Forside:Fræna

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Fræna kommune»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal
TIDLIGERE KOMMUNE: Eide • Fræna

Om Fræna
1548 Fraena komm.png

Fræna kommune er ein tidlegare kommune som den 1. januar 2020 vart ihopslegen med den tidlegare Eide kommune til Hustadvika kommune. Fræna ligg ut mot Atlanterhavet og var ein av kystkommunene i Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Innbyggjarane blir kalla fræningar. Fræna var Møre og Romsdals største jordbrukskommune og har lange tradisjonar både med fiske og jordbruk som er dei tradisjonelle næringsvegane der. Fræna grensar i sør-vest til Julsundet i Aukra kommune og i sør til Molde kommune. I aust grensar Fræna til Eide og Gjemnes.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Hustad kyrkje.
Foto: Halvard Hatlen
Hustad kyrkje er ei einskipa langkyrkjeHustad i Fræna kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1874 og bygd i treverk. Ho har 450 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.   Les mer …

Myrbostad kyrkje.
Foto: Halvard Hatlen
Myrbostad kyrkje er ei einskipa langkyrkjeIndre Fræna i Fræna kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1880 og bygd i treverk. Arkitekt var Johannes Henrik Nissen. Kyrkja blei restaurert i 1973. Ho har 450 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.   Les mer …

Vågøy kyrkje er ei einskipa langkyrkjeYtre Hoem i Fræna kommune i Møre og Romsdal fylke. Ho er frå 1904 og bygd i treverk. O. Havnæs var arkitekt. Kyrkja blei restaurert i 1984. Kyrkja har 550 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.   Les mer …

Anders Sandvig fotografert på Maihaugen.
(1929)
Anders Sandvig (født 11. mai 1862 i Bud, død 11. februar 1950Lillehammer) var tannlege og museumsgrunnlegger. Han samla gårdsbygninger og antikviteter, og grunnla De Sandvigske Samlinger i 1887, bare 25 år gammel. I 1904 ble samlingen gjort tilgjengelig for publikum på Maihaugen i Lillehammer. Sandvig var selv direktør for museet fram til 1946. Han var sønn av fiskerbonden Sjur Sandvig og Maren Knudsdotter Hustad. Han vokste opp i Hustad i dagens Fræna kommune, som fram til 1918 tilhørte Bud kommune. Det viste seg at han var lite sjøsterk, så det å følge i farens fotspor som fiskerbonde gikk ikke. Han kom i stedet i lære hos en gullsmed i Kristiansund. En av oppgavene gullsmedene hadde på den tida var å utføre gullarbeidet for tannleger. Dette var blant oppgavene lærlinger raskt kunne settes til, og Sandvig kom dermed i kontakt med tannlegeyrket.   Les mer …

Handelsskipsforliset ved Bud, rett sørom Hustadvika, i Romsdal kring slutten av 1700-talet var ukjent fram til skipsvraket vart funne i 2003. I samband med Ormen Lange-utbygginga vart det gjort marinarkeologiske undersøkingar langs traséen til den planlagte gassrørledninga frå Ormen Lange-feltet til Nyhamna under regi av NTNU Vitenskapsmuséet ved professor Marek E. Jasinski. På 170 meters djupn mellom Bud og Aukra fann dei vraket av eit kring 30 meter / 100 fot) langt skip. Det vart gjort omfattande marinarkeologiske undersøkingar ved funnet i 2004 og 2005. På grunnlag av lasta, som inkluderer over 1 000 vinflasker, tre kompass, to oktantar, kinesisk porselen og mykje organisk materiale — truleg matvarer som mjøl, sukker eller liknande. Arkeologane fann tretti myntar — éin nederlandsk og resten russiske frå Katarina II av Russland (tsarina frå 1762 til 1796) si tid.   Les mer …

 
Sjå òg


 
Kategoriar for Fræna
ingen underkategorier
 
Andre artiklar