Portrett av Theodor Sørensen Støp, henta frå artikkelen «Gullgraverekspedisjonen som skulle til «Californien», og som stranda i Rio de Janeiro, Brasil» av Sveinung Havik, utgitt i Årsskrift 1985 for Levanger historielag. Theodor Sørensen Støp (født 18. mai 1828 i Skogn, død 26. juni 1911 i Verdal) var husmannsson, gardbrukar, utvandrar og gullgravar. Han var mellom dei 106 nordmennene som vart med ein ekspedisjon av Trondhjem i 1850 for å grava gull i California, og som i staden endte i Rio de Janeiro. Støp er ein av desse ekspedisjonsdeltakarane vi veit mest om: Han kom seg etter kvart til California via Chile, og herifrå skreiv han minst to brev heim åt foreldra sine, som vart trykt i Nordre Trondhjems Amtstidende i 1852. Etter at han kom heim, vart han gardbrukar i nabobygda Verdal, men han skal òg ha rukki ein liten gullgravarekspedisjon til Australia. Les mer …
Logo, tegnet av Georg Opheim. Foto: Arne Langås.
Åsen Museum og Historielag i Levanger kommune ble stiftet 17. februar 1986. Lagets virkeområde er tidligere Åsen kommune, og hovedaktiviteten er todelt mellom historielag og museumslag. Laget har siden 2001 gitt ut Åsen Bygdekalender, en kalender med historiske fotografier.
Lagets formål er «å fremme og ivareta interessen for bygdas lokalhistorie og tradisjoner, samt samle inn og bevare gjenstander med lokalhistoriske og museale verdier». Medlemstallet har ligget stabilt på ca. 80 i flere år. Les mer …
Sigurd Aarnseth Foto: Norske skolefolk (1952) Sigurd Aarnseth (fødd 18. juli 1891 i Åsen i Nord-Trøndelag, død 20. desember 1987) var lærar, kyrkjesongar og lokalpolitikar i Åsen i noverande Levanger kommune. Venstre-mannen Aarnseth var ordførar i bygda 1938–42 og 1945.
Han var son av lærar Johan Arnt Aarnseth og Gurine f. Fossing. Sigurd Aarnseth tok eksamen ved Elverum lærerskole i 1916.
Som nyutdanna var han i 1916–17 lærar i Namdalseid, dinest i Melhus (1917–18). I 1918 vart Aarnseth tilsett som lærar i heimbygda Åsen, og kom etter kvart til Vedul krins. Frå 1933 var han òg kyrkjesongar i Åsen. Les mer …
|