<onlyinclude> Borna er antakeleg fotografert i atelieret til far til tre av dei, Engebret T. Braaten, i Bergheim, Gol sentrum. Framme med hund: Per Braaten. Bak frå venstre: Åsta E. Bergheim, Torkjel E. Bråten og vesle Hjørdis E. Bråten. Per og Hjørdis vart også fotografar. Foto: Engebret T. Braaten?/Gol bygdearkiv (1903) NEG 236 Oppdragelse før og nå er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2011 med tittel Oppdragelse før og nå. Utsendar var Audun Kjus.
Introduksjon til spørjelista
Den som besvarer listen er innforstått med at svaret blir arkivert (anonymt) og blir brukt av forskere i dag og i fremtiden. Brukere av materialet må forplikte seg til å verne opp- havspersonens og eventuelt andre personers integritet.
Hvordan barn skal oppdras er et mye diskutert emne. Både i dag og i tidligere tider har det vært forskjellige syn på hvordan det er riktig å behandle barn og hva som skal til for at barna skal få gode liv som voksne. De vanligste oppfatningene om barn og barndom og de vanligste måtene å behandle barn på, har endret seg over tid. I denne spørrelisten spør vi etter dine erfaringer med oppdragelse fra tre sammenhenger: Hvordan ble du selv oppdratt? Hvordan har du opplevd det å oppdra barn? Hvordan ser du at dagens foreldre oppdrar barn?
Vi vil gjerne høre både om oppdragelsen i hjemmet og på skolen. Emnet er stort og vi forventer ikke at du skal skrive ned absolutt alle minner som har noe med oppdagelse å gjøre, men fokuser gjerne på konkrete episoder som du mener er talende for hvordan barn ble/blir oppdratt (uten navn). Vi har laget en liste med stikkord og spørsmål som du kan bruke som en støtte for skrivingen. Skriv gjerne ut over spørsmålene.
Sjå også
Eksterne lenker
F.A. Wessel-Berg, 1890. Fotograf ukjent. Nasjonalbiblioteket.
Frederik August Wessel-Berg (fødd i Sem i Tønsberg 27. juni 1809, død på Kongsvinger 8. november 1895) var jurist og embetsmann. Namnet er mest kjent frå Wessel-Bergs reskriptsamling, ei fem bands utgåve av kongelege befalingar og føresegner frå einevaldstida 1660-1813.
Familie
Han var son av justitiarius Jens Christian Berg (1775–1852) og hans fyrste kone Hedevig Marie Elisabeth Wessel (1773–1816). På den tida Frederik August vart fødd, som den yngste av tre sysken, var faren birkeskrivar (sorenskrivar) i Søndre Jarlsberg. Familien åtte og budde på garden Gulli i Sem.
Wessel-Berg gifta seg i 1837 med Pauline Augusta Clausen (død 1872), dotter av tollbetjent i Christiania Lars Clausen og hustru Louise Thrane. Etter at fyrste kona døydde inngjekk Wessel-Berg nytt ekteskap i 1879 med Elisabeth Margrethe (Betzy) Nielsen (fødd 1836). Ho var dotter av Nils Berg Nielsen, eigar av Skansgarden på Vinger, og Ursulla Maria Gaarder Rynning.
Utdanning og embetskarriere
Wessel-Berg vart student frå katedralskulen i Christiania i 1827. Han tok juristeksamen (cand. jur.) ved universitetet i Christiania i 1835. Allereie i studietida vart han tilsett som kopist i Justisdepartementet (1835), avanserte til fullmektig og var departementstilsett til 1849. Da vart han utnemnd til fut i Orkdal og Gauldal. I 1857 vart han amtmann i Nordre Trondhjems amt. I 1866 fekk han embetet som sorenskrivar i Vinger og Odalen, som han etter søknad vart innvilga avskil frå i 1880.
Reskriptsamlinga og anna publikasjonsverksemd
I åra 1840–1845 gjennomførte Wessel-Berg eit storarbeid med utgjevinga av kongelege befalingar og føresegner («Rescripter, Resolutioner og Collegial-Breve») frå einevaldstida 1660–1813. Dette vart gjort ved sida av full stilling i departementet i tillegg til det han sjølv kallar «andre heterogene Sysler». Det resulterte da også i at han vart overarbeidd og fekk eit mentalt samanbrot, slik vi vel å tolke formuleringa hans i forordet til siste bandet: «en Nervesvækkelse og derpaa følgende heftig Nervefeber». I det same forordet uttrykkjer han takksemd til faren, den røynde juristen og ivrige pioner innan den nasjonsbyggande historieskrivinga, J. Chr. Berg: Farens «ualmindelige Hukommelse, samt grundige og klare Oversigt over Materien, i Forbindelse med hans rige Skat af Notater og Samlinger herhen hørende, har baade været mig til stor Lettelse ved mit Arbeide og derhos tjent til at give samme en større Fuldkommenhed». I 1847 gav han ut registerbandet til reskriptsamlinga. Han skriv der i forordet at registeret «for en stor Deel» er utarbeidd av kand.jur. Hjalmar Gjertz.
I ulike fora utgav Wessel-Berg ei rekkje historiske kjeldeutgjevingar, historiske utgreiingar og kommentarar til kultur- og samfunnsdebatt. Dessutan utgav han anonymt ei biografisk skisse av faren (1843).
Ordensutnemningar
F.A. Wessel-Berg vart utnemnd til riddar av den svenske Nordstjerneordenen i 1863 og likeins riddar av St. Olavs orden i 1866 «for fortjenstfuld Embedsvirksomhed».
Kjelder og litteratur
|