Thor Hansson Wraa vart fødd på Gotuholt i Lundevallgrendi i Kviteseid den 2. august 1912. Han var son av Hans Torsson Wraa (1884-1938) og Tårånn Kristiansdotter Fjone (1884-1973). Thor hadde tre syskjen; Thor Hansson Wraa d.e. (1910-1911), Signe Marie Hansdotter Wraa (1916-1999) og Kristian Johan Hansson Wraa (1918-2003).
Thor var gardbrukar på Gotuholt i alle sine dagar. Etter at faren døydde budde han her i lag med mora og sine to syskjen, Signe og Kristian. Mora døydde i 1973, og då tok syskjenflokken over garden. Alle tre var ugifte og ingen hadde ungar.
På garden hadde dei hest, kyr, sau og høner. Thor var født med ein hoftefeil, og sleit difor med det fysiske arbeidet. Kring 1960 reiste han til Oslo for å operere, men operasjonen vart mislukka. Han verka meir som ein administrator på garden, der det var broren som gjennomførte det tyngste arbeidet.På garden dreiv dei med tømmerhogst og tømmerkøyring i gamal stil, i tillegg til det vanlege jordbruket. På garden var det også eit gamalt bygdemeieri i kjellaren, men dette vart truleg avvikla omlag då faren døydde i 1938. Les mer …
Telemark Folkehøgskule låg der Kvitsund Gymnas ligg i dag. Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Telemark Folkehøgskole vart skipa i 1880 av Viggo Ullmann, seinare stortingspresident og amtmann i Bratsberg. Skulen starta opp på garden Bjørge i Seljord. Drifta vart flytt til Utsond i Kviteseid i 1914.
Viggo Ullmann sin skule i Seljord hadde eit førespel, da folkehøgskulepioneren Olaus Arvesen heldt skule for 80 elevar på Bjørge i året 1878-1879. Som medlærarar hadde Arvesen Oddmund Vik, seinare statsråd og fylkesmann, og nordlendingen P. Pedersen.[1]
I 1880 starta så Viggo Ullmann sin skule i Telemark. Skulen hadde som formål å gje bygdeungdom ei meir yrkesretta utdanning. Det fyrste året heldt han til på same staden som Arvesen hadde halde til, Bjørge i Seljord. Det var 70 elevar, 48 gutar og 28 jenter. Lærarar ved sida av Ullmann sjølv var førnemnde Oddmund Vik og Kr. Førland. Andre året var skulen i Drangedal, og vinteren 1882-83 i Vinje. Skulen fekk fast tilhaldsstad da Telemarkens Folkehøiskoles Aktieselskab kjøpte Utgarden (gnr. 45.6) i Seljord i 1885. Frå 1890 vart undervisninga halden i den nye bygningen Borgen på Utgarden. Les mer …
|