Forside:Volda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. mai 2010 kl. 23:55 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Haram • Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Rosekyrkja i Stordal
Foto: Kristian Almås/Fortidsminneforeningen
Webjørn Maler, eller Webjørn Olsen Hamersbøen, var ein av dei markerte rosemalarane i Hallingdal i si tid. Webjørn var fødd i 1766 i Hol. Det var mange framståande rosemalarar i Hallingdal i hans samtid. Webjørn flytte derfor tidleg ut, til Vestlandet, der det var lettare å finne arbeid enn i heimetraktene. Her blei han etter kvart ein ettertrakta kyrkjemalar, kjend som Webjørn Malar eller Webjørn Halling. Etter ei tid slo han seg ned i Loen i Nordfjord, der han gifte seg og skaffa seg gard.   Les mer …

Nora Kiperberg fotografert på Fjordsyn i Volda i april 2015.
Foto: Svein Aam
Nora Olivia Kiperberg (født 11. februar 1912 på Fremmerlid i Skodje, død 15. desember 2015 i Volda) var friviljug sjukepleiar under felttoget i Romsdalen i 1940 og seinare sjukepleiar ved Volda sjukehus. Foreldra hennar var Hilda og Aret Tomren, og dei flytte etter kvart til Sjøholt i Ørskog kommune der Nora voks opp.   Les mer …

Her vert «Nilfisk» sjøsett.
(1974)

MB «Nilfisk» M-4-G, bygd i 1974 ved L/L Vik Båtbyggeri, Høydalen i Møre og Romsdal, for Kjell E., Atle O. og Karsten K. Molnes, 6040 Vigra. Kjenningssignal: JXAA. I fiskeriregistret for 1980 står båten med desse måla i meter, L/br/dj – 16,8/5,0/2,1. Tonn: 31 br.t. og 10 n.t. i tabellen til fiskeriregisteret er 16,8 m 53,5 fot . Motor Deutz , år 67 på 212 Hk. «Nilfisk» var den største båten bygd på laminerte spant. Lengda på denne båten var større enn lengda på risseplanet som var i andre etasje på verkstadbygget. Difor måtte linjetegninga gjerast i størrelse 75% og overføring til spanterisset opprekna til 100%. Grunnen til det er at spantemodellane sjølvsagt må vera i full størrelse, dei skulle og brukast til å stille inn spantepressa.

Huda var av fure, natene var utfresa og med innlimd list. Dekket var nata med Formflex, syntetisk gummi. Lugarkappe, lukekarm og overbygg i aluminium. Som vanleg vart også alt stålarbeid utført ved verkstaden. Det er, tankar, beslag, rekkverk, mastrer m.m. Arbeidsstokken var den same over mange år og mest alle budde i bygda, og dei fleste hadde vore ved båtbyggeriet sidan 1940-50 talet. Båtane dei har vore med på finn du på båtlista på Vik.   Les mer …

Holsvikholmen med båtar i bøye rundt 1960
Holsvik notlag og kalla Holmenotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Holsvik, Sundalsås, Skare, Åslid, begge bruka i Djuvika, Skinvika (Høgset) og begge bruka på Løfolla då det vart avvikla på 1960-talet. Skriftleg informasjon fortel ein heil del om tida då Østefjordens Notlag byter namn til Holsvik Notlag. Stykket er frå 1890 til avvikling i hovedsak basert på det etterkomarane av siste eigarane av det no nedlagde notlaget kan hugse. Holsvik notlag hadde i lang tid to notbruk med litt ulik partseigarskap: Lissjenota åtte partar; Holsvik, Sundalsåsen, Skare, Åslid, begge bruk Djuvik, Skinvik (Høgset, etter at Skinvika var delt i to bruk i 1952) og Løfoll brn 1. Storenota hadde ti partar, her var Løfoll bruk 2 og Sundalsfoll bruk 1 med i tillegg til eigarane i Lissjenota. Dette med ti mann vart nytta til namn på gavlbåten «Timann» M 46 VA då den vart kjøpt etter krigen.   Les mer …

«Øyrebåten» tek fast på babord side av MB «Rolf» etter set
«Holsvik-øyrebåten» eller «Øyrebåten/Spelbåten», brukt i Holsvik notlag saman med «Storenota» (landnot), truleg frå 1951 som øyrebåt på snurpenota. Hang ved bruk i enden på snurpenota, rigga slik at den la seg på tvert og bremsa så ein fekk laus notenden og fekk nota til "å gå". Vanlegvis var der ein mann om bord i øyrebåten når nota skulle setjast.

Truleg er den byggd då notlaget gjekk til innkjøp av MB «Timann» M 46 VA i 1946. Notlaget har og truleg fått den fram på dugnad då der var to båtbyggjarar i notlaget, Rasmus Løfoll (1887 - 1979) og Einar Høydalsvik (1920 - 1997). På Løfolla er der høveleg skog, så notlaget trengde eigentleg berre å kjøpe to pakkar båtesaum og tre meter tau til belag og hamleband. Dette var rett etter 2. verdskrig og det meste var mangelvare. Der var og to røynde anleggssmedar i notlaget, Laurits Djuvik (1894 - 1984) og Harald Botn (1908 - 1976), så det var ikkje så lenge gjort å smi noko saum heller om naudsynt. Denne spelbåten var ein sterkbygd gavlbåt med rull i dokker bak og hengsla spel på tofta bak rotofta (noko liknande som ein ser på Lissjenotabåten (sjå under Holsvik motlag). Då tofter og tverrband vart demonterte ved innsetjing av motor vart den for veik i skroget og den fekk etter kvart lagt i meir innved i form av lekter på bordinga, og forsterka rekke.

  Les mer …

Turen til Volda med rutebåten gikk fra Høydalen, ei lita bygd på sørsida av Austefjorden. I min barndom og oppvekst var bygda veglaus. Sambandet med kommunesenteret Volda var ved lokal rutebåt. Det eg hugsar av desse rutebåtane i min tidlege barndom er nok litt usikkert, oftast knytt til spesielle hendingar. Fyrste rutebåtane eg hugsar var «Sira» og «Kaulå». Ei hending som sit i minnet endå var knytt til ein Voldatur med «Sira». Eg var med far min og fekk behov for å gå på do. Ja berre gå du, sa han far. Eg hadde gjort meg så kjend at eg viste kvar det var. I mine auge var dette eit fint do, samanlikna med utedoen heime. På sida av doskåla var ein spake ein drog mot seg slik at doen tømde seg. Det var vel også kopla med ei spyling.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar