Arnt Olsson Semundset (ca. 1770-1822) var fødd på garden Hestnes i Valsøyfjorden i Aure prestegjeld kring 1770. I folketeljinga i 1801 finn ein han på garden Våg i Aure i same prestegjeldet, og same året gifta han seg med Inger Jonsdtr. Våg (d. 1802). Ekteparet fekk ei dotter, men mora døydde like etter fødselen, 21 år gammal. Arnt Olsson gifte seg på nytt i 1804 med Gjertrud Hansdtr. Ormset, men ho døydde allereie i 1810. Ekteparet hadde ikkje born. På dette tidspunktet hadde Arnt Olsson fått skøyte på eit av dei to bruka på Semundset som faren hadde kjøpt kring 1780. I 1811 gifta Arnt Olsson seg for tredje gong, no med Gjertrud Arntsdtr. Melland. Då Arnt Olsson døydde i 1822, hadde dei fire born saman. Våren 1814 var Arnt Olsson valmann for Aure prestegjeld. På dette tidspunktet var han også medhjelpar til presten i Aure. I samband med utskrivinga av sølvskatten i 1816 sat han i den lokale likningskommisjonen, og han var også medlem av bygdekommisjonen i åra kring 1820. Les mer …
Visegruppa Skuggsjå vart starta i 1979 av Kolbjørn Botten frå Valsøyfjord i Halsa kommune. Gruppa hadde medlemmer frå Halsa, Surnadal og Rindal kommunar. Songrepertoaret var i stor grad basert på gamal historie og segner frå Nordmøre. Bandet gav ut to LP-plater og heldt ein god del konsertar, før det vart oppløyst ein gong i 1980-åra. Desse var med i Skuggsjå, for kortare eller lengre tid: Kolbjørn Botten: song, Gerd Foros: song, Ole Johan Botten: bass, Eistein Bæverfjord: trekkspel, Bernt Bøe: blokkfløyte, Solveig Johansson Grytbakk: fløyte, Jostein Dønnem: gitar og Karstein Svendsli: fiolin. I 1981 gav Skuggsjå ut si første LP-plate: På gamle tufter. Denne plata vart innspela i Viking Studio A/S i Øksendal i Sunndal kommune. Den andre plata kom i 1983, og hadde tittelen Skuggsjå. Innspelinga av denne plata vart gjort i Nidaros Lydstudio AS i Trondheim. Visene som Skuggsjå bruka var forfatta av lokale diktarar frå Nordmøre, til dømes Hans Hyldbakk og Jørgen A. Gravvold, begge frå Surnadal kommune. Les mer …
Vinje kyrkje. Foto: Olve Utne (2009)
Vinje kyrkje i Hemne i Heim kommune er ei åttekanta kyrkje i tømmer frå 1820.
Kyrkja har eit romansk krusifiks som kan vere frå slutten av 1100-talet. Det skal opphavleg ha stått utandørs med eit tak over, og vart attfunne under ei oppussing i 1950-åra. Altartavla frå 1712 er i nederlandsk barokkstil. Preikestol og altartavle vart flytta over frå gamlekyrkja. Les mer …
Henrik Sødal. Foto: Hentet fra Studentene fra 1918 (1950)
Henrik Sødal (født 10. mai 1897 i Hemne, død 14. januar 1982) var skoleinspektør og venstrepolitiker.
Han var sønn av lærer og bonde Lars Sødahl (1844–1934) og Ingeborg f. Holden (1853–1926). Han endra etternavnet til Sødal i 1919, muligens for å avdanske stavemåten. Etter eksamen artium på latinlinja ved Volda gymnas i 1918 tok han lærereksamen ved Notodden lærarskule i 1920. Etter vikariater under studiene jobba han som overlærer ved Nesna lærerskole fra 1920 til 1926, så som lærer ved Follo fylkesskole fra 1926 og folkeskolen i Bærum fra 1929. Les mer …
|