Gunnar Berg ( 1863– 1893) var kjent som ein av lofotmålarane. Han vart fødd i 1863 i Svolvær i Lofoten som son av væreigar Lars Todal Walnum Berg (1830–1901) og Louise Johnsen (1841–1921) og vaks opp der. Berg var opprinneleg etla for handelskarriere, og etter læretida i forretninga til familien drog han til Bergen for å begynna på handelsutdanninga i 1882. Her vart han oppfordra til å utnytte kunsttalentet sitt, og i 1883– 1885 studerte han målarkunst i Düsseldorf. Etter studia reiste Berg heim til Lofoten der han med hjelp frå foreldra bygde seg eit atelier på Svinøya i Svolvær. Les mer …
Nils Grotnes ca. 1950. Foto: Ukjent Nils Jørgen Kornelius Grotnes (fødd i Nord-Rana 25. februar 1890, død 5. april 1961) var lærar og skulestyrar. Mest er han kjend som styrar for framhaldsskulen i Sel i Gudbrandsdalen i fleire tiår, og for å ha grunnlagt og styrt realskulen i bygda. Han var elles aktiv i offentleg styre og stell og i organisasjonslivet, ikkje minst kva gjeld ideelt ungdomsarbeid. I ei studentjubileumsbok karakteriserer han si eiga livsorientering i Christopher Bruuns ånd: «Kristeleg nasjonal (norskdom og kristendom)». Han var blant pådrivarane for å få inn nynorsk som skulemål i Gudbrandsdalen i 1930-åra. Politisk orienterte han seg mot Arbeidarpartiet. Han var aktiv i den sivile motstanden mot okkupasjonsregimet 1940-1945. Les mer …
Faksimile frå avisa Hardanger 5. mars 1988; utsnitt av omtale av utnevninga av Ståle Dyrvik til professor i Bergen.
Ståle Dyrvik (fødd 26. oktober 1943 i Vågan, død 25. november 2022) var professor i historie ved Universitetet i Bergen. Dyrvik er blant dei fremste ekspertane i landet på historisk demografi. Han vart cand. philol frå Universitetet i Bergen 1971 med hovudfagsoppgåve om befolkningsutviklinga i Etne i Hordaland 1660-1801. Etter hovudfaget heldt han fram med studiar i Paris i 1971-1972 under Louis Henry, familierekonstitusjonsmetodens far. Han hadde forskingsstipend frå 1972-1974, og har sidan da vore knytta til Universitetet i Bergen, frå 1988 som professor i tidleg nytids historie. Dyrvik har vore sterkt engasjert i lokalhistorisk verksemd. Han har gjeve ut fem band bygdebøker for Etne i Hordaland (1968-1995), eit arbeid han framleis er engasjert i. Frå det vart oppretta i 1985 til 2002 sat han i det rådgjevande «edb-utvalet» for Norsk lokalhistorisk institutt. Les mer …
|