Peder Trønnes. Gjengitt etter Ivar Sæter Storelvedalen. Fotograf ikkje opplyst Peder Halvorsen Trønnes (fødd i Stor-Elvdal 1. juli 1829, død same stad 1908) var jurist, gardbrukar og aktiv i det kommunale liv i heimbygda, mellom anna som ordførar.
Han var fødd og oppvaksen på garden Nystu Trønnes i Stor-Elvdal. Foreldra var Halvor Botolfsen Trønnes (1794-1875) og Kari Halvorsdotter frå Atnaosen (1798-1888). Peder var ein av i alt 13 sysken, nummer fem i rekkja. Ein av brørne var språkmannen og folkeminnesamlaren Niels Trønnes.
Peder Trønnes gifta seg i 1860 med Anne Bergersdatter Nordstu Messelt (1830-1887), gardbrukardotter frå same bygda. Dei fekk eitt barn, Anne.
Som 14-15 åring drog Peder til Christiania, der broren Niels studerte på den tida. Peder fekk artiumsførebuande skulegang ved Nissens latin- og realskole, der han tok eksamen i 1849. Han tok juridisk embetseeksamen i 1857. Les mer …
|