Waisenhuset i Trondheim Foto: Jensens (2007)
Waisenhuset i Trondheim, opprinnelig Det Trondhjemske Waisenhus, er en stiftelse for understøttelse av foreldreløse barn, og som ble etablert i 1732 ved en sammenslåing av Barnehuset og Blåskolen. Økonomien ble styrket da Thomas Albertsen Angell, som døde i 1767 uten livsarvinger, bestemte i sitt testamente at stiftelsen skulle få ⅙ av avkastningen fra Thomas Angells Stiftelser. På Blåskolens tidligere tomt like ved Nidarosdomens vestfront (dagens adresse Kongsgårdsgata 2, fram til 1995: Arkitekt Christies gate 2), ble det til formålet først reist en bygning i 1732 på denne tomten, men denne ble revet da dagens bygning reist i årene 1772-1773, bygget under ledelse av Heinrich Kühnemann. Les mer …
Gabriel Lund. Kunstnar ukjend. Gabriel Jochumsen Lund[1] (fødd i Farsund 4. oktober 1773, død i Trondheim 2. november 1832) var forretningsmann, konsul og postmeister, eidsvollsmann og stortingsmann, og hadde også teologiske studiar bak seg i ungdomen. Han tilhøyrde eit dominerande forretningsdynasti i fødebyen, og Gabriel Lund sjølv var den fyrste som budde i den kjende patrisiarbustaden Husan.Han var son av «Farsunds grunnleggjar», kjøpmann, skipsreiar, godseigar m.m. Jochum Brinch Lund (1743-1807) og Inger Marichen Lund fødd Luth (1744-1810). Gabriel hadde fem eller fleire sysken. Han var svoger til eidsvollsmannen Just Henrik Ely, som var gift med Lunds syster Caroline Nicoline Lund. Gabriel Lund gifta seg i Farsund 23. april 1802 med tremenningen sin Gidsken Edvardine Røring Lund (døypt i Farsund 13. juni 1781, død same stad 2. januar 1841). Ho var dotter til kjøpmann Søren Bruun Lund og Anne Else Benedikte Bugge. Ekteparet flytta truleg inn i søre fløya i det nybygde paleet Husan da dei gifta seg. Jochum Brinch Lund hadde bygd dette med tanke på sine to søner Gabriel og Ebbe. Sistnemnde flytta inn i den andre halvparten av bustaden litt seinare. Les mer …
Dagfinn Slettan (født 13. november 1941 i Holum i Vest-Agder, død 5. juni 1999 på Karmøy) var ein av høvdingane i norsk lokalhistorie dei siste par tiåra av 1900-talet. Slettan hadde lærarskule før han tok hovedfag i historie ved Universitetet i Trondheim i 1972 med hovudoppgåva Søren Jaabæk og bondevennbevegelsen i Lister og Mandals amt. Ho kom seinare ut som bok på Universitetsforlaget.
I åra etter avlagt hovudfagseksamen var Slettan m.a. dels assistent og dels vikar for professor Edvard Bull. I 1978 ble han tilsett ved Trøndelag folkemuseum som «trønderamanuensis», ei stilling som var delt mellom universitetet og museet, der han skulle støtte opp om den lokalhistoriske verksemda i trøndelagsfylka i brei forstand. Dette var eit arbeid han gjekk inn i med stor entusiasme og gode resultat. Les mer …
Viet-Nor var ein innvandrarbutikk i Søndre gate 9 i Trondheim. Butikken vart etablert i 1984(?) av vietnamesaren Nuu Nguyen, som nettopp hadde komme flyttande til Trondheim med familien sin. Butikken var den første innvandrarbutikken i Trondheim og markerte seg med det rike utvalet av søraustasiatisk og kinesisk mat så vel som med billigare mat enn det trondheimarane var vant med på den tida. Butikken vart nedlagt i 2002?. Søndre gate 7 og 9 vart totalskadd i brannen natt til 30. juli 2004. Les mer …
|