Bedehuskafeen i Sykkylven var ein serveringsstad som vart driven i lokala til bedehuset i Sykkylven sentrum nokre år. Kafeen kom i gang i 1960 i første høgda i bedehuset som då var nybygt. Første styrarinna var Karen Fauske, og med eit kort avbrot stod ho føre drifta i mange år. Alt frå byrjinga hadde Bedehuskafeen god søknad både av faste og tilfeldige gjestar, dessutan vart det halde mange bryllaups-, gravferds- og konfirmasjonslag der. Målfrid Rødal, som hadde arbeidd på Bedehuskafeen i mange år, tok over drifta i 1982, og leigde lokala av bedehuset. Samstundes vart namnet forandra til Cafeen. Attåt seg i arbeidet hadde ho fem personar som arbeidde på deltid. Les mer …
Sandella i 2013. Foto: Fabrikken
Sandella, Sandella Fabrikken AS, er ein skumplastprodusent i Sykkylven. Verksemda var ved etableringa i 1961 ein avleggar av Sande Fabrikker A/S i Sande i Vestfold. Det var dei to venene Arild Wahlstrøm og Martin Mehren som under krigen gjorde opptaket til Sande-bedrifta. Då møttest dei jamleg sommartida under laksefisket i Lærdalselva, og i Lærdal vart tanken fødd om ein reparasjonsverkstad for støvlar og sykkeldekk.
Frå 1946 kom verksemda inn i fastare former. Det vart danna eit aksjeselskap, Sande Fabrikker A/S. Produksjonen vart då kontorstolputer, skriveunderlag og lister av porøs gummi til buss- og bilindustrien. Les mer …
Kulturhuset i Sykkylven. Foto: Sykkylven kommune
Sykkylven kulturhus stod ferdig til bruk i 1969. Dei første åra gjekk det under namnet Sykkylven samfunnshus. Det var Sykkylven frilynde ungdomslag som var hovuddrivkraft bak bygginga. Fram til 1969 hadde laget halde til i ungdomshuset Valhall. Valhall stod der Intersport B.S. Aure er i dag. Valhall vart bygd i 1914 og i slutten av 1950-åra var det behov for ein større og kostbar reparasjon. Laget kom til at nytt bygg på ny tomt ville vere det beste, og tomt vart kjøpt på eit stykke aust for staden der Sykkylvsbladet ligg i dag.
Ungdomslaget hadde ein del midlar som kunne settast inn i eit nytt hus. I 1939 starta ungdomslaget og Aure Sanitets Gjentelag kinodrift i Valhall med 50 % eigardel kvar. I utgangspunktet var det tenkt at overskotet av kinodrifta skulle gå til bygging av folkebad. I åra etter krigen fekk folk flest baderom i eigne husvere, trongen for eit offentleg bad var derfor ikkje lenger påtrengande. Pengane kunne difor nyttast til andre prosjekt, og bygging av eit nytt samlingshus vart eit slikt prosjekt. Les mer …
Ikornnes sett frå lufta i 1953, til venstre er møbelfabrikken og hjørnesteinsbedrifta Ekornes. Foto: Ekornes fabrikker
Ekornes ASA er ein møbelprodusent med hovudkontor på Ikornnes i Sykkylven. Selskapet er mest kjent for varemerka Stressless og Svane, og er i 2013 Skandinavias største møbelprodusent. Jens E. Ekornes starta bedrifta i 1934 under namnet J.E. Ekornes Fjærfabrikk.Det fyrste produktet som Ekornnes satsa på, var spiralfjører av metall til stoppmøbelbedrifter. Tidlegare var det Oslobaserte bedrifter som hadde vore einerådande på denne marknaden. For møbelprodusentane på Sunnmøre var det praktisk å få ein fjørleverandør i nærmiljøet.
Når bedrifta hadde tilgang på spiralfjører, var det nærliggande å byrje med produksjon av madrassar. Allereie året etter oppstarten var Jens Ekornes i gang med å lage madrassar under varemerket Svane. Den første madrassen vart vist under ei varemesse i Ålesund i 1935. Les mer …
Det fyrste bedehuset, som sto ferdig i 1892. Teikning av Martin Furseth.
Sykkylven indremisjon er ei misjonsforeining i Sykkylven. Skipingsdatoen til foreininga er 9. desember 1888, og det første styret var samansett slik: Peter O. Eidem, leiar, Sven A. Ullavik, nestleiar, Lars P. Grebstad, skrivar og Nils C. Aure, kasserar. I januar same året kom det i gang ei misjonsforeining i Hundeidvik og året etter fekk dei også misjonsforeining i Velledalen.
Utløysande årsak til at det kom i gang tre misjonsforeiningar i Sykkylven på om lag eitt år, var virket til vekkingspredikanten Paul Gerhard Sand frå Biri. I 1888 var Sand i Sykkylven og tala, mellom anna i sykkylvskyrkja. «Sand stansa berre nokre dagar, men det var lenge nok til at heile bygda kom i rørsle. Det vart ei folkevekking som Sykkylven aldri har sett maken til anten før eller sidan,» skriv Oscar Handeland i boka Vårløysing II. Les mer …
|