Forside:Seljord kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Vestfold • Telemark (Distrikt: Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark
KOMMUNE: Bamble • Drangedal • Fyresdal • Hjartdal • Kragerø • Kviteseid • Midt-Telemark • Nissedal • Nome • Notodden • Porsgrunn • Seljord • Siljan • Skien • Tinn • Tokke • Vinje

Om Seljord kommune
0828 Seljord komm.png
Seljord kommune – gamal nemning Sillejord – er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke (før 1. januar 2020 i Telemark). Kommunen grensar i nord til Tinn, i aust til Hjartdal og Midt-Telemark, i sør til Kviteseid, og i vest til Tokke og Vinje. Høgaste punkt er Brattefjell, 1 541 moh. Namnet kjem av trenamnet selje og gerði, «inngjerdet jordstykke».

Seljord omkrinsar Seljordsvatnet (17 km²), og har mykje turisttrafikk på grunn av Seljordsormen, Countryfestivalen, Dansebandfestivalen og ikkje minst landbruksmessa Dyrsku'n, som har vorte skipa til sidan 1866. Andre helga i september kjem det kvart år 60-80 000 til dette arrangementet.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Flatdal mekaniske verkstad i Flatdal.
Foto: Siri Iversen
(2023)
Flatdal mekaniske verkstad blei starta av Gunnar Haugen i Flatdal i Seljord kommune i 1958. Verkstaden produserer mellom anna grafikkpresser for kunstnarar. Terje Grøstad var den fyrste som bestilte ei slik presse, og etter dette har Haugen eksportert presser til både England, Island og USA.   Les mer …

Kviteseid Bygdetun
Foto: Vidar Iversen / Wikimedia Commons
Kviteseid Bygdetun er eit av dei eldste musea i landet og vart etablert allereie i 1907. Bygdetunet formidlar tolv ulike bygningar som er flytta hit frå ulike gardar. Blandt desse høyrer Tveitoloftet frå før svartedauden og Flekstveitstoga. I Utsondhalli vert bilethoggaren Gunnar Utsond presentert, i tillegg til skiftande utstillingar. I dag er bygdetunet ein del av konsolideringa i Vest-Telemark Museum.   Les mer …

Telemark Folkehøgskule låg der Kvitsund Gymnas ligg i dag.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Telemark Folkehøgskole vart skipa i 1880 av Viggo Ullmann, seinare stortingspresident og amtmann i Bratsberg. Skulen starta opp på garden Bjørge i Seljord. Drifta vart flytt til Utsond i Kviteseid i 1914.

Viggo Ullmann sin skule i Seljord hadde eit førespel, da folkehøgskulepioneren Olaus Arvesen heldt skule for 80 elevar på Bjørge i året 1878-1879. Som medlærarar hadde Arvesen Oddmund Vik, seinare statsråd og fylkesmann, og nordlendingen P. Pedersen.[1]

I 1880 starta så Viggo Ullmann sin skule i Telemark. Skulen hadde som formål å gje bygdeungdom ei meir yrkesretta utdanning. Det fyrste året heldt han til på same staden som Arvesen hadde halde til, Bjørge i Seljord. Det var 70 elevar, 48 gutar og 28 jenter. Lærarar ved sida av Ullmann sjølv var førnemnde Oddmund Vik og Kr. Førland. Andre året var skulen i Drangedal, og vinteren 1882-83 i Vinje. Skulen fekk fast tilhaldsstad da Telemarkens Folkehøiskoles Aktieselskab kjøpte Utgarden (gnr. 45.6) i Seljord i 1885. Frå 1890 vart undervisninga halden i den nye bygningen Borgen på Utgarden.   Les mer …

Dyrskuplassen ved 50-års jubileet for Dyrsku'n i Seljord i 1916.
Foto: Ukjend/Vest-Telemark Museum
Dyrsku'n i Seljord eller Seljordutstillinga Dyrsku'n er ei årleg landbruksmesse som blir arrangert over tre dagar den andre helga i september på Dyrskuplassen i Seljord i Telemark. Dyrsku'n vert arrangert og drifta av Dyrsku'n Arrangement AS som eigast av stiftinga Seljordutstillinga Dyrskun, der Seljord kommune og Telemark Landbruksselskap er stiftarane.Dyrsku'n hadde sine røtar i fesjåa som vart avvikla på ein rekkje stader i heile Vest-Telemark på 1850-tallet. Fesjåa hang saman med fedriftene som gjekk frå Setesdalen og austover. I Telemark var statsagronom Johan Lindeqvist som tok initiativ til fesjåa. Han hadde reist rundt i fylket for å undersøke korleis det stod til i husdyrbruket, og fann at det stod dårleg til. Han ville setje fokus på fôring, reinhald og avl. På fesjåa møtte bøndane fram for å handle og selje dyr, og dette var eit ypperleg høve til kunnskapsformidling. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under fesjåa.   Les mer …

Kartskisse som viser kvar gamlevegen i Åsebrekkene gjekk i forhold til tidlegare E-76 (noverande Rv.134).

Åsebrekkene (Åsebrekkun) er ein vegstrekning mellom Flatdalsbrua, forbi Svingen (Nutheim gjestgiveri) og vidare oppover mot avkjøringa til Svartdal og Skarsvegen - den gamle vegen til Åmotsdal. Desse bratte kleivane var ferdselsvegen mellom Flatdal og Hjartdal i gamal tid, og det var denne vegen presten Landstad skreiv om i første del av det lange diktet Aneksreisen.

Gamlevegen hadde vore i bruk i uminnelege tider. Ein finn enno restar av den. Vel hundre meter frå brua, i retning nordvest kan ein, fylgje ein gangstig på høgre side som kliv oppover bratte bakken, og ender ved bilvegen ovanfor Åsegardane. På toppen , der ein kan sjå innover Svartdal, er Vadder.

Omkring 1860 og åra frametter var det stor aktivitet i vegbygging mange stader i landet. Vegdirektørembetet blei oppretta, og vi fekk etter kvart eit fagleg senter og ein etat.

I 1861 tok arbeidet med utbetring av vegen til og i 1862 var den nye vegen opp Åsebrekkun ferdig. I Flatdal blei vegen lagt i lia i vestleg retning mot Nutheim og svinger der 180 grader austover mot gamlevegen til Åse.   Les mer …

Guro Heddelid er ein sagnfigur frå middelalderen. Hun kom frå storgarden Heddelid i Grunningsdalen i Seljord. Grunningsdalen går rett over fjellet frå Seljord til Sauland, mellom Lifjell i sør og Mælefjell i nord. Det heiter seg at garden Heddeli låg innerst i Grunningsdalen, men blei tatt av ras. Ein kan sjå at det ein gong har gått eit stort ras i området, men ingen veit heilt sikkert kor garden har lege. Guro var ei stolt, sterk og vakker kvinne som det gjekk gjetord om. Til Heddelid kom kjempekarar og friarar for å kjempe om henner gunst. Det skal ha vore mange kampar i Grunningsdalen for Guro si skuld. Det er fleire bygdeviser om Guro Heddelid. Den mest kjente er nok «Guro rid til ottesong».   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Seljord kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar


  1. Stauri, R. 1930:40.