Forside:Ål kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Akershus • Buskerud • Østfold
DISTRIKT: Eiker • Hallingdal • Numedal • Ringerike
KOMMUNE: Drammen • Flesberg • Flå • Gol • Hemsedal • Hol • Hole • Jevnaker • Kongsberg • Krødsherad • Lier • Modum • Nesbyen • Nore og Uvdal • Ringerike • Rollag • Sigdal • Øvre Eiker • Ål

Om Ål kommune
0619 Aal kommune.png
Ål kommune ligg i Hallingdal i Viken fylke (før 1. januar 2020 i Buskerud). Kommunen er frå 1838 og grensar mot Viken-kommunane Hemsedal i nord, Nore og Uvdal i sør, Nesbyen i søraust, Hol i vest og Gol i aust. I tillegg grensar Ål i nordvest mot Lærdal kommune i Vestland fylke.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Elevar på jentekurset ved den flyttbare fjellandbruksskulen hausten 1916.
Foto: Knut Tomassen Sorteberg/Hemsedal bygdearkiv
(1916)

Lien landbruksskole var landbruksskulen for fjellbygdene i Buskerud. Han låg i Torpo i Hallingdal, og vart bygd i 1922 etter eit drygt tiår med flyttbar skule i ulike hallingdals- og numedalsbygder.

Tidleg på 1900-talet var det ingen landbruksskule i Buskerud, og ungdomar frå fylket som ville ta landbrukssutdanning, måtte gjera det på skular i andre fylke. I 1910 vedtok Buskerud amtsting (fylkesting frå 1917) at ein skulle setja i gang landbruksutdanning i amtet. Det vart etablert to skular. Den eine skulle vera for flatbygdene og den andre for fjellbygdene. Skulen for flatbygdene vart lagd til Buskerud hovudgard på Modum. For fjellbygdene i Buskerud, dvs. kommunane Nore og Uvdal og Rollag i Numedal og Gol, Hemsedal, Ål og Hol i Hallingdal, vart det etablert ein flyttbar skule med korte kurs på tre månader. Det skulle haldast eigne kurs for jenter der husdyrlære, kjøkenstell og kosthald var viktige fag. Desse kursa skulle gje nyttig kunnskap for framtidige gardkoner.   Les mer …

Aagot Noss førebur utstillinga Folk og klede på Norsk Folkemuseum i 1994.
Foto: Bjørg Disington/Norsk Folkemuseum
(1994)
Aagot Noss (fødd 9. oktober 1924 på Ål i Hallingdal, død 5. april 2015 i Oslo) var ein nestor innan folkedraktforskinga her til lands og utmerka seg også internasjonalt. I nesten førti år var ho konservator ved Norsk Folkemuseum, og i desse åra dreiv ho eit omfattande redningsarbeid for folkedraktene og tradisjonane rundt dei. Ho samla, teikna, fotograferte, filma og katalogiserte, men ho presenterte også materialet i talrike artiklar og bøker, foredrag og utstillingar. Få, om nokon, hadde breiare og djupare kunnskap om norske folkedrakter enn ho.   Les mer …

Maleri av Abraham Falck Hammer (ukjent kunstner).
Abraham Falck Hammer (født 1781 i Ål, død 3. desember 1837 i Østre Toten) var landhandler og gardbruker på Rogneby i Østre Toten. Tidlig på 1800-tallet var han en av bygdas mest velstående menn. Han ble født i Ål i Hallingdal, som sønn av residerende kapellan Ole Christian Hammer. Familien flytta i 1782 til Tune i Smålena (Østfold), da Ole Christian Hammer ble kapellan der. Faren var født på Gudderudvollen på Toten, der Abraham Hammers farfar, Thomas Hammer, var bygdas første landhandler med kongelig bevilling.   Les mer …

Anne Sorteberglien (fødd 6. februar 1912, død 4. mai 2019) budde i Ål i Hallingdal. Ho var mor, «Gommo», oldemor og tippoldemor, med over 100 etterkomarar. Då ho fylde 102 år, skreiv Aftenposten at «Tross sin høye alder er jubilanten en klar og oppegående dame, som trives godt på Ål bu- og behandlingssenter».

Ho var dotter av gardbrukar Ole Larsen Holepladsen (f. 1882) og husmor Guri Haakensdotter Holepladsen (f. 1884), og vaks opp på Holeplassen i Ål. Anne mista faren då ho var 14 år gamal, då han fekk blindtarmbetennelse og måtte dra til sjukehuset med tog. Reisa vart for lang, så han kom ikkje fram i tide. Mora vart då att aleine med sju ungar.

Ho vart gift med Torleif Sorteberglien (1910–1997). Dei fikk ti born. Tre av dei døydde i 30- og 40-årsalderen av kreft. Anne og Torleif dreiv gard, og ho hadde ansvaret for støylsdrifta gjennom meir enn 50 år.

I 1997 mista ho mannen. Då han vart sjuk kort tid før flytta dei til Ål bu- og behandlingssenter, og der budde ho resten av livet.

  Les mer …

Harsson fotografert ved garden Sønsterud i Hole. Hun var spesialist på gardsnavn med endinga -rud.
Foto: Bjørn Geirr Harsson (2011)

Margit Harsson (født 9. juni 1943 i Ål, død 3. juni 2021 i Hole) var navneforsker. Hun var ansatt ved Seksjon for navnegransking, Universitetet i Oslo fra 1989 til hun gikk av med pensjon i 2013. Fra 1990-tallet ga hun ut serien Bustadnavn i Østfold sammen med kollegaen Tom Schmidt. I 2010 kom hennes store leksikon over gardsnavn med endinga -rud, et arbeid som bygger på Harssons mangeårige studier av disse stedsnavna.

Harsson bodde fra 1976 i Hole på Ringerike. Hun var gift med geofysikeren Bjørn Geirr Harsson, og de fikk sønnene Harald og Lars-Erik. Både Margit og Bjørn Geirr Harsson engasjerte seg i det lokalhistoriske arbeidet i Hole, blant annet i Heftet Ringerike.   Les mer …

 
Sjå òg


 
Kategoriar for Ål kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar