Forside:Bykle kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Agder
TIDLIGERE FYLKE: Aust-Agder (Distrikt: Setesdal) • Vest-Agder
KOMMUNE: Arendal • Birkenes • Bygland • Bykle • Evje og Hornnes • Froland • Gjerstad • Grimstad • Iveland • Lillesand • Risør • Tvedestrand • Valle • Vegårshei • Åmli

Om Bykle kommune
0941 Bykle komm.png
Bykle kommune ligg heilt nord i Setesdalen i Agder fylke (før 1. januar 2020 i Aust-Agder). Kommunen grensar i nord og aust til kommunane Vinje og Tokke i Vestfold og Telemark, i sør til Valle og Sirdal i Agder og Sandnes i Rogaland, og i vest til Hjelmeland og Suldal i Rogaland. Kommunen vart utskilt frå Valle kommune i 1902.

Bykle har store vasskraftressursar, og store delar av kommuneinntektene kjem frå produksjon av elektrisitet frå vasskraft. Hovden er den største vintersportsstaden sør for Hardangervidda. I Kulturminneåret 1997 blei Byklestigen vald til kommunen sitt kulturminne.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Nordstog 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Nordstog er eitt av bruka på Stavenes i Bykle kommune. Den opphavlege Stavenesgarden vart dela i to einingar ein gong langt attende i tida, helst i vikingtid eller tidleg mellomalder. Me reknar med at den eine av desse einingane var ihopsett av Nordstog og Teigen, medan Utistog og Systog utgjorde den andre.

Nordstog/Teigen har så på eitt eller anna tidspunkt hamna i eiga til Valle sokneprestembete, som ein del av det det såkalla prestebordsgodset. Eit brev frå 1592 viser at denne eigedomsoverdraginga var ein del av ei større gåve til kyrkja frå ei gruppe av dei rikare bøndene i Valle, mellom desse truleg oppsitjaren på Hoftuft, men kva tid denne overdraginga gjekk fyre seg er ikkje nemnt i brevet. Me reknar likevel med at det var fyre 1540, etterdi ihopdraginga av kyrkjegods slutta i og med reformasjonen.

Nordstog/Teigen var altså lenge eitt bruk, der eldste verestaden var Nordstog. Teigen vart kløyvt ut noko etter år 1700, omlag på same tida som Systog vart skilt ut frå Utistog. Men i motsetnad til delinga mellom Utistog og Systog, der sistnemnde var berre 1/4 av den opphavlege eininga, vart den gamle Nordstog/Teigen-eininga dela midt i to, så dei vart ståande med ei landskyld på 6 kalveskinn kvar.

Fyrste oppsitjaren me veit om på prestebordshuda i Stavenes er ein Åsmund, som i den eldste av landskattelistene vert nemnd som ein av ei gruppe «husmenn» i Bykle i 1610. Husmann i vår tyding av omgrepet var han nok likevel ikkje, såvorne dukka ikkje opp fyrr ein del tiår seinare. Men i Danmark hadde dei husmenn, og når nå futane i Noreg hadde bruk for ei nemning for jordbrukarar med låg skatteevne, treiv dei til husmanns-omgrepet. «Husmannen» Åsmund kverv frå kjeldene etter 1610, og me veit ikkje meir om han.   Les mer …

Jeiskeli 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Jeiskeli ligg på ein sete under lia eit par kilometer austanfor riksvegen ved Hegni i Bykle kommune. Vidare mod aust er der hei og høgfjell, og både nordom og sørom den dyrka jorda er der mest myr. Men der sjølve garden ligg er faste og fine vollar.

Jeiskeli er omtala som øydegard i ei skatteliste frå 1607, og i 1624 ser ein at garden hadde eiga landskyld, og sto i 3 kalveskinn, men det var ingen som budde her på den tida. Dette tyder på at her har vore busetnad i mellomalderen. Men sidan, og truleg heilt frå Svartedauden, var staden støyl for berdalsbøndene i langsameleg tid, inntil han vart selt ifrå til eit sjølvstendig bruk i 1890, og vart bnr 7 under Berdalen. Bruket gjekk då ut med 4 øre frå Der nede, 4 øre frå Hagen, og 4 øre frå Der uppe, slik at det fekk ei samla skyld på 12 øre.

Tarald Nomeland har tvillaust rett, når han seier at namnet Jeiskeli «må koma av geitskor, ei urt som veks i lier og åkrar» (Bykle kultursoge 1993, 368). I tillegg kan ein godt spandere den vanlegaste nemninga på planta, som er «geiterams», og det botanikkfaglege namnet epilobium augustofolium. Sjølve ordet, geiske, f, er etter Ivar Aasen ein dialektvariant av geitskor. Dermed torer me rekne namnet for tydd, men endå kan det vera gaman å få med seg den folketymologiske tydinga, som er attgjeve hjå Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal II, 8): «I Geiskelidi sat Geiska. Geiska var rik og svær. Ho sat med tolv kyr. Brunnane syner enno, og dei er mura; so kann han sjå for svær ho var.»   Les mer …

Tunet på Berdalen Der nede, sett nedanfrå bygdevegen 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Som namnet Der nede tyder på har dette bruket tunet og jordet beint nedanfor Der uppe, og som det vil ha gått fram, er me samde med den gamle gards- og ættesoga i at Der uppe må vera det gamle hovudbølet, som alle dei andre bruka i garden i si tid har gått ut ifrå. At Der nede likevel har fått bnr 1, vil me oppfatte som tilfeldig.

Når det gjeld tida for den fyrste garddelinga, påsto den dåverande oppsitjaren her i rettssaka 1728, som me fortalde om i bolken om Der uppe, at Der nede var ein gamal øydegard, som heitte Skjerstøyl, og at denne verestaden «alltid» hadde vore eit bruk for seg. Men ettersom retten ikkje fann at dette var noko å leggje vekt på, torer ikkje me heller tru for sikkert på påstanden. Likevel finn me han interessant nok til å nemne, for kanskje bygde han på røynlege tilhøve. I så fall er det ein indikasjon på at Berdalen helst var dela i to bruk alt i mellomalderen.

Men den fyrste kjende oppsitjaren her var iallfall Såve Olavsson, son åt Olav Knutsson.   Les mer …

Dette biletet av den fyrste butikken på Hovdebru vart truleg teke kring 1950. Mannen med hatt er Olav P. Tveiten. Frå Setesdalsmuseet.
Fjellgardstun er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Moland er namnet på den fremre delen av tomta der Fjellgardstun nå ligg. Tidlegare sto her ein butikkbygning som Knut Tarjeisson og Kjetil Sveinsson Hovden sette opp i 1937. I dette huset var bustadrom i andre høgda. Tone Kjetilsdotter Hovden dreiv butikken her inntil ho og Harald Uleberg, mannen hennes bygde ny forretning på motsett side av vegen i 1951 (sjå Urheim, bnr 23).

Butikken her sette Knut og Kjetil då bort til Tordis Nordaberg, som dreiv for dei det fyrste året ho var her. Etter dette gifte ho seg, og ho og mannen hennes kaupte forretninga.

Tordis vaks opp på Edland, som dotter åt Tone og Halvor Nordaberg. Mora heitte Tone Knutsdotter og var fødd Tveiten, og var dermed sonedotter åt Svein Hovden.   Les mer …

A/S Hovden Høyfjellshotell vart skipa i 1935 av ei gruppe investorar frå Kristiansand, som meinte det burde vera god forretning å drive hotell på Hovden. Året etter kaupte selskapet ein parsell på 80 mål hjå A/S Sætersdalen, som på denne tid framleis åtte både bnr 1 og bnr 2 på Hovden. Her skulle hotellet byggjast. Så skjedde, og to år seinare sto det klart til å taka imot gjester.

Starten var prega av optimisme, og det vart m.a. satsa på å spreie vakre bilete av hotellet og omgjevnadene. Difor henta dei hit dei beste fotografane som var å finne, såleis m.a. A.B. Wilse. Men etter kvart synte det seg at det var vanskeleg å få tilstrekkeleg med hotellgjester til at drifta kunne løne seg. Den fyrste hotelldirektøren, som heitte Harald Køhn, slutta difor etter snaue 2 år. Ein ny sjef vart tilsett, men heller ikkje han fekk det til å gå skikkeleg rundt, og etter den tyske okkupasjonen vart det heilt umogeleg.

Frå 1942 var hotellet stengt til krigsslutt, då bortsett frå at tyske militære stundom bruka det. Dei var ikkje berre snille med huset.   Les mer …

Utistoga (Flaten) 5. august 2005.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)
Utistoga eller Flaten er bruksnummer 6 på Breive i Bykle kommune.

Gyrid Torbjørnsdotter og Knut Monsson i Der sø åtte ei samla skyld på tre kalveskinn. I 1814 overdrog dei den eine halvparten av eigedomen sin, det var Der sø, til eldstesonen Knut Knutsson, og sidan sat dei med Utistoga til dei i 1828 tok foddog og overdrog bruket her til den neste sonen i rekkja.Margit B. Breive var frå Gunvaldjord i Haukeli, dotter åt Bjørgulv Jonsson Ormekvålen på den garden og kona, Åsne Haraldsdotter, fødd Kili.

Yngstesonen Torbjørn gifte seg i 1877 med Magnhild, yngste dotter åt den kjende rosemålaren Aslak Ånundsson Vasshus, som måla i Bykle kyrkje i 1826. Aslak var frå Rauland, men budde på ein plass under Haugåsmo i Grungedal, som dei kalla Lunelii. Magnhild var fødd der i 1848, to månader etter at faren døydde. Ho vaks opp med mora og syskena på ein annan plass i Grungedal som heitte Neset. «Det var so vene og snjaale nokre born. Skøyarar var dei nok, dei kalla deim Nesa-revine», skriv Rikard Berge (Vinje og Rauland IV, 326).   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Bykle kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar