Stavkyrkja i Volda. Tatt ned i 1858. Malt av Ranveig Alvestad Halkjelsvik Foto: Narve F. Birkeland
Stavkyrkja i Volda. Den første kyrkja i Volda på Sunnmøre var truleg bygd sist på 1200-talet eller tidleg på 1300-talet. Det var ei stavkyrkje, først bygd som langkyrkje. Seinare vart den utbygd til krosskyrkje. Første tilbygget kom i 1550-åra. Det andre ei god stund seinare. Fullt utbygd skal det ha vore plass til 621 personar i kyrkja, «saavel staaende som sittende». Kyrkja vart tatt ned i 1858. Les mer …
Holsvikholmen med båtar i bøye rundt 1960
Holsvik notlag og kalla Holmenotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Holsvik, Sundalsås, Skare, Åslid, begge bruka i Djuvika, Skinvika (Høgset) og begge bruka på Løfolla då det vart avvikla på 1960-talet. Skriftleg informasjon fortel ein heil del om tida då Østefjordens Notlag byter namn til Holsvik Notlag. Stykket er frå 1890 til avvikling i hovedsak basert på det etterkomarane av siste eigarane av det no nedlagde notlaget kan hugse. Holsvik notlag hadde i lang tid to notbruk med litt ulik partseigarskap: Lissjenota åtte partar; Holsvik, Sundalsåsen, Skare, Åslid, begge bruk Djuvik, Skinvik (Høgset, etter at Skinvika var delt i to bruk i 1952) og Løfoll brn 1. Storenota hadde ti partar, her var Løfoll bruk 2 og Sundalsfoll bruk 1 med i tillegg til eigarane i Lissjenota. Dette med ti mann vart nytta til namn på gavlbåten «Timann» M 46 VA då den vart kjøpt etter krigen. Les mer …
Volda orkester i 1934 Foto: Johan J. Nerbøvik
Volda orkester vart skipa i Volda 12. oktober 1934 etter eit par års førebuingsarbeid av ei sjølvoppnemnd skipingsnemnd. Orkesteret fekk vedtekter i 11 punkt, der det mellom anna er eit punkt der styret «hev høve til å gjere vedtak om missnøgje med eit eller fleire av orkesteret sine medlemer. I så fall går vedkomande ut av orkesteret 7 dagar etter hn får melding om vedtaket».
Det vart opna for passivt medlemskap (støttemedlemskap) i orkesteret.
Det første styret bestod av Johan Nerbøvik, formann, Per Enge, John Steinsvik og Oddvin Øvrelid som styremedlemer og Olav Hjelle som notemeister. På første styremøte vart Sivert H. Geitvik vald til dirigent, Oddvin Øvrelid til 1. kapellmeister og Per Enge til 2. kapellmeister. Les mer …
Dette er MB «Speser» slik ho var før ombygging på Vik Båtbyggeri.
MB «Speser» var eit fraktefartøy frå Melbu i Vesterålen. Bygd ved Holms verft, Sverige, i 1928, oppgitt til 93 brt. Det var ei svartmåla, kravellbygd, svenskemakke i eik, bogen baug og speiel. Eigaren, Malvin Eriksen frå Melbu, hadde kjøpt båten frå Sverige, og brukt den til sandfrakt og kystfrakt. «Speser» kom til L/L Vik Båtbyggeri i januar 1960.Båten skulle forhøyast tre hudgangar, og få kryssarhekk. Under arbeidet bestemte eigaren seg for at baugen skulle skiftast med ein rana baug, framover liggande. Den gamle baugen vart kappa av og vinsja tilsides. Kaising eller dekkshus skulle byggast i jern, og vera i full breidde. Alle lugarar skulle innreidast på dekk, altså i kaisinga. Det skulle byggast overbygg med rorhus og bestikklugar, og ein skipperlugar i bakkant. Motoren skulle skiftast med ein brukt 130 hk Voldamotor. Les mer …
|