| Om Nordmøre
|
|
Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.
Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019. Les mer ...
|
|
|
| Smakebitar fra artiklar
|
Kristofer Leirdal. Foto: Yngve Sakarias Leirdal.
Kristofer Leirdal (født 15. desember 1915, død 6. juli 2010 i Trondheim) var ein bilethoggar frå Aure kommune på Nordmøre. Han var son av småbrukar og snekkar Sakarias Skogan (1880–1951) og Karen Leirdal (1883–1966), og var gift med Aina Thiis (f. 1924). Leirdal laga fleire skulpturar til Nidarosdomen i Trondheim, hovudsakleg frå 1941 til 1942 og 1946 til 1983. Han var sentral i oppbygginga av eit vitalt kunstmiljø i byen. I Steinkjer har han laga statuen «Mann og hjul» i parken ved Biltilsynets verkstedhall (1970) og relieffet «Livets gang» kring hovudinngangen ved Steinkjer krematorium (1951). Les mer …
Dette er MB «Speser» slik ho var før ombygging på Vik Båtbyggeri.
MB «Speser» var eit fraktefartøy frå Melbu i Vesterålen. Bygd ved Holms verft, Sverige, i 1928, oppgitt til 93 brt. Det var ei svartmåla, kravellbygd, svenskemakke i eik, bogen baug og speiel. Eigaren, Malvin Eriksen frå Melbu, hadde kjøpt båten frå Sverige, og brukt den til sandfrakt og kystfrakt. «Speser» kom til L/L Vik Båtbyggeri i januar 1960.Båten skulle forhøyast tre hudgangar, og få kryssarhekk. Under arbeidet bestemte eigaren seg for at baugen skulle skiftast med ein rana baug, framover liggande. Den gamle baugen vart kappa av og vinsja tilsides. Kaising eller dekkshus skulle byggast i jern, og vera i full breidde. Alle lugarar skulle innreidast på dekk, altså i kaisinga. Det skulle byggast overbygg med rorhus og bestikklugar, og ein skipperlugar i bakkant. Motoren skulle skiftast med ein brukt 130 hk Voldamotor. Les mer …
Johan Olsen Aarø var den som først lykkes med ordinær rutebilkjøring i Norge, her med sin 1907 UNIC, fotografert i Kristiania før turen til Møre og Romsdal. (1908)
Norges første bussrute trafikkerte strekningen mellom Molde og Batnfjorden. Den startet 12. mai 1908 og gikk den 36 kilometer lange veien fra Molde over Fursetfjellet til Batnfjordsøra. I dag er denne veistrekningen en etappe av E39. Bussruten var et framskritt fordi passasjerer som ønsket å unngå den værharde Hustadvika, kunne ta dette stykket av reisen over land. Bussruten ble kjørt med en nyinnkjøpt seks-seters UNIC 1907-modell, med 18 hestekrefter. Bilen var franskprodusert, med karosseripåbygg fra Norge. Den er bevart på Romsdalsmuseet. Les mer …
|
|
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Nordmøre
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|