Forside:Fosen

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
TIDLIGERE FYLKE: Nord-Trøndelag • Sør-Trøndelag
DISTRIKT: (Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: Frøya • Heim • Hitra • Indre Fosen • Osen • Ørland • Åfjord
TIDLIGERE KOMMUNE: Bjugn • Halsa • Hemne • Roan • Snillfjord

Om Fosen
Kart over Midt-Noreg med Fosen innteikna i blått.

Fosen er eit landskap og tidlegare futedømme i Midt-Noreg. Landskapet omfattar dei ytste kommunane på begge sidene av Trondheimsfjorden i Trøndelag fylke. Landskapet utgjorde fram til høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av — først som Fosen len, seinare som futedømme under namnet Fosens fogderi.

Kommunane som reknast med er Frøya, Heim (der tidlegare Halsa tilhøyrer Nordmøre), Hitra, Indre Fosen, Osen, Ørland og Åfjord. Tidlegare Agdenes kommune vart dels rekna til Fosen og dels til Orkdalen; då denne kommunen i 2020 gjekk inn i nye Orkland kommune er det grunn til å vente at blikket vendast meir mot Orkdalen i framtida.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kuløya er ein holme rett nordvest for Værøya i Roan kommune i Fosen. Holmen er flatvoren og ligg blant fleire andre holmar, der dei største er Nørdstøya i aust, Langholmen i sør og Torkelholmen i vest. Landskapstypen er klassifisert som «annan type kyst/havstrand» (G98). Området, som særleg består av kystlynghei, men som og har ein del tangvollar og berggrunn så vel som ein del næringsrike tjørner, er eit viktig hekkeområde for mange sjøfuglartar, inkludert raudlisteartane nordleg sildemåse, teist og smålom. Artsmangfaldet gjer at holmen og naboområdet blir tillagt nasjonal verdi.   Les mer …

Gravsteinen over Ingvar Hestnes på kyrkjegarden ved Valsøyfjord kyrkje.
Foto: Olve Utne
(2015)
Ingvar Hestnes (1904–1990) var ein spelemann frå Valsøyfjord i Halsa kommune på Nordmøre. Ingvar Hestnes vart fødd den 30. mars 1904 av foreldra Nils Johansen Hestnes (f. 1860, bonde og stortingsmann) og Anne Jørgensdt. Skogset (f. 1867). Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga åt honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da Ingvar var 19 år gammal, kjøpte faren ei hardingfele åt honom gjennom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast.   Les mer …

TINE Midt-Norge (Hemne) på Kyrksæterøra var i drift inntil 2001.
Foto: Olve Utne
(2009)
Hemne meieri var et andelsmeieri på Kyrksæterøra i Hemne kommune. Det ble opprettet i 1953, og var fra starten ment å være et smør- og geitostmeieri, men mangel på geitemelk gjorde at det bare ble produsert smør inntil hvitostproduksjonen begynte i 1956. Meieriet innstilte driften i 2001. Etableringen av meieri bidro til utviklingen av båtruter, bilruter og vannverk i Hemne. Meieriet drev både slakteri, butikk og innkjøpslag.   Les mer …

Lagets formenn fra 1883-1936 (Feil i bildeteksten)
Foto: Fotograf Røske, Trondheim
Leksvik avholdslag, Leksvik i Nord-Trøndelag, ble stiftet under navnet Leksvik Totalavhaldslag i 1883. Kirkesanger Hans Strand ble den bærende kraft i laget som starta med 10 medlemmer. Selv om det ble mange nedturer, arbeidet det seg fram til å bli det største og fremste totalavholdslaget i Nord-Trøndelag – fram til i 1977 da det ble nedlagt, før det ble gjenopplivet igjen i februar 1983, nokså nøyaktig hundre år etter stiftelsen. Elias Grande forteller i fylkeslagets 50-årsberetning at avholdslaget snart ble en faktor som alle regnet med. Medlemmene strømmet til, og arbeidet ble godt ledet av de som sto i ledelsen for laget.   Les mer …

Fru Ingerd var eigar av Austrått.
Fru Ingerd Ottisdotter (Rømer) (ca 1470–1555), eller fru Inger til Austrått, var adelskvinne, godseigar og lensstyrar, mest kjent som eigar av Austrått. Skodespelet Fru Inger til Østeraad (1857 av Henrik Ibsen er laust basert på livet hennar. Ingerd Ottisdotter Rømer vart fødd på Sigerstad i Østfold kring 1470 av foreldra Otte Matssøn Rømer og Ingeborg Lydersdatter Struds. Ho gifta seg i eller føre 1494 med riksråd og rikshovmeister Niels Henrikssøn («Gyldenløve») (kring 1458–1523). Fru Ingerd spela ikkje noka offentleg rolle medan ektemannen levde og vart ikkje nemnt i brev eller diplom i denne perioden. Kort tid etter at Niels dødde trer enkjefrua fram både som aktiv godseigar og som politisk aktør.   Les mer …

Hemnværing (lokal uttale ["hæm:ˌvær.eŋ] el. ["hæmnˌvær.eŋ]), òg kalla hemnemål og hemnedialekt, er den tradisjonelle dialekten i Hemne og deler av Snillfjord i Fosen i Sør-Trøndelag. Hemnværing blir klassifisert som ein underdialekt av nordmøring, som i sin tur er ei undergruppe av dei uttrøndske dialektane av trøndermål. Som i dei fleste andre nordmørsmåla er tendensen i hemnværing at konsonanten i jamvektsord blir lengd (komma, vekko). Diftongane ei, øy og au er stort sett bevarte, anna enn vestafor Vinjeøra, der ein kan ha monoftongisering av ei til ε og øy til ʌ i stavingsinnlyd. Vokalen ʌ er mykje bruka i ord som dʌr (‘dør’), stʌ’r (‘større’) i eldre mål. Yngre mål har gjerne overgang til æ eller, vanligast, ø i desse orda.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Fosen
 
Andre artiklar