Forside:Nordmøre

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Faksimile fra Tidens Krav 21. juni 1990; utsnitt av omtale av at Ove Borøchstein og Jahn Teigen skulle utgje Snakk sammen : en samtalebok for ungdom.
Ove Borøchstein (født 16. juni 1949, død 3. juni 2013) var ein lærar, musikar og forfattar med røter blant anna i det jødiske samfunnet i Kristiansund. I ungdomsromanen Svart natt (1994), der ei av hovudpersonane er av jødisk slekt, tok han blant anna opp problemet med nynazisme. Boka J : historien om kristiansundsjødene (2000) er ei fyldig skildring av det jødiske samfunnet i Kristiansund frå det vaks fram først på 1900-talet til det vart øydelagt av nazistane under andre verdskrigen.   Les mer …

Rørossamisk, òg kjent som herjedalssamisk eller sørlig jämtlandssamisk, er den sørligaste av dei tre overlevande hovuddialektane av sørsamisk — og den sørligaste av alle dei nolevande samiske dialektane. I Noreg blir rørossamisk tradisjonelt snakka i området frå Nord-Østerdalen og Trollheimen i sør til Tydalsområdet i nordaust, og i Sverige blir han snakka så langt sør som i Idre og Särna. Blant dei mest kjennspake trekka kan nemnast bevart m i endingar der nordligare dialektar har svekking til b, så vel som mykje overgang frå -oe til -a i endingar. Andre viktige trekk er gjennomgripande palatalisering av s til sj føre fremre vokal (goåssjie (gåessie)); hyppig overgang a > sj føre n (Nörjisjn (Nöörjesne), sjeæterisjnie (seaterisnie)) og t (Sjtaala (Staaloe), sjisjtie (sistie)); så vel som ein del apokope av korte vokalar.   Les mer …

Fuglsnes og Litløra sett frå ViaviknesetErtvågsøya.
Foto: Olve Utne

Fuglsnes (IPA ['fʌ:ʂˌnes:ɜ], dat. ['fʌ:ʂˌnes:a]), òg skrive Fugelsnes, er ein matrikkelgardStabblandet i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal.

Garden ligg på vestsida av Imarsundet og grensar til Blomtua i sør og Hola i nord. Indre Fuglsnes låg som alsgard under bnr. 2 av Indre Fuglvågen på Ertvågsøya frå 1761 til tidleg i 1820-åra. I 1841 kjøpte Ola Johannesson Ørbog, som hadde vore gardmann på Indre Fuglsnes sidan han vart gift med enkja der i 1834, Ytre Fuglsnes av Peder Foss i Karlsvika som tilleggsjord.   Les mer …

Johannes Berven spelar på fjølfela si.
Foto: Olve Utne (1995)
Johannes Berven (18991996), mest kjent som Jóanes Trø’n eller Bærven lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelemann frå Trøa under InnersetraTustna i noverande Aure kommuneNordmøre. Johannes Hilmar Gjermundson Berven vart fødd som den yngste av fem sysken den 18. mars 1899. Johannes tok over Trøa i 1924. Han dreiv jorda, fiska og arbeidde i smia, og i tillegg tok han over telefonstasjonen etter far sin. I 1945 tok han over postkontoret i bygda òg, og han dreiv det til det vart nedlagt i 1971. Da Johannes var kring tolvårsalderen, altså kring 1911, bygde han seg si eiga fjølfele.   Les mer …

Magnhild Almhjell i 1948.
Magnhild Havdal Almhjell (18941985) var ein folkemusikkutøvar frå TingvollNordmøre. Magnhild Havdal vart fødd den 11. juni 1894 i Oppigarden i Havdalen inst i Tingvoll kommune på Nordmøre. Mora, Karen Havdal, dødde i 1895, berre 23 år gammal. Etter at Magnhild miste mor si, vaks ho opp hos besteforeldra på Havdal. Ho fekk mykje tradisjonsstoff frå morfaren, Kristoffer Knutson Havdal (18221912), og av mormora, Magnhild Eriksdotter Havdal, f. Valset (Ålvundeid) (18411942), lærte ho mange gamle tonar.   Les mer …

Peder Rensvik ved orgelet i Nordlandet kirke.
Foto:  Olve Utne, november 2009.
Kantor Peder Rensvik (19372023) var en organist og dirigent fra RensvikFreiøya i Kristiansund kommuneNordmøre. Han var fast dirigent for Kristiansund symfoniorkester fra 1969 til 1995. Peder Rensvik var initiativtaker og festivalsjef for Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar