Seljord Billag, L/L, blei skipa på møte i Klokkarstogo i Seljord 3. mai 1919. Frå byrjinga heitte laget Seljords Automobillag. Føremålet med laget var «å driva biltrafikk i rute millom Ulvenes og Årnes for på den visi med ein samstelt person og varebil millom ana å frakte varone til medlemane millom nevnde stellur». Torgrim Haugerud blei valt til formann. Den fyrste bilen laget kjøpte, var ein Federal lastebil. Den vart påbygd i Seljord, «med eit karosjeri på ein måte, men det var nokso primitivt». Før bilen blei satt i rute, kosta den laget 19 865 kr. Bilen køyrde ruta to gonger i veka, men berre om sumaren. Les mer …
Iver Andreas Teisner Foto: Fyresdal. Med bilæte. Bendik Taraldlien, fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
Iver Andreas Teisner (1808 – 1870) – prost og ordførar - var fødd på Biri 2. juli 1808. Til artium fekk han haud og til embetseksamen i 1836 laud. Han var lærar i 7 år på ein privatskule i Kristiania og frå 1844 var han skrivar i kyrkjedepartementet.
I 1848 vart han prest i Fyresdal og kom hit våren 1849. Han treivst godt og gjorde mykje dugande arbeid, men kvar haust drog han til Kristiania på ferie.
På prestegarden var det mangt å ta fatt på og Teisner gjorde det med hug og dug. Jordene var tilgrodd og fuktige, han fekk kasta opp veiter og drenera, braut opp jord, rydda vekk kratt, køyrde på moldjord der det var for skarpt og køyrde på sand der det var myr. Jamna og stella. Prestegarden var snart ikkje til å kjenne att. Han var den fyrste som sådde grasfrø for å få god eng i Fyresdal. Avling og buskap steig om lag til det tridobbelte. Tidleg om morgonen var han ute og såg til arbeidsfolket og la alt til rette på beste måten. Han kunne verte sint, men det gjekk fort over. Les mer …
Flatdal sett fra Nutheim. Foto: Siri Iversen Flatdal er en liten bygd som ligger midt i Seljord kommune. Bygda er ca. 100 km² stor og har ca. 400 innbyggere. Flatdal består for det meste av en stor flate med dyrket mark og tre fjell, Skorve i vest, Mælefjell i øst og Bindingsnuten i nord, som ligger på hver sin side av bygda, og med et lite vann, Flatsjø, i sør.
Bygda er formet som en U-dal og er blitt til gjennom flere tusen år med 10-18 isbreer. Flatdal ble lenge omtalt som Norges eneste landsby. En ser imidlertid store likhetstrekk med vestlandske gardstun, klyngetun, der mange bruk, og husene til de ulike brukene er plassert tett sammen, mer eller mindre uregelmessig i forhold til hverandre. I Flatdalslandsbyen finner en 10 gardstun og 40 hus samlet rundt Tunvollen - vegkrysset sentralt i bygda. Arne Berg forklarer konsentrasjonen av bebyggelsen slik: "Flata har vore så utsett for flaum at her har ikkje vore råd å byggja. Dei har bygt i nord-vestlegaste enden, der det er liksom eit nes som stikk fram med noko grov morenemasse og gjer det litt høgare i lendet." Jorda til gardsbrukene ligger som teiger utover mot Flatsjø. Les mer …
|