Futen sin utgiftspost for avrettinga av Kari Nyrnes. Transkribert: «Giffued skarpretteren aff Opsloe for en Throldquinde wed naffn Karin Nyrness hannd effter en 12 mands dom, wed Ild og brand haffuer heeden Retted. Penninge - v dr. r» Kjelde: Akershus lensrekneskap 1623-1624. Kari Nyrnes var ei kvinne frå Lom som vart dømd for trolldomsutøving og brend på bålet i 1623 eller moglegvis i 1624. Det vi veit om henne, er berre det som framgår av ein utgiftspost i futerekneskapen for Gudbrandsdalen for rekneskapsåret 1623-1624.Gardsnamnet Nyrnes som etternamn peikar mot at ho budde på denne garden. Ho kan for den saks skuld ha vore gardkona der, men det er sjølvsagt uvisst. Les mer …
Hytta ved Pollvatnet. Hildur og Jo Turtumøygard sitjande til høgre.
Jo Turtumøygard (fødd i Lom 18. mars 1898, død same stad 5. januar 1984) var lærar. Han hadde mangfelte interesser, og var aktiv på mange måtar innan kulturliv, organisasjonsarbeid og generelt samfunnsengasjement. Ikkje minst er han kjend som ein forkjempar for lokalt kulturvern. Særleg arbeidet i Lom heimbygdslag og bygdemuseet opptok han sterkt i seinare år. Han har mykje av æra for at heimen til Tor Jonsson vart teke vare på og gjort til museum. Turtumøygard var ein nær ven av den ein god del yngre diktaren.
Les mer …
Anne Eggen (fødd i Lom 28. desember 1852, død på Sannerud i Stange i 1917) var ein pioner i kvinnesak og politikk i Lom. Ho var truleg den fyrste kvinna i landet som var leiar i eit politisk partilag, da ho i 1894 vart vald til «formand» i Loms Venstreforening. Det var sju år før kvinner fekk avgrensa røysterett ved kommuneval, og nær 20 år før kvinner fekk full statsborgarleg røysterett på linje med menn (1913). Les mer …
Hovudbygningen på Grinder. Halvor var 13 år gammal da denne bygningen stod ferdig. Foto: Ukjent. Halvor Arntzen (fødd i Grue i Solør 27. september 1756, død i Christiania 19. oktober 1832) var utdanna teolog. Han var kapellan fleire stader før han vart sokneprest, fyrst i Lårdal så i Lom.
Foreldra var proprietær og krigsråd Ole Arntzen (1731-1811) på storgarden Grinder i Grue og hans fyrste kone Karen Pedersdotter Vøyen (1733-1769). Båe foreldra kom frå bondefamiliar, men Ole Arntzens krigsrådstittel vitnar om at dei sjølve hadde avansert sosialt til kondisjonert stand.
Halvor hadde 11 sysken som voks opp, og fem halvsysken frå farens andre ekteskap med Marthe Hansdotter Gjerdrum. Syskenflokken, iallfall gutane, fekk uvanleg god utdanning. Foreldra heldt huslærarar som gav dei grunnutdanninga. To av brørne/halvbrørne til Halvor vart teologar som han sjølv, fem vart juristar, ein filolog og tre offiserar. Ein av halvbrørne var høgsterettsassesor, stortingsmann og statsråd Andreas Gjerdrum Arntzen. Les mer …
|