2018)

Lars Kinsarvik (1846–1925) vaks opp på garden Hus i Kinsarvik i Hardanger, i eit miljø som ga impulsar til rosemaling og treskurd. Han blei fengsla av dette og utvikla seg til kanskje si tids fremste treskjerar. Først med sete i Hardanger, seinare på Sunnmøre. I 1905 flytte Kinsarvik med familien til Ørsta. Grunnane til dette var nok fleire. Ein var at han ei tid hadde ikkje hadde så store innkomer, og hadde ansvar for ein stor familie: kone og fem barn.

Det var Andreas Austlid som overtalte Kinsarvik til å velje Ørsta. Austlid var skulestyrar på den nyss oppretta folkehøgskulen i bygda. Han hadde tidlegare vore lærar ved folkehøgskulen i Ullensvang. Der hadde Austlid og Kinsarvik blitt godt kjende, fordi Kinsarvik var sterkt medverkande til både oppretting og drift av skulen. I Ørsta fekk Kinsarvik arbeid som lærar ved Møre folkehøgskule. Samtidig hadde han inntekter av å vere ein mykje brukt foredragshaldar i ungdomslag og andre organisasjonar.   Les mer …

Murboligen.
Foto: Dag Endre Opedal (2009)

Historia om Murboligen i Odda startar i 1913. Arkitekt Egill Reimers står bak bygget som hadde 44 leilegheiter då det var nytt. Forfattaren Frode Grytten brukar huset som ramme i romanen Bikubesong.

Då planane for Murboligen blei utarbeidd i 1913, var Odda inne i ein vekstperiode som kravde nye og raske løysingar på mange felt. Utvidingane på karbid- og cyanamidfabrikken frå 1912 skapte stadig nye arbeidsplassar og eit stort behov for permanente bustadar og gode familiehus. Opplysningar frå bedriftsarkivet til karbidfabrikken (Alby United Carbide Factory. Ltd), forløparen til Odda Smelteverk, viser at talet på tilsette auka frå 350 personar i 1910 til 795 personar i toppåret 1915. Ikkje rart Odda opplevde «byggeboom». Reimers har i alt teikna to kjende og karakteristiske bygg i Odda. Omkring 1920 fekk han oppdraget med å teikna Formennenes hus, no kjent som Formannshuset. Men dette blei først bygd i 1928 på grunn av dei vanskelege kriseåra tidleg på 20-talet.   Les mer …

Anna og Ingebrigt Bøe fotografert omkring 1900, saman med sine born. Frå v. Olav Martin (1873-1935), Anna Josefine f. Ødegaard (1876-1939, gift med Olav Martin), Ingolf (1881-1957), Sigurd Olav (1874-1954), Anna Berentine (1877-1954). Framme Magnus (1884-1961), Ingebrigt med hustru Anna f. Olsdatter Hole, og Gunnar (f. 1888). Foto i privat eige.

Ingebrigt Bøe (1850-1944) var treskjerar, snekkar og byggmeister i Bergen, og blir i dag særleg hugsa for det omfattande utskjæringsarbeidet i Ole Bull sin praktvilla på Lysøen i dåverande Hordaland, og for preikestolen i Årstad kirke. Ingebrigt Bøe vart ført inn som «uægte» i kyrkjeboka for Manger, der han vart fødd. Til grunn for notatet låg ein familietragedie. Faren hans, Sjur Bø, var sjølveigande gardbrukar og sat etter måten godt i det. I 1849 vart han enkjemann for andre gong og åleine med si 24 år gamle stedotter, Christi Olsdatter (1826-1917). Ho vart gravid og fødde Ingebrigt.

Saka fekk eit alvorleg etterspel. Sjur kom for retten og vart dømd til ni månadars straff på Slaveriet i Bergen (i det såkalla Manufacturhuset). Av tukthusprotokollen les me at Sjur vart sett inn 4. februar 1851 og løslaten 4. november same året, kl. halv fire om ettermiddagen. I merknadene til protokollen heiter det: «32 Aar gammel, efter Norhordlehns Sorenskriverisdom af 12te September 1850, for begaaet Blodskam med sin Steddatter». Samanlikna med «ordentleg» blodskam fekk Sjur ein etter måten mild dom, kanskje var det også andre omstende som medverka til det. Christi flytta til Bergen straks etter fødselen og ser ikkje ut til å ha greidd seg særleg bra. I folketellinga for 1900 er ho oppført som offentleg understøtta enkje. Kva forhold Ingebrigt hadde til mora, er ikkje kjend.   Les mer …

Christian Michelsens hjem Gamlehaugen, bygget 1900-1902, ark.: Jens Zetlitz Monrad Kielland. Kongebolig fra 1925.
(1910)

Gamlehaugen ligger på en parkbehandlet høyde ved nordøstenden av NordåsvannetParadis i Fana utenfor Bergen og er i dag en kongebolig. Eiendommen var opprinnelig et gårdsbruk som ble ødegård etter Svartedauden. Gården skal ha blitt ryddet på nytt som en del av Fjøsanger hovedgård i 1665. Gården gikk under navnet «Haugen» (Hauen, Hoen, Hågen) fram til den fikk navnet Gamlehaugen som skilte den fra den nyryddede gården Nyhaugen (mellom Gamlehaugen og Fjøsanger hovedgård).

I 1708 ble gården skyldsatt og matrikulert som egen gård, men ble betraktet som en plass under Fjøsanger hovedgård til den ble utskilt ved skiftet i 1809 etter Danckert Krohn (1726-1795) som døde barnløs. Krohn hadde kjøpt gården av sin svoger John Mariager i 1774.

Det var hans brordatter Marie Krohn som da overtok Gamlehaugen, og hennes nevø Albert Henrik Krohn overtok Nyhaugen og for øvrig også Lungegården. Jordveien ble drevet videre av husmenn eller forpaktere. På begge steder ble det oppført nye våningshus med midtark og avvalmet mansardtak og omgjort til lystgårder. På Gamlehaugen ble dette senere ombygd i sveitserstil. Også Nyhaugen ble ombygget før denne ble revet for å gi plass til ny bebyggelse.

  Les mer …

Octavia Sperati i 1915
Foto: Stamsvigs atelier/Oslo museum

Octavia Sperati (født Salmine Octavia Svendsen i Kristiansand i 1847, død 22. mars 1918 i Bergen) var skuespiller. Hun virka både i Kristiania og Bergen, men huskes særlig fra sitt lange virke ved Den Nationale Scene i Bergen.

I 1871 gifta hun seg med kapellmester Robert Ferdinand Arnold Sperati (1848–1884), sønn av kapellmester Paolo Sperati (1821-1884). Muligens var det på dette tidspunktet hun begynte å bruke mellomnavnet Octavia. Hun var mor til skuespillerne Robert og Alvilde Sperati.   Les mer …

Utlånsprotokoll for Tysnes folkeboksamling, 1940-talet.
Tysnes folkebibliotek høyrer heime i Tysnes kommune, Hordaland. Det var eit av dei siste biblioteka i Hordaland som framleis heldt på den gamle strukturen med små bygdebibliotek spreidd som filialar rundt om i kommunen. Først i 2002 vart denne ordninga avvikla. Tysnes folkebibliotek er i dag eit av dei åtte Sunnhordlandsbiblioteka, der mykje av drifta i tillegg til den ordinære bibliotekverksemda har vore konsentrert rundt lokalhistorie, i samarbeid med Tysnes Sogelag. Biblioteket arbeider også med å ta vare på den kulturelle arven etter forfattaren og lokalhistorikaren Johannes Heggland. Biblioteksjef sidan 1998 har vore Knut Rage, som i desse åra har leia Tysnes folkebibliotek frå å vera ei av dei aller siste «gode gamle» folkeboksamlingane i Hordaland til det moderne biblioteket det er i dag.   Les mer …

Onarheimskyrkja då ho stod nybygd i 1893.

Onarheim kyrkje i Tysnes kommune vert første gongen nemnd i skriftlege kjelder i 1327, men mellomalderdelen som stod fram til 1819, må ha vore monaleg eldre. I 1820 vart kyrkja rive, berre koret vart ståande att. Fram til den noverande kyrkja vart bygd i 1893, låg dei gamle steinmurane rundt ei lita steinkyrkje utan tårn. I 2011 vart kyrkja kulturkyrkje i Tysnes, og ei rekkje gjenstandar frå den eldre kyrkja er stilt ut. I dokument frå 1686 og 1721 vert dei delane av kyrkja som må vera dei delane som stamma frå mellomalderen, oppgjevne til å vera 15 alen lang x 19 alen lang, dvs. 9.4 x 11.9 m. Breidden vart i 1721 oppgjeve til å vera 16 alen (10 m). Om ein skal samanlikna med andre mellomalderkyrkjer i Sunnhordland, vil dette seia at kyrkjerommet var noko mindre enn skipa i Fitjar og Moster, men større enn i Stødle kyrkje i Etne.

I det tidsrommet Onarheimsgildet eksisterte, var kyrkja også gildet si kyrkje. Ho må såleis ha stått sentralt under olsokfeiringa, og skal då også ha bore namnet Olavskyrkja, vigd til Olav den heilage.   Les mer …

Stølen Nordre Tuva i 1916. Birgit Flatåker med borna Margit, Anne, Svein, Georg og Olav.
Foto: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv.
Tuva turisthytte ligg på 1186 moh. sør for Tuvenuten, Hol kommune, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 20 senger og 20 sovesalsplassar (2015). Både sumar og vinter er ho også serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta på sumarstid og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo. Turisthytta ligg om lag ti km frå Ustaoset stasjon.

Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva, som ligg litt opp i bakken for turisthytta. På eigedomen står i dag (2015) stølsbua frå 1800-talet med stall og ein grunnmur etter fjøset. Ruinar etter ei steinbu, antakeleg brukt som feleger, ligg lenger vest. I området finst også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Desse har truleg vore brukte i samband med fedrift. Stølshusa og bygga som høyrer til turisthytta ligg i midtre teigen.

I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige.   Les mer …
 
Sjå óg
 
Kategoriar for Hordaland
 
Andre artiklar