Faksmilie frå Stavanger Aftenblad, 22. juni 1957.
Severin Aabø (fødd 9. september 1888 i Sauda, død 21. juni 1957 i Stavanger) var ein lærar som hadde lengste bolken av yrkeskarrieren sin i Stavanger-skulen. Aabø var òg ein aktiv fråhaldsmann og sat som Venstre-mann i Stavanger bystyre.
Han var son av gardbrukarparet Signe og Knut K. Aabø og tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1910.
Som nyutdanna hadde Aabø eit stutt vikariat i Grotland skulekrins på Voss, før han i 1911 byrja Aabø som lærar i Frue i Hetland. Der var han til 1919. Deretter arbeidde han ved Nylund skule i Stavanger. Frå 1938 til 1947 var Aabø skulestyrar ved Buøy skule, ein annan Stavanger-skule. Seinara var han ved Sørvik skule på Lindøy og ved Johannes skole, der han var overlærar. Les mer …
Kvitsøy fyr i 2004. Foto: Roar Johansen
Kvitsøy fyr ligg i Kvitsøy kommune. Det blei etablert i 1700 og er såleis eit av dei eldste fyra i landet.
I følgje lokal tradisjon skal det liggja ei dramatisk hending bak opprettinga av Kvitsøy fyr. Ei vinternatt i året 1700 kjempa eit skip seg innover mot Stavanger i ein forrykande storm. Fartøyet unngjekk såvidt dei farlege skjera ved Kvitsøy. Ombord var Henrik Petersen Ystad. Han hadde rundt 1690 etablert seg som skippar og skipsreiar i Stavanger. Henrik skal medan stormen rasa, ha lova Vårherre at dersom dei kom trygt fram til Stavanger, skulle han sørgja for å få reist fyr på Kvitsøy og ved Karmsundet. Ein meir dramatisk variant av denne historia går ut på at skipet forliste og Henrik hamna i sjøen. Der skal han så ha gjeve lovnaden om å bli fyrbyggjar, viss han vart berga. Les mer …
Årdalskrusifikset stammar frå Årdal gamle kyrkje i Hjelmeland. Det kan daterast til tida rundt 1220-1230. Den lokale lensmannen bidrog til at krusifikset blei overdratt til Stavanger Museum i 1908. Kristusfiguren mangla då begge armane, venstre fot, samt krossen. Hovudet hadde dessutan losna frå kroppen. Det dreier seg om eit såkalla triumfkrusifiks, skore i selje og med ei lengde på 116 cm. Dermed er Årdalskrusifikset størst av dei bevarte mellomalderske krusifiksa i Rogaland. Det blir rekna som eit av dei vakraste i landet innanfor sin type. Særleg ansiktet er av høg kvalitet. Krusifikset vart restaurert og undersøkt i 1980-åra. Det hadde vorte reist spørsmål ved om hovud og kropp er laga samstundes på grunn av noko ulik stil. Bruk av computertomograf viste at årringane på begge sider av brotet høyrde saman, slik at hovudet er skore frå same stamme som resten av figuren. Les mer …
|