Forside:Tustna

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: Hustadvika • Sunndal • Tingvoll • Gjemnes • Averøy • Kristiansund • Surnadal • Smøla • Aure • Heim • Rindal
TIDLIGERE KOMMUNE: Tustna • Stemshaug

Om Tustna
Satellittfoto av den tidlegare Tustna kommune. Tustna er den store øya kring midten og til venstre i bildet.

Tustna var den største og mest folkerike øya i den tidlegare Tustna kommune. Sidan kommunesamanslåinga den 1. januar 2006 har øya vore ein del av Aure kommune. Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på» + akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:

  • «E ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
  • «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)

Namnet vart oftast skrive Tusteren på dansk på 1800-talet. På nederlandske kart og bøker frå 1600-talet finst namnet i forma Toster Poster, Ooster Poster og Toester. Det er vel rimeleg å tenkje seg at Toster Poster er ei feiltolking av ei (ukjent) eldre kjelde med namn Toster Þoster. Ein antek at namnet kjem av norrønt Þústr (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.   Les mer ...

 
Smakebitar
Nautsundet (Nordheimsundet) mellom Stabblandet (nærmast kameraet) og Solskjelsøya sett frå åsryggen Nauthatten.
Foto: Olve Utne
(februar 2012)
Under forliset i Nautsundet (no Nordheimsundet) mellom Solskjelsøya og Stabblandet i noverande Aure kommune på Nordmøre måndagen den 24. januar 1876 omkom to mann. Dagen føre, søndagen den 23. januar, hadde tre båtlag på veg frå Surnadalen og Kvenna (Kvanne) til Veiholmen på skreifiske lagt seg til ved Skomakarøya (Solskjeløygarden). På måndagsmorgonen begynte det å blåse opp, og fem mann frå det eine av dei to surnadalsbåtlaga la utpå i ein trirøing for å sikre seglet på storbåten.   Les mer …

«Johanna» malt av Daniel Hagerup.
«Johanna» av Indresæter er ei hardangerjakt som vart bygd i 1892 på verftet åt Gjermund T. Øvrevik ved Sålåsundet på Tustna. Jakta gikk i slofart på Lofoten og Finnmarka — med salt nordover og fisk salta rett i lasterommet sørover att. Skipper frå 1916 til 1937 var Hans T. Gimnes. Jakt «Johanna» vart selt til Erling og Haakon Taftø ved årsskiftet 1937/1938; skroget vart forlenga og ho vart avrigga og gjort om til motorfarty. I 1980 vart ho selt til Egil Torhus i Mosjøen. I 1992 vart ho kjøpt av Norway Yacht Charter i Oslo, og i dag er ho rigga som brigantin og bruka til turar på Oslofjorden. Laurdagen den 9. juli 2016 rente ho i land og sokk på grunt vatn ved Nesoddtangen. Alle 156 som var ombord vart berga. Tysdagen den 12. juni vart skuta heva, og eigarane seier dei vil gjera alt for å få ho i drift att.   Les mer …

Fårøya.
Foto: Olve Utne
Fårøya, Forrøya eller Furøya, lokal uttale ["fɔɾˌʌya] (nominativ/akkusativ), ["fɔɾˌʌ:’n] (dativ), er ei øy som ligg vest-sørvest for utløpet av Tømmervågen på Tustna i Aure kommune på Nordmøre. Holmen gjev Tømmervågen noko ly for sørvest-vêret, og han har vorte bruka som beite til sauer. Tidleg på 1900-talet vart det tørka kleppfisk der, og det er framleis mange støypte sementstiar kring på Fårøya. Bryggja (sjøhuset), som låg nærme søraustenden av Fårøya, stod til nedfalls i 1970-åra. På nordsida av Fårøya ligg den litle holmen Litl-Fårøya.   Les mer …

Finvêr på Edøyfjorden. Vi ser sjølve Edøy-garden og Edøykyrkja i bakgrunnen.
Foto: Olve Utne
Edøyfjorden er den yttaste delen av Trondheimsleia og ligg mellom Solværet, Kuli og Edøya utom leia og Tustna, Solskjel, Ertvågsøya og Grisvågøya innom leia. Edøyfjorden utgjer den «sørlege» (eigentleg vestlege) inngangen til den hovudsakleg innaskjers Trondheimsleia frå Griphølen og Talgsjøen. Vidare «nordover» (eigentleg austover) dannar den inste delen av Ramsøyfjorden mellom Smøla og Hitra overgangen til den delen av leia som berre blir kalla Trondheimsleia. Edøyfjorden har vore strategisk viktig i alle fall frå vikingtida av. Vi kan som eksempel nemne slaga ved Solskjel kring 900; slaget ved Solskjel i 1206; Edøya som lenssete på 1300-talet; trefninga i Hammarsunda 9. april 1537; dei tyske forsvarsstillingane frå andre verdskrigen ved Edøy gamle kyrkje; og Shetland-Larsen si minelegging av Edøyfjorden med MK «Nordsjøen» i 1941.   Les mer …

Skulehuset frå 1952.
Foto: Olve Utne
Leira skole er ein skule for 1.-4. årskull, lokalisert på Leira på yttersida av Tustna i Aure kommune. Skulen tilbyr SFO og leksehjelp, og dessutan er førskuleavdelinga av Steinhaugen barnehage lokalisert der. Den første skulebygninga på Leira vart bygd i 1875. I 1952 vart det bygd nytt skulehus på staden. Fram til 1960 vart skulen også bruka som lokale for framhaldsskulen på Tustna.   Les mer …

Fuglsnes og Litløra sett frå Viavikneset på Ertvågsøya.
Foto: Olve Utne

Fuglsnes (IPA ['fʌ:ʂˌnes:ɜ], dat. ['fʌ:ʂˌnes:a]), òg skrive Fugelsnes, er ein matrikkelgard på Stabblandet i Aure kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal.

Garden ligg på vestsida av Imarsundet og grensar til Blomtua i sør og Hola i nord. Indre Fuglsnes låg som alsgard under bnr. 2 av Indre Fuglvågen på Ertvågsøya frå 1761 til tidleg i 1820-åra. I 1841 kjøpte Ola Johannesson Ørbog, som hadde vore gardmann på Indre Fuglsnes sidan han vart gift med enkja der i 1834, Ytre Fuglsnes av Peder Foss i Karlsvika som tilleggsjord.   Les mer …
 
Kategoriar for Tustna


 
Andre artiklar