Foto: Arnfinn Kjelland (2010) Lodalsulukkene 1905 og 1936 var to rasulukker i Lodalen i Stryn. Til saman omkom 135 menneske, dei fleste som følgje av flommen då steinmassane frå Ramnefjellet raste ut i Loenvatnet. Dei to rasa reknast som dei verste naturkatastrofane i Noreg i nyare tid. Lodalen vart fråflytta etter raset i 1936. Først i seinare tid har nokre få busett seg der; i 2011 budde det to familiar i Bødal.
Det er sett opp ei koparplate ved turistvegen mellom Bødal og Kjenndal, med namna på dei som ikkje vart funne att. Ved Loen kyrkje står det to minnesteinar med namna på alle dei omkomne. På Nesodden vart det reist ein stor kross, nær staden kor det første minnesmerket stod. Les mer …
Sogndal folkehøgskule på Nes i Sogndal (ca 1910). Til høgre Helgheimsstova, no på De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum. Til venstre Hauge-huset som framleis står på skuleområdet.
Sogndal folkehøgskule (Sogndals folkehøiskole) vart skipa i 1871 av presten Jakob Liv Rosted Sverdrup i Sogndal i Sogn og Fjordane. Dette var ein av dei fyrste folkehøgskulane i Noreg og er, nest etter Sund folkehøgskole (frå 1868), den eldste som framleis er i drift.
Folkehøgskulen vart raskt etter starten etablert som eit danningssentrum og eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn. Skulestyrarane og lærarane hadde gjerne framståande posisjonar i samfunnet, somme òg som stortingsrepresentantar, og ei lang rekkje ungdom frå sognebygdene fekk si viktigaste utdanning og kulturelle fostring her. Skulen, som vart skipa på pietistisk grunnlag, har vore eit sentrum for målreisinga i Sogn og Fjordane. Les mer …
Henrik Mohn Dahl (fødd 8. januar 1844 i Bergen, død 19. juni 1909) var teolog, folkehøgskulestyrar i Sogndal og politikar. Framfor nokon var det Dahl som gjorde Sogndal folkehøgskule til eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn dei siste tiåra på 1800-talet. Som Sverdrup sokna Dahl til den lågkyrkjelege vestlandsfløya i Venstre som skipa Moderate Venstre i 1888. Han vart vararepresentant til Stortinget i 1882 og møtte våren 1885. I 1888 vart han vald til representant og møtte 1889-91. I Sogndal var han ordførar 1886-1893. I 1893 skilde han lag med Moderate Venstre, men då var han òg ute av politikken. Den 17. mai 1914 reiste Sogn høgskulelag ein minnestein over Henrik og Mette Dahl på folkehøgskulen. Les mer …
Gamletunet på Kruna sett frå aust.
Kruna (Luster, gnr. 208) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden har gjeve namnet til Krundalen og grensar i aust mot Hellegård og i vest mot Snøtun. Heimane under Kruna sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963. Kruna er ein av to gardar i Jostedalen som er nemnd i mellomalderen, i eit diplom frå 1318-19 der "Asbiorn a Krunu ok Hærmundr son hans" er nemnde. Kruna er dessutan ein av nokre få gardar i Jostedalen der ein har arkeologiske registreringar med dateringar av dei eldste dyrkingslaga. Ei registrering i 2004 viste at garden truleg vart rydda og dyrka opp i fyrste halvdel av 1000-talet. I andre halvdel av 1800-talet, truleg kring 1880, vart det etablert turiststasjon i stova på Kruna. Kronen Turistasjon var eit knutepunkt for turistar som gjekk over breen til og frå Nordfjord. Verten for turiststasjonen, Tøger Larsson Kronen, vart patentførar ei tid etter at Den Norske Turistforening i 1890 innførte patentførarordninga. Frå kring 1880 dreiv han òg landhandel i stova på Kruna. Denne verksemda vart avvikla då han døydde i 1909, men turiststasjonen vart driven vidare. Les mer …
Johannes Flintoe: Krondalen (1834), akvarell. Flintoe var i Jostedalen i august 1822. Dalen er sett frå Haugen med Høgenibba og Bergsetbreen sentralt i biletet. Original i Bergen kunstmuseum.
Krundalen (Krondalen) er eit dalføre, ei grend og ein tidlegare skulekrins i Jostedalen i Luster kommune, Vestland fylke. Krundalen er ein sidedal til Jostedalen. Det er ein flat U-dal 3-400 m.o.h. omkransa av høge fjell som går aust-vest frå bygdesentrumet Gjerde i hovuddalføret og etter knapt 10 km endar i den bratte Bergsetbreen. Strekninga frå den siste garden i Krundalen, Bergset, og fram til breen, vert kalla Bergsetdalen. Andre og mindre brear i Bergsetdalen er Vetledalsbreen, Baklibreen og Tuftebreen.
Gjennom dalen renn elva Krundøla, som går saman med Jostedøla ved Gjerdekvile i hovuddalføret. Sidedalar til Krundalen er i sør stølsdalen Røykjadalen, Tverradalen og Grøneskreda med Vetledalsbreen, og på nordsida Tufteskardet som fører til Tuftebreen. Fjella som omkransar Krundalen, er i sør Dugurdskulen, Tverranibba og Høgenibba, og i nord Kråfjellet og Haugafjellet med Haugavarden. Les mer …
|