Forside:Valdres

(Omdirigert fra «Valdres (forside)»)

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres
Etnedal • Sør-Aurdal • Nord-Aurdal • Øystre Slidre • Vestre Slidre • Vang

Om Valdres
Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Jørgine Paulsdotter Fossen (1861–1940) med åtte av dei tretten ungane. Ho vart enke eit år etter at minstejenta kom til verda. Bak frå venstre: Hjalmar (f. 1903), Gunvor Marie (f. 1885), Josefine Severine (f. 1889), Mathilde (f. 1890) og Johannes (f. 1896). Foran frå venstre Charlotte Johanne (f. 1898), Jørgine med Ingeborg (f. 1905) på fanget og Kristine (f. 1900).
Foto: Ukjend
(1907/1908)
Jørgine Paulsdotter Fossen (fødd 1. februar 1861 i Sør-Aurdal, død 16. mars 1940 i Nes i Hallingdal) var ei småbrukardotter frå Valdres som levde det meste av sitt liv som møllar- og husmannskone og enke i Nesbyen i Hallingdal. Ho hadde eit liv prega av slit og ulukker, men trass all motgang klarte ho å oppdra tretten ungar og å gje dei eit godt grunnlag i livet. Far hennar, Paul Andersson Bakken, var òg ein slitar, og det er sagt om Jørgine av dei som kjende ho, at ho var like sta, seig og sterk som han.   Les mer …

Petter Lillebrænd.
Foto: Studentene fra 1915 (1942)
Petter Lillebrænd (født 16. august 1896 i Nord-Aurdal, død 3. januar 1987 i Gjøvik) var realfagslektor og yrkesskolerektor. Han jobbet ved Gjøvik høyere skole i 30 år (1922–1952), var rektor ved Gjøvik yrkesskole i tretten år (1952–1965) og representerte Venstre i Gjøvik bystyre i 33 år (1929–1959, 1964–1967) hvorav 19 år i formannskapet. Lillebrænd, som hadde befalskurs fra 1916, deltok i felttoget 1940 og ga seinere ut boka I krig langs Begna i 1949. Han skreiv også kapitlet «Skolen under okkupasjonens trykk 1940–1945» i skolens jubileumsbok Fra borgerskole til videregående skole. Her heter det at Lillebrænd selv ble fengslet like etter skolestart høsten 1942, og satt en måned.   Les mer …

Flaumstøtta sør for Ringebu.

Storofsen er nemninga på eit omfattande uvêr med flaum og jordskred som traff store delar av Sør-Norge i juli 1789. Verst var det truleg i Gudbrandsdalen, men uvêret herja òg i Valdres, Østerdalen, på Nordmøre, i Romsdal og Sør-Trøndelag.

Fleire faktorar førte truleg til den ekstreme vêrsituasjonen. Det hadde vore ein kald vinter med djup tele i jorda, sein snøsmelting, mykje regn og fleire varmeperiodar tidleg på sommaren. Omkring 14. juni skal vêret ha blitt lummert med kvelande varme, tunge skyer og luft metta av vassdamp. Eit lågtrykk kom truleg nordover frå Polen og la seg til over Austlandet, medan eit høgtrykk skal ha lege over Finland og hindra den normale drifta av lågtrykk austover. Eit anna lågtrykk skal ha lege over Nordland, og det kan ha ført kaldare luft sørover som førte til ustabil luft og voldsomt torevêr og nedbør i dagane 20. til 23. juli.

På det verste stod vatnet i Gudbrandsdalslågen truleg sju meter over det normale. Til saman 72 menneske omkom, og av desse var 61 frå Gudbrandsdalen. Mange bønder frå Østerdalen og Gudbrandsdalen flytta frå bruka sine til indre Troms ved hjelp av futen i Tromsø og Senjen fogderi Jens Holmboe.   Les mer …

Johan-Henrik Eltun Kvam
Johan-Henrik Eltun Kvam (fødd 10. april 1850, død 6. november 1948) var spelemann og gardbrukar på nordre Kvam i Vang i Valdres. Kvam tok til å spela fele då han var 10-11 år. Han brukte då fela åt far sin, Trond Eltun på søre Øye. Då han var 21 år, fekk han seg ei Telemarks-fele, som han gav kr. 30 for. Han kjøpte ho av ein Oslo-mann. Ho var laga av Johan Ellefsson Steintjønndalen, Bø i Telemark. Det var ei retteleg god fele. Far hans, han Trond, fekk ho då han fór til Amerika 1876. Men då kjøpte Johan-Henrik seg att ei ny Telemarks-fele, som Knut Helland hadde laga. Johan-Henrik lærde fyrst og fremst felespel av far sin. Men han lærde og av mange bygdespelemenn, såleis av Ola Strand på Søyne, Krosshaug-sønene Lars og Andris og av Rengjistadane o.a.   Les mer …

Johan Skrindsrud - faksimile frå Norske skolefolk (1952).

Johan Skrindsrud (fødd 23. november 1897 i Etnedal i Valdres, død 19. mai 1961) var gardbrukar og lærar. Han arbeidde ved Bergsbakken skule i Nord-Etnedal frå 1922 til han døydde. Han hadde eksamen frå den 2-årige lærarskulen i Oslo og tok seinare meir utdanning, mellom anna engelskkurs. Skrindsrud hadde òg vore elev ved Valdres folkehøgskole.

Utanom skulearbeidet var Skrindsrud aktiv i kommunepolitikken i Etnedal, som medlem av Arbeidarpartiet. Han vart i 1934 vald inn i heradsstyret som partiets einaste representant frå Nord-Etnedal sokn.   Les mer …

Første utgåve av Tidsskrift for Valdres historielag, utgeven i 1916.
Årbok for Valdres er årboka til Valdres historielag i Valdres i Oppland. Årboka har røtene sine i Tidsskrift for Valdres historielag attende til den fyrste utgjevinga i 1916. I 1981 vart tittelen endra til Årbok for Valdres.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Valdres
 
Andre artiklar