Verdas urfolksdag blir markert den 9. august. Dagen vart innstifta av FN i 1994 som ein lekk i å fremje internasjonalt samarbeid om urfolksspørsmål. Dagen er ei årleg markering av urfolks kultur i sine mangfaldige ovringar jorda rundt, og skal også tene til å fokusere på dei problema urfolk står andsynes mange stader i form av diskriminering, ekskludering, fattigdom, og somme stader direkte valdeleg undertrykking. Ein reknar med at det i dag er om lag 370 millionar menneske som tilhøyrer urfolk, spreidd over 90 ulike land. Urfolk er folkegrupper som har levd i eit område føre det vart kolonisert eller gjort om til ein stat, og som ikkje identifiserer seg med den statsberande kulturen i landet. I Noreg har samane status som urfolk. Les mer …
Russisk-ortodoks kors avbildet på et postkort fra Petsjenga (Petsamo) Foto: Digitaltmuseum.no/Hardanger og Voss museum Petsjenga ( ru. Печенга) eller Petsamo ( finsk og svensk), frå skoltesamisk Peäccam ( nordsamisk Beahcán) er namnet på landområdet rett austom riksgrensa mellom Sør-Varanger kommune i Norge og Murmansk fylke i Russland. Området er skoltesamisk frå gammalt av, og i si moderne utstrekning utgjer området austdelen av Pasviksiidaen, heile Petsamosiidaen og den vestlige delen av Suenjel-siidaen. Området kom under russisk kontroll i 1533.
Området ble fra begynnelsen av 1600-tallet til først på 1800-tallet betraktet som et felles norsk-russisk skattland, det såkalte fellesdistriktet. Fram til 1813 skatta skoltene både til Russland og til Danmark-Norge, men dei sto under russisk verdslig og kyrkjeleg jurisdiksjon. I perioden mellom 1814 og 1826 kravde heller ikkje Sverige-Norge skatt av skoltane. Området vart anerkjent under russisk jurisdiksjon ved grensekonvensjonen av 1826.
I og med Tartutraktaten i 1920 vart mesteparten av området lagt til Finland, men i 1944 vart det innlemma i den daverande Sovjetunionen og utgjer i dag hovuddelen av Petsjengskij rajon i Russland. Les mer …
Reingjelding eller reinkastrering blir utført på hann reinar, gjerne i treårsalderen, som skal trenast opp til kjørerein, og dessutan ofte òg andre hannreinar som skal vera med på å skapa ro i større reinflokkar. Tradisjonelt har reingjelding vorte utført ved at ein bit over testiklane med for- og hjørnetenner til sædstrengene sprikk med eit hørbart knepp, og deretter mosar sund testiklane mellom fingrane. To fordeler med denne metoden er at skinnet ikkje blir punktert, noko som minskar infeksjonsfaren; og at testikkelvevet til ein viss grad er intakt, slik at ein minimal testosteronproduksjon framleis kan finne stad. Reinen viser gjerne teikn til å vera uvel i to–tre dagar etter inngrepet. Frå andre halvdelen av 1900-talet har denne metoden vorte ulovlig, og i dag går gjeldinga normalt for seg med burdizzo-tong, som knusar vevet i sædstrengen. Les mer …
|