Forside:Ullensvang kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sund • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden
TIDLIGERE KOMMUNE: Jondal • Odda

Om Ullensvang kommune
1231 Ullensvang komm.png

Ullensvang kommune ligg i Hardanger i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland). Ullensvang grensar til Vinje i Vestfold og Telemark i søraust, kommunane Sauda og Suldal i Rogaland i sør, Etne i sørvest, Kvinnherad i vest, Kvam i Hardangerfjorden i nordvest, Voss herad og Ulvik i nord og Eidfjord i nordaust.

I 1964 vart gamle Ullensvang, Kinsarvik med unntak av Kvanndal, Åsgrenda i Kvam kommune og Eidfjord samanslegne til ein ny storkommune. I 1977 vart Eidfjord utskild som eigen kommune. I samband med Solberg-regjeringa si kommunereform vedtok Ullensvang, Odda og Jondal å slå seg saman under namnet Ullensvang. I samband med dette vart namnet endra frå Ullensvang herad til Ullensvang kommune.

Fruktblomstring i Utne, Ullensvang
Foto: Nasjonalbiblioteket

Kommunen har sju tettstader: administrasjonssenteret Odda, Tyssedal, Skare og Røldal i tidlegare Odda, Kinsarvik og Lofthus i tidlegare Ullensvang og Jondal i tidlegare Jondal kommune.

Ullensvang er den viktigaste fruktdyrkingskommunen i landet. Turisme er òg ein viktig næringsveg.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Claes Gill (til høyre) sammen med Erik Bye under et tv-program i 1962.
Foto: Johan Brun (Dagbladet)/Norsk Folkemuseum.
Claes Daniel Gill (født 13. oktober 1910 i nåværende Odda kommune, den gang del av Ullensvang kommune, død 11. juni 1973 i Oslo) var forfatter, skuespiller, instruktør og teatersjef. Etter en omstreifende tilværelse i yngre år, blant annet i USA, debuterte Gill som lyriker i 1939. Senere virket han som skuespiller og teatersjef, blant annet ved Rogaland teater. Etter tiden i Rogaland var Gill frilansskuespiller og -instruktør og var mye brukt som oppleser av norsk og utenlandsk poesi. Han var også oversetter av teaterstykker. 1962-1964 var han fast knyttet til Odense Teater. Gill spilte også i to filmer av Arne Skouen, Det brenner i natt (1955) og Herren og hans tjenere (1959).   Les mer …

Murboligen.
Foto: Dag Endre Opedal (2009)

Historia om Murboligen i Odda startar i 1913. Arkitekt Egill Reimers står bak bygget som hadde 44 leilegheiter då det var nytt. Forfattaren Frode Grytten brukar huset som ramme i romanen Bikubesong.

Då planane for Murboligen blei utarbeidd i 1913, var Odda inne i ein vekstperiode som kravde nye og raske løysingar på mange felt. Utvidingane på karbid- og cyanamidfabrikken frå 1912 skapte stadig nye arbeidsplassar og eit stort behov for permanente bustadar og gode familiehus. Opplysningar frå bedriftsarkivet til karbidfabrikken (Alby United Carbide Factory. Ltd), forløparen til Odda Smelteverk, viser at talet på tilsette auka frå 350 personar i 1910 til 795 personar i toppåret 1915. Ikkje rart Odda opplevde «byggeboom». Reimers har i alt teikna to kjende og karakteristiske bygg i Odda. Omkring 1920 fekk han oppdraget med å teikna Formennenes hus, no kjent som Formannshuset. Men dette blei først bygd i 1928 på grunn av dei vanskelege kriseåra tidleg på 20-talet.   Les mer …

Smelteverksporten markerte kontaktpunktet mellom byen og verket, mellom arbeidet og fritida.
Foto: Dag Endre Opedal
(2009)

Porten inn til smelteverket i Odda var lukka for folk flest så lenge det var produksjon på verket. Her måtte alle arbeidarane passera og «stempla inn» før dei gjekk inn på fabrikken. Og her strøymde dei ut att når arbeidstida var over. Det var folk på arbeid både natt og dag og folk og bilar passerte ut og inn.

Pulsen i Odda sentrum blei ikkje den same etter at Odda Smelteverk AS stoppa for godt tidleg i mars 2003.   Les mer …

Familien Christiansen budde også i Folgefonngata nr 9 då huset var nesten heilt nytt.
Foto: Arkiv NVIM.
Folgefonngata 9 i Odda er eit lite trehus i ein og ein halv etasje, bygd i 1907/08. Dette er ein av dei første arbeidarbustadane som blei bygd i Odda sentrum, og saman med Folgefonngata 11 og 13 tilhøyrer det Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) i dag. Folgefonngata 9 er ein «formannsbolig» med to rom og kjøkken. Det er to leilegheiter i huset. Mange av dei andre husa i gata hadde leilegheiter med eitt rom og kjøkken og var for fagarbeidarar. I åra 1907 til 1914, før Murboligen kom, låg det slike bustadar på begge sider av Folgefonngata.   Les mer …

Studentene fra 1902
Foto: 1927

Guttorm Narum (født 17. juni 1881 i Gol, død 5. desember 1929) var ordfører i to kommuner, Vadsø og Odda, og seinere rådmann i Bodø og Bærum.

Han var sønn av gårdbrukerparet Ole Narum (1838–) og Margit f. Christensen (1847–1917). Etter Tønders middelskolekursus og middelskole-eksamen ved St. Hanshaugens skole i 1900 ble det høyere skolegang samme sted, til han tok eksamen artium ved Otto Anderssens skole i 1902. Han var huslærer på Helgøya før han begynte på universitetet, hvor han var ferdig cand.jur. i 1908. Han gjorde seg lite bemerket i livet rundt studiene, fortalte han selv.   Les mer …

Mot breen fra Bondhus
Turistvegen over Folgefonna er en fottur som følger i sporene etter de europeiske turistene som flokket til fjord-Norge fra midten av 1800-tallet. Turen går fra Sundal i Mauranger til Sørfjorden i Hardanger over Folgefonna. Ruta er en av flere Historiske vandreruter lansert av Riksantikvaren og Turistforeningen i samarbeid. Turen starter i Sundal ved Maurangerfjorden. Hit kom turistene med store dampbåter. Fra Sundal følger man det første stykket den gamle Isvegen opp Bondhusdalen. Vegen ble anlagt i forbindelse med is-uttakning fra Bondhusbreen (brearm til Folgefonna) på 1860-tallet og går helt fra brygga i Sundal og opp til Bondhusvatn på vestsiden av Bondhuselva . Noen hundremeter nedenfor Bondhusvann deler veien seg, og turistvegen tar av mot venstre, krysser Bondhuselva og følger «Keiserstien» (på kartet: Gardshammarvegen) oppover den bratte Hillerslia mot Gardsahammarstølen. Opp det bratteste snirkler stien seg i 18 fine hårnålssvinger: stien ble anlagt på denne måten for at turistene skulle komme seg opp til breen på hesteryggen. Fra Gardshammarstølen er det en fantastisk utsikt mot fjorden.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Ullensvang kommune
 
Andre artiklar